MUSIKKTEATER
«Elden»
Slagghaugane på Røros
Tekst og musikk: Arnfinn Strømmevold og Bertil Reithaug
Regi: Catrine Telle
Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen
Koreografi: Arne Fagerholt
Musikalsk leiar: Skjalg Mikalsen Raaen
Lysdesign: Eivind Myren
Lyd og pyroteknikk: RørosTeknikk AS
Med: Silje Lundblad, Hans Petter Nilsen, Erik Wenberg Jacobsen, Snorre Ryen Tøndel, Peder Ulven, Jo Bjørner Haugom, Mads Tamnes, Tiril Sophie Randen Ramberg, Oda Smit Ødegård, Susanne Herfjord Feragen, Petter Skurdal mfl..
Eit storslagent og spektakulært musikkspel som er noko omstendeleg i første akt.
I løpet av nokre månader i 1718 blir også Trøndelag del av Den store nordiske krigen (1700-21). Svenskekongen Karl XII gir ordre om å ta Trondheim, og general Armfeldt tek seg over Meråker med ein overlegen styrke på 10 000 mann. Natur- og vêrforholda og manglande forsyningar gjer felttoget til eitt av dei mest mislukka og fatale i nordisk historie. Forsyningsgeneralen de la Barre (Erik Wenberg Jacobsen) leiar ei avdeling opp Gauldalen til Røros der det er både mat, husrom og kopar. Ved juletider kjem han fram til bergstaden der verksdirektør Bergmann (Hans Petter Nilsen) har sytt for å gøyme unna koparen. Byens forsvarsstyrke, Bergkompaniet, har tatt seg nordover, og i bergstaden er det nesten berre kvinner og barn att. Det blir ei ganske annleis julehelg. Etter nokre dagar kjem meldinga om at kong Karl XII er død, og svenskane gjer retrett og freistar å ta seg heim over Tydalsfjella der meir enn 3000 soldatar frys i hel.
Dette er det historiske bakteppet for «Elden», skriven av dei to lokale forfattarane og musikarane Bertil Reithaug og Arnfinn Strømmevold, opphaveleg som ein konsert, men i meir enn 25 år oppført som musikkspel, og med eit omfang og nivå som har gjort det til eitt av dei mest populære spela i landet. Historia er mangefasettert og fortel, med lokalt tilsnitt, både om krigens redsler, om samhald, venskap og kjærleik, også på tvers av krigsskillelinene. Det er makt og storpolitikk kombinert med dei nære og personlege relasjonane. Vi følgjer fire svenske soldatar som slett ikkje har lyst til å gå til krig mot grannane, om venskapet deira, men også kva krigen gjer med dei. Vi får presentert ambisiøse militære leiarar og krigens meiningsløyse, og ikkje minst sivilsamfunnet på Røros og ei uvanleg tydeleg og sterk Maren (Silje Lundblad).
På dei enorme slagghaugane, som nesten er ein naturleg scenografi, blir det rulla ut ei rekkje historier der det saumlaust blir veksla mellom storslagne krigsscener og intime kjærleiks- og venskapstablå. Med den naturlege bakgrunnen, og rundt 115 aktørar på scena, blir det mange mektige inntrykk. Og med kort prøvetid og nesten 100 statistar, er det imponerande kor presist og samspela ensemblet er og kor synkront sceneskifta går.
Ulike regissørar har opp gjennom åra lagt vekt på forskjellige aspekt ved historia og konfliktane. I Catrine Telles regi har lokalsamfunnet og dei mange sterke kvinnene som nok bar dei tyngste børene, fått ein markant plass i presentasjonen. Det er eit godt val. Ein viktig grunn til det, er Silje Lundblad si overtydande og forrykande tolking av Maren.
Det er mange historier som skal forteljast, kanskje litt for mange. Catrine Telle nyttar store delar av første akt til å presentere bakgrunnen, og starten blir diverre noko omstendeleg før dramaturgien tek seg kraftig opp etter pause.
Eitt av omdreiingspunkta i oppsetjinga er kjærleiken mellom den unge soldaten Kalle (Peder Ulven) og Ellen (Tiril Sophie Randen Ramberg) som sit att heime i Jämtland med sorg og sakn, og barn i magen. Eit fint brot i oppsetjinga er Arne Fagerholts små velkoreograferte danseopptrinn der Susanne Herfjord Feragen og Petter Skurdal visualiserer kjenslene til dei to unge elskande.
Musikken er nok noko av det som har gitt «Elden» ein så viktig plass blant norske spel. Eitt er at det i utgangspunktet er særs gode komposisjonar. Men med Skjalg M. Raaens arrangement og musikalske leiing er musikken tatt heim til komponistanes røter, og det vekslar nydeleg mellom vakre, vare balladar og heftig rock and roll. Den effektive bruken av trommer minner oss også på det militære aspektet. Songprestasjonane er i tillegg formidable, faktisk også blant statistane og i koringa. Og fremst av dei alle står Silje Lundblad, som ved sia av å levere eit fyrverkeri av ei rolletolking også har ei imponerande stemmeprakt.
Eivind Myrens lyssetjing er eit vesentleg bidrag til å gjere «Elden» til det heilt spesielt spektakulære. Særleg etter solnedgang skapar han eit utal situasjonar, rom og stemningar, og finalen der slagghaugane nærast blir som glødande lava, er nesten magisk og eit flott minne på netthinna når vi går ut i Rørosnatta.
(Meldinga stod i Adresseavisen torsdag 29. juli og i papirutgåva fredag den 30. juli 2021)