Skjelett i alle skap

TEATER

IKKJE SENTIMENTAL: Chopin skal ikkje tolkast sentimentalt, forklarar Charlotte. Og vi kan leggje til at det skal nok ikkje Bergman heller. FOTO: TERJE VISNES

«Høstsonaten»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Ingmar Bergman
Omsett av: Toril Solvang
Regi: Marit Moum Aune
Scenografi og kostyme: Erlend Birkeland
Lysdesign: Eivind Myren
Komponist og lyddesign: Erik Hedin
Med: Janne Kokkin, Mari Hauge Einbu, Maria Omarsdottir Austgulen og Kenneth Homstad

Eit intenst kammerspel der det verbale får spele hovudrolla i eit dramatisk oppgjer.

Det er mange som har eit nært forhold til Ingmar Bergmans film «Høstsonaten» frå 1978, både fordi filmen var særs god, og fordi Ingrid Bergman og Liv Ullmann spela dei to hovudrollene. Det gjekk nesten 25 år før den første sceneversjonen hadde premiere, og i Norge er stykket berre blitt sett opp to gongar tidlegare. Om det skuldast ærefrykt for filmen, skal vere usagt, men Marit Moum Aunes tolking av dette intense kammerdramaet står så absolutt på eigne bein.

Charlotte Andergast (Janne Kokkin) er ein verdsberømt pianist. Nå har sambuaren hennar døydd, og dottera Eva (Mari Hauge Einbu) ser eit høve til å invitere mora heim. Eva har levd eit turbulent liv, men har etter kvart slått seg til ro på prestegarden i Bindal i eit fornuftsekteskap med presten Viktor (Kenneth Homstad). Etter at sonen deira, Erik, drukna då han var fire år, har Viktor tatt til å tvile på gudstrua si. Charlotte på si side var hektisk oppteken med eigen karriere, og så seg ikkje tid til korkje fødselen eller gravferda. Det ho ikkje veit, er at Eva for eit par år sia har henta den sterkt funksjonshemma litlesystera si, Helena (Maria Omarsdottir Austgulen), heim frå institusjonen der mora i si tid parkerte henne. Så kjem utruleg nok Charlotte på besøk i det som skal vere eit hyggeleg møte og kanskje ei forsoning mellom henne og Eva.

Det blir i staden eit opprivande døgn for alle fire, toppa av eit nattleg oppgjer mellom mor og dotter før Charlotte nok ein gong tyr til si vanlege løysing, stikk av frå alt, og Eva sit att med skuldkjensle og kanskje litt meir sjølvinnsikt enn mora.

Bergmans tekst er full av psykologisk innsikt, og i forteljinga avdekker han lag for lag av både Evas, Charlottes og deira felles historie. Det ramlar skjelett ut av alle skap, og sjølv om vi i starten får minst sympati for Charlotte, ser vi etter kvart at problema hennar kan ha gått i arv, og at heller ikkje Eva er berre god. Det blir eit forrykande og tett kammerspel som set store krav til alle på scena, krav dei innfrir til fulle.

I Toril Solvangs omsetjing til god munnleg norsk, og i Marit Moum Aunes stramme og innsiktsfulle regi, er det berre gjort ei forsiktig modernisering samt at dei har lagt inn ein god del humor som ein velfungerande undertekst. Og så har dei stolt på teksten og laga eit drama der det, trass i eit valdsamt og temperamentsfullt oppgjer, likevel er det verbale som får spele hovudrolla. Ved hjelp av små brot, forteljargrep der skodespelarane, og særleg Viktor, vender seg til publikum, og ved at dei tar seg god tid og lange pausar, får Bergmans tekst ekstra tyngd. Til og med musikken får god plass. Når Eva spelar Chopin for mora, og ho etterpå spelar same stykket med ei grundig forklåring om at Chopin skal spelast utan sentimentalitet, får vi ikkje berre presentert brokkar av musikken, men lange passasjar. Det er godt med regissørar som har tillit til publikum, og vil gi oss tid til forståing og kontemplasjon i staden for å pøse på med handling. Og at dei har vald ei finurleg teknisk løysing som får det til å sjå ut som Kokkin og Einbu faktisk spelar sjølve, gjer det endå meir autentisk. Autentisk verkar også Erlend Birkelands smakfulle og enkle scenografi.

Dei fire på scena har henta fram det inste av det dei har av kjensler og spel og leverer med ein intensitet og lågmælt styrke som er av det absolutt beste eg har sett på lenge. Janne Kokkin er både sjarmerande og usympatisk som ei utrygg diva som tek alt for stor plass, og som løyser alle problem ved å stikke av. Mari Hauge Einbu syner eit imponerande register der ho går frå den lågmælt forsonande til den bebreidande, og så attende til den angrande. Kenneth Homstad er særs truverdig som den litt forsiktige tilskodaren til dramaet, og ikkje minst er han avgjerande som forteljar. Og så er det Maria Omarsdottir Austgulen som greier å lage ei vakker og detaljrik tolking av litlesystera, ei oppvising i kva kroppsspråk, blikk og mimikk kan fortelje. «Høstsonaten» på Trøndelag Teater er i alle ledd scenekunst av verkeleg høg klasse.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 3. mars 2020.)

Leave a Reply