Ein forrykande såpeopera

TEATER

ABSURD: Nonnene i siste akt blir sjølvsagt spela av menn. FOTO: VANGELIS KALOS

«Bizarra: En argentinsk saga I-V»
Bizarra AS, Rosendal Teater
Av: Rafael Spregelburd
Omsett av Bente Teigen Gundersen
Regi og adaptasjon: Alessandra Felli
Scenografi: Alessandra Felli, Nicola Lolli, Denise Massman og Nils Christian Hamsund Boberg
Kostyme: Denise Massman og Alessandra Felli
Komponist; Egil Strand Wikdahl
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Med: Viola Othilie Tømte, Kristine Hagensen, Bjørg Sofie Eline Sætre, Theresa Carlsen, Øystein Schiefloe Kanestrøm, Haakon Mustafa Akdokur Smestad, Kristin Lundemo Overøye, Herman Lepsøe Ohrvik, Fredrik Paalssønn Aakerhus og Joakim Nesvik

Ein velspela leik med sjangrar og teaterets mange ulike verkemiddel, og ei absurd, mangefasettert og underhaldande historie vi berre må få sjå resten av.

På Rosendal kan ein denne helga oppleve eit ganske annleis teater, ein argentinsk såpeopera i fem akter, ei absurd, fornøyeleg og overraskande velspela historie som, trass at framsyninga varar meir enn fem timar, berre er dei første fem av heile ti episodar. Om vi nokon gong får sjå dei siste ti, er uvisst, men det bør bli eit folkekrav, for dette var stor underhaldning, – og mykje meir.

Argentina opplevde rundt tusenårsskiftet ei økonomisk krisetid, og på bakgrunn av den, skreiv den argentinske dramatikaren, skodespelaren og regissøren Rafael Spregelburd (f. 1970) «Bizarra», ein såpeopera i ti akter som i sjangerens tradisjon blei sett opp som eit episodisk drama der dei så vidt eg har forstått, spela ein episode per veke. Dette skjedde for tjue år sia i Argentina. Nå har den italienske regissøren Alessandra Felli fått Bente Teigen Gundersen til å omsetje dei fem første episodane til norsk, og laurdag var det norgespremiere på ein skikkeleg teatermaraton på Rosendal Teater.

Historia er, som i beste såpetradisjon, ei mangslungen forteljing med eit omfattande persongalleri, absurd og med ei rekkje magiske og okkulte innslag. Men i motsetnad til sjangeren generelt, ligg her også ein tydeleg politisk bodskap i botn. Eg skal fri lesaren frå å fortelje i detalj kva dette handlar om, for det er alt for innfløkt og omfattande, sjølv om det undervegs var relativt greitt å henge med i alle dei ulike lagnadane. Men for å gi eit lite innblikk, så hadde det seg slik at Agnetha Fältskog (frå ABBA) i si tid fødde eit tvillingpar i Argentina. Dei to, Candela og Velita, blir skilde ved fødselen, og Agnetha blir treft av eit lyn, gløymer det heile og reiser heim til Sverige og songkarrieren. Candela (Kristine Hagensen) veks opp i rikdom hjå ein kunsthandlar medan Velita (Viola Othilie Tømte) bur i ein fattig og kriminell forstad, og jobbar på eit slakteri som blir nattklubb (les: horehus) om kvelden. Candela har mista smak og luktesans, men har likevel greidd å finne opp ein parfyme med eit enormt salspotensial. Vi går inn i handlinga når tvillingane er 21 år, og meir skal eg ikkje røpe anna enn at ho er fylt med alle teaterets verkemiddel og element. Det er forviklings- og forvekslingskomedie, det er ein kriminalhistorie, det er djup og eksistensiell kjærleik der alle elskar nokon, men ikkje kvarandre, og you name it.

Scena er eit stort og relativt ope rom med fire-fem ståande trepanel i bakgrunnen, og ein del heimesnekra palleliknande element som blir flytta til og frå. Og så er det nokre absurde telefonar som er ei herleg blanding av smarttelefon og gamle fasttelefonar. I dette scenerommet som skal illudere alt frå rikmannsheim til slum, nattklubb og slakteri, og mykje meir, og greier det forbausande bra, møter vi ti skodespelarar som går ut og inn av eit drygt sekstitals ulike roller, og der det faktisk også er ganske greitt å skilje dei.

Alessandra Fellis regi er ein leik med teaterkonvensjonar, regigrep og sjangrar, og ikkje så reint lite sjølvironisk i tillegg. Spelestilen er ei herleg blanding av lett overspel, metateater, stumfilm (med tale) og Monty Python, berre for å nemne nokre. Gjennom fem akter av snaue timen kvar, med fem minutts opphald, og ein lengre pause mellom tredje og fjerde akt, får vi servert mangslungne historier, overraskande godt framført. Å halde oppe fart og intensitet gjennom fem timar er ikkje enkelt, men berre i tredje akt buttar det litt i dramaturgien når Velita blir «avblomstra». I motsetnad til all humoren og komikken, skulle dette vere ei alvorleg og trist scene, men blei heilt uforløyst, nærast som eit prosaisk referat.

Denne typen teater er på mange vis sin eigen sjanger, og lagar dermed også sine eigne reglar. Slik kan dei forsvare det meste med at det skal vere sånn. Det er greitt, men eg må likevel få nemne eit openbart problem. Når ti skodespelarar skal fylle meir enn seksti roller på ei ganske ope scene, blir det sjølvsagt mange skift. I denne oppsetjinga blir det for mange synlege skift, ommøblering og flytting på element. Eg trur litt meir aktiv og nyansert lyssetjing kunne ha gjort mykje, for då ville vi ha sloppe å sjå skodespelarane snike seg ut og freiste å gøyme seg på sidescena medan dei kledde seg om.

Av dei ti skodespelarane, er det berre eit par av dei eg kan hugse å ha sett tidlegare. Men dei spela alle overtydande med god personinstruksjon og fin distinksjon mellom dei mange ulike rollene. Fem timar i høgt tempo, mange roller og mykje tekst, for ikkje å snakke om timing som er særs viktig i ei slik oppsetjing. Alt dette er krevjande, men blei løyst overraskande godt.

«Bizarra: En argentinsk saga I-V» er ein maraton av ei framsyning, men gjekk forbausande fort. Det skuldast framifrå spel, høgt tempo, god dramaturgi og stor underhaldningsverdi. Komikken, sjangerblandinga, herlege brot med kreativ bruk av metaforma, – alt dette gjorde framsyninga til ei oppleving og stor underhaldning. Og midt oppi alt det fornøyelege, ligg heile tida ein gjennomgåande kapitalismekritikk som gjer at oppsetjinga er langt meir enn berre blott til lyst.

Framsyninga er første halvpart av den opphavelege såpeoperaen, og femte akt avslutta med ein skikkeleg cliffhanger. Det er uvisst om det blir ein del to med dei siste fem episodane, men sjølv meiner eg det bør bli eit folkekrav å få sjå resten.

Leave a Reply