Kvardagsfilosofi

TEATER

Andevariasjoner
Av David Mamet
Omsett av Finn Iunker
Ilesesett av John Yngvar Fearnley og Arne O. Reitan
Trøndelag Teater, Studioscena

Bildet:
ENDER: John Yngvar Fearnley og Arne O. Reitan funderer over det meste med stadige visittar til andedammen. FOTO: GT NERGAARD

To gamle menn som utvekslar kvardagsvurderingar. Det kan bli teater av slikt

Då Kristian Seltun tok til som teatersjef på Trøndelag teater frå årsskiftet, flagga han ganske tydeleg at han var regiteatrets mann. Men Seltun er ikkje dogmatisk og vil stå på fleire bein. Difor har han starta eit prosjekt han kallar ”Ilesesetting” (i motsetnad til iscenesetting). Det er eit slags dogmeteater med sine eigne reglar (sjå dogma nederst på sida). Her er det heilt minimalt med regi, og ordet står definitivt i sentrum. I første omgang planlegg teatret to slike ilesesettingar, og først ute er ”Andevariasjoner” av den amerikanske forfattaren og dramatikaren David Mamet. Trøndelag teater gjer det relativt enkelt for seg med denne produksjonen, for ”Andevariasjoner” er nesten som eit lesestykke i utgangspunktet. Men i mai blir det meir utfordrande, for da presenterer dei ”Geografi og Kjærlighet” av Bjørnstjerne Bjørnson.

To godt vaksne menn (John Yngvar Fearnley og Arne O. Reitan) sit på ein parkbenk og pratar saman som folk flest gjer det, i hopp og assosiative sprett, utan alltid å høyre etter kva den andre seier. Og slik sit dei og utvekslar synspunkt om dette og hint. Dei er innom mye kvardagsfilosofi, og i hovudsak dreier nok dette seg om Livet med stor L. Det gjer dei med stadige visittar til ender som ein allegorisk referanse til menneska og liva våre. Som kvardagslege samtalar ofte er, blir dette tidvis absurd, men likevel langt meir logisk enn til dømes Beckett. Trass i logiske kortslutningar og sprang, er Mamets tekst relativt enkelt å henge med i. Den lune og underfundige humoren gir teksten ein eigen varme, og du blir fort glad i desse to mannfolka, kanskje fordi det er litt for lett å kjenne seg att i dei. 

Finn Iunker har omsett teksten til særs munnleg norsk slik at dialogen fell heilt naturleg.  Fearnley og Reitan står godt til kvarandre, og som dei erfarne skodespelarane dei er, greier dei å legge meir enn nok av mimikk, intonasjon og litt eigenregi i dette til at dette langt frå blei noko lesestykke. Første utgåve av ilesesettinga var absolutt vellukka. Her har teatret laga seg eit lavkostkonsept som er lett å sette opp kor som helst, og når som helst.
Amund Grimstad

Dogme for Ilesesettarane
1. Gå aldri på scena utan manus.
2. Ver alltid tru mot teksten.
3. Teksten skal alltid kommenterast.
4. Eventuelle fysiske hjelpemiddel skal finnast på staden.
5. All lyd skal skapast på staden.
6. Påkledinga skal vere nøytral og stilig.
7. All ilesesetting skal ha til hensikt å svare på minst eitt av dei store spørsmåla i livet.
8. Ilesesettarane sine dogme skal lesast opp for publikum før ilesesettinga tar til.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag 18. mars 2010)

Leave a Reply