Undringstimen

TEATER

RARE DYR: Korkje fugl eller fisk. Men denne likna litt på ein fugl. FOTO: ANDREAS SCHILLE

«Verken Fugl eller Fisk»
Teater Fot, Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Manus og regi: Lise Hovik
Komponistar: Siri Gjære, Tor Haugerud og Rohey Taalah
Scenografi og figurar: Anne Helga Henning og Lise Hovik
Kostyme: Berit Haltvik With og Lise Hovik
Musikarar: Siri Gjære og Tor Haugerud
Med: Gunhild Hjertaas og Ibrahim Fazlic

Ein vakker time der vi fekk undre oss over dei store spørsmåla i verda.

Teater Fot er eit lite teaterkompani i Trondheim, oppretta av Lise Hovik i 2004 for å skape scenekunst for dei aller minste. I dei 14 åra kompaniet har eksistert, har dei ikkje laga så mange produksjonar (De Røde skoene) (Du skal få høre fuglesang), men til gjengjeld har det vore kvalitet av aller beste klasse. Slik er det også denne gongen.

Laurdag var det urpremiere på «Verken Fugl eller Fisk» på Teaterhuset Avant Garden i Trondheim. Målgruppa denne gongen er ungar frå 3 til 5 år, og sjølv om det rett nok handlar om skapinga, evolusjonen og naturens historie, er det opplevinga meir enn narrativet som står i sentrum. Fire kreativt utkledde aktørar kjem ut i foajeen og pratar med barna før vi blir tekne med inn i salen. Han er forma som eit amfi med eit stort kvadratisk teppe, og der ungane sit inntil på alle fire sider. To skodespelarar, Gunhild Hjertaas og Ibrahim Fazlic, held fram med å prate med publikum før dei tar til å fortelje om kor langt attende vi skal. Heilt til alt tok til. I bakgrunnen sit Tor Haugerud på rytmeinstrument, fløyte og klokkespel, og Siri Gjære på rytme-, strengeinstrument, fløyte og vokal og kommenterer det heile musikalsk.

På stilisert, men likevel forståeleg vis, går vi gjennom ulike delar av evolusjonen. Mange merkelege dyr, kanskje korkje fugl eller fisk, dukkar opp. Ved å avdekke lag for lag av teppet som skal illudere ulike tider og nivå, tek dei oss gjennom verdas utvikling. Det meste blir framført med lyder, musikk og fantasispråk, slik at undringa og filosoferinga får næring. Men så får vi plutseleg eit kraftig illusjonsbrot når vi kjem til vår tid der teppet er av plast. Det blir til og med litt action når vi skal fange den vonde plastdronninga. Denne ganske brutale kontrasten riv oss ut av idyllen og undringa, før vi blir tekne attende til ein nydeleg finale der ungane tek over scena for å rydde opp.

Framsyninga er ei fin veksling mellom særs interaktivt og heilt vanleg tilskodarteater. Det seier mye om kor fengslande dette er for dei unge når skodespelarane forlèt det interaktive, og barna straks forstår at nå må dei berre følgje med, og ikkje delta. Og det seier også mye om tilliten aktørane byggjer opp, når dei etter tre kvarter ber ungane entre scena for å hjelpe med å finne og sortere dyr, og nesten alle blir med utan å måtte ha med ein forelder.

«Verken Fugl eller Fisk» er ei vakker framsyning som appellerer til undring, men som også har ambisjonar om å forstå verda i større grad frå naturens enn frå menneskets ståstad.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. april 2018.)

 (Denne produksjonen kjem i to versjonar. Den som hadde premiere laurdag, har undertittelen «Begynnelser», medan den andre versjonen, «Baby becomings», vil ha premiere til hausten. Den er mynta på barn frå 0 til 2 år, og baserer seg berre på musikk, song og rytme og ingen verbal kommunikasjon.)

Leave a Reply