Trange rammer

TEATER

NULLPUNKTET: Når byen brenn, blir alt anna uvesentleg for dei tre skulejentene, også ballet som skulle ha vore dagen etter. FOTO: ESKIL BJERKESTRAND, TINGH

«Brannen»
Teatret Vårt, Arbeideren, Ålesund
Av: Liv Heløe
Regi: Odette Bereska
Scenografi, lys og kostyme: Anja Furthmann
Komponist og lyddesign: Cisser Mæhl
Teknologi: Ben Kirman
Videodesign: Sara Artang
Med: Amalie Ibsen Jensen, Ingrid Myhre Løvik, Anne Wiig og Jørn Morstad

Når premissen om å lage interaktivt og digitalt teater blir for styrande, blir bybrannen i Ålesund diverre redusert til eit bakteppe.

«Ikkje sia Ålesund brann» er eit norsk munnhell i tydinga at noko slikt har ikkje skjedd på lenge. Jamvel om det er 120 år sia den store bybrannen, lever uttrykket framleis. Det seier noko om kor skilsetjande denne hendinga var. På grunn av fisket og fiskeindustrien blei folketalet i Ålesund meir enn trettidobla på siste halvdel av 1800-talet, og små trehus spratt opp tett i tett som ei gedigen brannfelle. Natta til laurdag 23. januar i 1904 tok det til å brenne i sentrum. Det var sterk storm og brannen spreidde seg raskt. I løpet av dagen brann 850 av byens 1080 hus ned, meir enn 10 000 menneske blei huslause, og dei fleste mista alt dei åtte. Ved eit storslått hjelpearbeid blei byen bygd opp att i løpet av berre tre år, denne gongen i mur, og i jugendstil som var datidas rådande arkitekturretning.

Ei slik dramatisk hending fortener sjølvsagt ei teateroppsetjing. På oppdrag frå Teatret Vårt, og under paraplyen til det EU-støtta prosjektet «Play-On!», har dramatikaren Liv Heløe skrive «Brannen» som hadde urpremiere torsdag. «Play-On!» er eit samarbeid mellom fleire europeiske teater og universitet for å forstå, utforske og nytte digital teknologi for slik å skape nye opplevings- og formidlingsmodellar. Dette har sjølvsagt vore særs førande for framsyninga i Ålesund, og etter mitt syn i for stor grad, slik at det har gått ut over både formidling og innhald.

Framsyninga er spesielt mynta på aldersgruppa 12-13 år, og er ei pedagogisk reise attende til januar 1904. I foajeen i Arbeideren blir vi møtte av tre ungjenter. Dei tar oss med opp i salen der vi blir gjeste-elevar i ein time i perspektivteikning. Jentene går i 2. klasse på middelskulen, og før læraren, lektor Brekke (Jørn Morstad) kjem inn, får vi ei litt omstendeleg innføring i dagleglivet på den tida. Det er fredag 22. januar 1904, og alle tre er opptekne av ballet som skal finne stad dagen etter. Klasseskilnadane er store, og Ingeborg (Amalie Ibsen Jensen) som er dotter av ein pelshandlar, har vondt for å skjøne at Dagny (Anne Wiig), som er farlaus, ikkje har råd til å gå på ball. Medan Karen (Ingrid Myhre Løvik) som dotter av ein brannmann, er økonomisk ein stad midt i mellom, og er rebellen med størst innsikt i klasseskilnadane. Så tek undervisninga til, og vi får oppleve disiplin og kustus frå ei anna tid før vi blir med kvar vår av dei tre jentene til eit grupperom, får smarttelefonar, og så blir med på ein historisk rundtur i Ålesund. Den går etter kvart over i ei fysisk vandring i bygatene. Vi stoppar opp, får kviss frå historia og svarar med å taste på mobilen, før vi også får hovudtelefonar. Då først, etter halvannan time, kjem vi til brannen og høyrer om dramatiske hendingar medan vi skal svare på meir etiske spørsmål om kva som er rett å gjere i slike situasjonar.

Gitt dei strenge rammevilkåra, har Liv Heløe skrive eit drama som gir ei rik og pedagogisk miljøskildring av tida rundt bybrannen, om klasseskilnadar, skuledisiplin og kva som opptok ungdomen. Den digitale kvissen reiser gode etiske spørsmål å ta stilling til for målgruppa. Dei fire skodespelarane gir truverdige rolletolkingar, både av den autoritære læraren, og dei tre ungjentene og deira håp, bakgrunn og motsetnader. Og korleis ein nådelaus brann til slutt set dei attende til eit nullpunkt der alt anna enn å vere i live, er uvesentleg. Men dei får litt for lite å spele på, og blir meir guidar enn skodespelarar. Det største problemet i denne framsyninga ligg i dei digitale føresetnadane. Den tyske regissøren Odette Bereska har arbeidd med prosjekt som «Play-On!» sia 2001. Ho har openbert større lojalitet til premissane enn til historia. Då blir det for mykje vandring, skjermbruk og miljøskildring, og for lite om sjølve brannen. Eg stiller og spørsmål om nytta av alt det digitale. Det er sikkert kult, men mykje kunne vere oppnådd på anna vis. Og i regnvêret i Ålesund var det ikkje all tastinga som gjekk like greitt. «Brannen» er blitt ei god interaktiv innføring i ungdomens liv for 120 år sidan, men som skildring av bybrannen kjem framsyninga ikkje i hamn.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 1. oktober 2024.)

Leave a Reply