Skriven i stein?

TEATER


KEISEMD: Fornuftsekteskap med ein middelmåtig nerd gir lite innhald. FOTO: THOR BRØDRESKIFT

«Hedda Gabler»
Den Nationale Scene, Store scene
Av Henrik Ibsen
Regi og bearbeiding: Anne-Karen Hytten
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Komponist: Nils Økland
Med: Stine Robin, Kim Jøran Olsen, Sissel Ingri Tank-Nielsen, Kamilla Grønli Hartvig, Gerald Pettersen og Kristoffer Sagmo Aalberg

Ei ganske overflatisk og litt for tydeleg framsyning som er langt frå å gi noka ny forståing.

Hedda Gabler er ei av verdsdramatikkens mest gåtefulle roller, ei livstrøytt ung kvinne som har inngått eit fornuftsekteskap med den relativt middelmåtige akademikaren Jørgen Tesman, og som i rein keisemd driv eit intrigespel ho ikkje forstår konsekvensane av, og som til slutt fell for eige grep. Det som gjer dramaet så fascinerande er at Henrik Ibsen legg opp til så mange ulike måtar å forstå Hedda og hennar val på. I Anne-Karen Hyttens regi på Den Nationale Scene i Bergen er det ikkje gjort anna enn overflatiske forsøk på å tolke og forstå, og framsyninga blir som eit fortetta og litt hektisk resymé av intrigen i «Hedda Gabler». Vi får vite kva som skjer, men er aldri nærleiken av noka forståing av kvifor.

I Milja Salovaaras mørke og noko dystre scenografi, og med relativt tidlause kostyme, har ho freista å gjere både intrige og tematikk uavhengig av tid. Og i Anne-Karen Hyttens bearbeiding, er språket modernisert for vidare å understreke det ålmenne. Det er greie og gode val, men verre er det at framsyninga er blitt så fortetta, og sceneskifta skjer så kjapt og umotivert, at det på eine sida kan bli vanskeleg å henge med, og at det i tillegg blir lite rom for spel, dveling, innsikt og forståing. Når Brack (Gerald Pettersen) fortel at Eilert Løvborg (Kristoffer Sagmo Aalberg) har skote seg og vil kome til å døy, blir det nærast berre tatt til etterretning før dei hastar vidare i handlinga. Og når så mye skal inn på så kort tid, blir fleire av aktørane overtydelege sjablongar. Dette går særleg ut over Jørgen Tesman (Kim Jøran Olsen) som er blitt ein karikatur av ein nerd, og Thea Elvsted, Heddas rake motstykke, (Kamilla Grønli Hartvig) som ikkje får rom til å spele ut kjenslene sine.

Hedda er ei kvinne med mange andlet og sider, og det er det uavklåra og dualismen i henne som gjer ho både spennande, nesten mytisk, og fascinerande som tolkingsobjekt. Stine Robin er god og trygg i rolla, og gir oss ei ganske skjør Hedda som spelar ut det gåtefulle på eit vis som både trollbind og forvirrar dei tre mennene som alle er belarar på ulike vis, men det skjøre gjer samstundes at ho også mistar mye av makta over dei. Nokre av scenene med Brack er ganske fornøyelege, og i møta med Løvborg er det teikn til intensitet. Men så skal alt bli så øydeleggjande tydeleg, som der Ibsens seksuelle undertekst til dømes blir reine overgrep, og finalen der scenografien presenterer ei fatalistisk Hedda med ein lagnad skriven i stein.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 28. januar 2019.)

Leave a Reply