Grødefull, men kravstor

TEATER

MYTEBERAREN: Gammel-Aslak (Svein Roger Karlsen) fortel livaktig om «Krakjen», sjøuhyret på Hustadvika. FOTO: TORE LANGE

«Atlanterhavsspelet»
Teaterdrift Møre, Ergan kystfort, Bud
Av: Jørn Skar
Regi: Eldar Skar
Kostyme: Karin Røstad Sunde og Liv Betten
Koreografi: Thea Bay
Koransvarleg: Marit-Ellen Lund Salthammer
Med: Svein Roger Karlsen, Lars Melsæter Ryjord, Line Brå Johansen, Per Egil Aske, m. fl.

Havet gir og havet tar er mantraet langs kysten, men når vêret er som verst, kan det bli kraftig ubalanse.

Hustadvika, eit snautt 20 km langt havstykke utafor Romsdalshalvøya, er eitt av landets farlegaste og mest lunefulle kystområde. Her er inga innaskjers skipslei, og storhavet står rett på. Skipsforlisa har vore tallause opp gjennom åra, sist med nestenforliset til Viking Sky i 2019. Mange familiar i området har hatt fleire av sine i ein våt grav enn på kyrkjegarden. Men i havet er det fisk, og balansegangen mellom næring og risiko har i hundrevis av år vore del av kvardagen for folket i regionen. Så då Jørn Skar for nokre år sia sette seg føre å skrive eit spel om livet på Bud, ytst ut mot storhavet, hadde han eit vell av historier å ause av. Han har konsentrert seg om nokre hendingar i 1843 og 1848, men lånt frå både myter og sanne historier lengre attende i tid. I regi av produksjonsselskapet Teaterdrift Møre var det urpremiere på «Atlanterhavsspelet» i 2018. Så kom pandemien, men sia 2021 har det vore årvisse oppsetjingar.

Ergan kystfort, på Bud ytst mot havet, er eit tysk festningsverk med full oversikt over skipsleia. Det er blitt restaurert og er i dag museum. Oppe på den høgste kollen, med ein grasbakke, ein tysk bunker og utsikta til havet som naturleg scenografi, er det sett opp eit naust og ei lita losstove. Meir skal ikkje til for å skape den fysiske ramma for djupt lagnadsfulle og eksistensielle historier. At vi på premierekvelden i år hadde sol, tjue gradar og nærast blikstille vêr, og lite som minte om førjulsstorm, trur eg publikum tok på strak arm. Teater er illusjon, og handling og spel gjorde at det likevel var lett å leve seg inn i dei dramatiske hendingane.

Spelet tar oss til den vesle familien til Svein Los (Lars Melsæter Ryjord) på førjulsvinteren 1843. Saman med kona Ingrid og dei to borna, Einar og Marie (Line Brå Johansen), strever han som alle andre for å få endane til å møtast. Ingrid og Einar dreg på julehandel til Kristiansund, men det bles opp, og saman med mange andre døyr Ingrid. Sonen overlever, men er så traumatisert at han sluttar å snakke. I dette vesle samfunnet møter vi også andre, ikkje minst presten (Per Egil Aske) som sjølv har mista ein son på havet, Iver, ein forfylla los som får skulda for at Ingrid omkom, Wilhelm, plassens handelsmann som nokså fåfengd gjer sine hoser grøne for Marie, og mange andre. Med brei pensel målar Jørn Skar ut eit stort menasjeri, og gjennom den mest fargerike av dei alle, greier han å få både varme og humor inn i den elles ganske svarte historia. Maries bestefar, Gammel-Aslak (Svein Roger Karlsen) er myteberaren, dikta opp rundt gamle segner. Det er mykje overtru knytt til slike samfunn der ein alltid lever med døden som næraste nabo, og Gammel-Aslak bringer magien inn i forteljinga på eit forløysande vis. Han fortel om «Krakjen», eit monster på line med Draugen og andre mytologiske vesen. Som ein kaptein Ahab som mista ein fot då Moby Dick beit han av, er Aslak utan eine støvelen etter eit møte med Krakjen for «fleire hundre år sia». Og som Ahab, skal han ta hemn, men gjer det langt meir sjarmerande. Og fangstmetoden får dei minste ungane i publikum til å juble, utan at eg skal røpe meir.

Jørn Skar let oss følgje dette litle kystsamfunnet frå 1843 til 1848, og stort sett gjennom vonde og skrinne år der havet tar langt meir enn det gir. Det gir rom for mykje eksistensiell og religiøs grubling, særleg hjå presten. Havet blir ein fiende, og hatet blir fort også retta mot andre i samfunnet. Sjølv om det både endar med ei forsoning og med mykje humor i jakta på Krakjen, ligg det noko dystert og uforløyst over det heile.

Eldar Skar har regi på årets framsyning. Han har også komponert ny musikk og ført inn eit lite gresk kor til å kommentere og sy dei mange tablåa saman. Det er eit godt grep han med fordel kunne ha nytta i endå større grad. Trass uvanleg stutt prøveperiode og mange lokale og særs unge statistar, er personinstruksjonen god og spelet truverdig og overtydande både frå profesjonelle og amatørar. Men det er noko uforløyst i tekstgrunnlag og regi. Framsyninga er eit breitt sosialt drama med mange forteljingar. Det er Maries lengt etter den verkelege kjærleiken, farens hat etter tapet av kona og ønske om betre kår, prestens grubling og Gammel-Aslaks jakt på Krakjen. I for liten grad greier ein å sy desse historiene saman. Det blir fragmentarisk med for mange tablå. Djupare boring i dei ulike lagnadane og litt meir dramaturgisk tilarbeiding ville ha løfta framsyninga mange hakk. For med den autentiske settinga og det gode historiegrunnlaget i botn har «Atlanterhavsspelet» eit potensial som førebels diverre er litt uforløyst.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 8. juli 2024.)

Leave a Reply