TEATER
«Spelemann på taket»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Joseph Stein, Jerry Bock og Sheldon Harnick
Omsett av: Hartvig Kiran
Regi: Ronny Danielsson
Musikalsk leiing: Åsmund Flaten
Scenografi: Martin Chocholoušek
Koreografi: Roger Lybeck
Kostyme: Annsofi Nyberg
Med: Trond-Ove Skrødal, Silje Lundblad m.fl.
Ei så spektakulær framsyning at det ikkje blir rom for dei gode skodespelarane.
Musikalen om den fromme og velmeinande mjølkemannen Tevye i tsarens før-revolusjonære Russland er sia Norgespremieren i 1968 blitt umåteleg populær. Det er fullt forståeleg, for dette er ei historie med songar som for lengst er blitt allemannseige, og som kan seie oss noko både om storpolitikk og nære relasjonar.
I den vesle jødiske enklaven i Anatevka lever Tevye (Trond-Ove Skrødal), kona Golde (Silje Lundblad) og dei fem døtrene deira fattigsleg, men relativt fredeleg saman med andre småhandverkarar. Trua og tradisjonane står sterkt, men det er ei brytningstid som gir Tevye store utfordringar. Dei tre eldste døtrene vil alle gifte seg utan farens avgjerd eller parmakarhjelp. Det går bra med dei to første (Mari Hauge Einbu og Siri Schnell Juvik) som berre bed om å få følgje hjartet. Men når den siste (Maria Omarsdottir Austgulen) vel seg ein ikkje-jøde, blir det for mye, sjølv for mannen med det store hjartet. Men det politiske bakteppet er langt meir alvorleg. Det er stor sosial uro og kraftige pogromar der jødane til slutt blir flyktningar i eige land. Parallellane til dagens flyktningsituasjon er meir enn openberre.
Regissøren Ronny Danielsson hadde stor suksess med «The Sound of Music» på Trøndelag Teater i 2015, ei stram og særs rein oppsetjing. Denne gongen har han vald å lage show. Sjølv om resultatet er absolutt underhaldande, gjer det at innhald og spel i stor grad druknar i scenografiske og lyd- og lyseffektar. Vi er framleis i tsarens Russland, men familien bur i ein utrangert campingvogn og køyrer radiobil. Meininga er sikkert å ålmenngjere innhaldet, men saman med eit utal relativt uforståelege installasjonar, blir det i staden ganske surrealistisk, og Martin Chocholoušeks scenografi kjem for meg i vegen for handlinga. Koreografien til Roger Lybeck er spektakulær, og aldri har eg sett større og betre dansenummer på Trøndelag Teater. Men det kan bli for mye av alt. Heile første akt er ei forrykande framsyning der vi i små nydelege tablå blir vitne til det eine frieriet etter det andre, og Tevyes store kvalar. Men i alle effektane forsvinn både det politiske bakteppet og mye av spelet. Andre akt blir eit antiklimaks der ein på altfor stutt tid må gjennom oppbrot og tsarens krav om at jødane må reise, og utan rom for utdjuping og ettertanke. Slik blir høvet til å seie noko om dagens flyktningsituasjon skusla bort.
Under Åsmund Flatens kyndige leiing, er både arrangement og musikalsk framføring utmerka, og i motsetnad til mye anna i denne produksjonen, underordnar han seg innhaldet.
Trond-Ove Skrødal syner nok ein gong kva for karakterskodespelar han er, og at han faktisk også kan synge. Han gir nyansar, truverd og masse sjølvironi til Tevye, men han skulle så gjerne ha fått meir rom i denne alt for showprega oppsetjinga.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 12. mars 2018.)