TEATER
Hålogaland Teater, Scene vest
Av: Howard Lindsay og Russel Crouse
Musikk: Richard Rodgers
Songtekstar: Oscar Hammerstein II
Omsett og bearbeidd av: Ragnar Olsen
Regi: Ivar Tindberg
Scenografi og kostyme: Yngvar Julin
Videodesign: Sabina Jacobsson
Musikalsk leiar: Simon Revholt
Koreografi: Hege Holte Østbye
Lysdesign: Øystein Heitmann
Lyddesign: Jim Oddvar Hansen
Med: Maria Nohr, Sondre Krogtoft Larsen, Trude Øines, Svein Harry S. Hauge, Emilie Tverbak, Ingebjørg Kosmo m.fl.
Frå teppet går opp og i tre timar utan daudpunkt bergtek Hålogaland Teater meg med sin presentasjon av Richard Rodgers og Oscar Hammersteins musikal «The Sound of Music» frå 1959. Filmatiseringa med Julie Andrews i hovudrolla slo i 1965 alle publikumsrekordar, og etter det er musikalen sett opp eit utal gongar. Hålogaland Teaters oppsetjing syner at det framleis er fullt mogeleg å tilføre nye dimensjonar. Og sjølv om eg kjenner historia og songane ut og inn, sat eg med klump i halsen og tårer i auga gjennom heile 1. akt.
Historia tør vere kjend, men vi er altså i Austerrike rett før andre verdskrigen. Den song- og livsglade novisa Maria Rainer (Maria Nohr) får eitt års permisjon frå klosteret for å finne ut av seg sjølv, og blir guvernante for dei sju ungane til marinekaptein Georg von Trapp (Sondre Krogtoft Larsen). Etter at han blei enkemann nokre år tidlegare, har mørket senka seg over familien, og militærdisiplin har tatt over for songgleda. Dette gjer sjølvsagt Maria noko med, vinn unganes hjarte, og etter kvart også Georgs. Og så kunne dette ha blitt ei romantisk historie på line med dei fleste. Men vi er i 1938, det er eit dystert politisk bakteppe, og Georg er noko så uvanleg som ein austerriksk antinazistisk offiser. Når han etter Anschluss blir kommandert til å tenestegjere i Hitlers marine, blir det heile meir dramatisk. Og når det er uråd ikkje å velje side, ser ein tydelegare kven som er ven og fiende.
Ivar Tindberg har valt ei på alle vis stilisert presentasjonsform der ikkje alt må forteljast ned til minste detalj. Og det er heller ikkje først og fremst karakterspelet som slår deg, men den utruleg vakre totaliteten i heile den audiovisuelle opplevinga denne framsyninga er. Slik har Tindberg i mye nytta operaens språk meir enn teaterets, eit absolutt vellukka val. Det opnar med eit nonnekor som tek pusten frå deg, leia av ei særs myndig og velspela abbedisse (Ingebjørg Kosmo). Og slik blir tonen sett, bokstaveleg talt.
Scenografien til Yngvar Julin er ein kombinasjon av ei trapp (utan at eg trur det ligg noko ordspel her) omkransa av søylerekkjer. Det er ei løysing som for meg gir assosiasjonar til det sakrale og opphøgde, eller ei god kjensle av noko heilagt. Kombinert med hydraulikk som kan endre trappenivåa, halvtransparente draperi, spektakulær og effektfull videodesign og ekstremt god lyssetting, greier teateret på mirakuløst vis å lage saumlause sceneskift frå von Trapps indre gemakk, til hagen hans, klosteret og eit storslagent alpelandskap.
Det er eit talrikt ensemble, trygt og solid leia av mezzosopranen Maria Nohr som både kan syngje, spele og ikkje minst sjarmere. Sondre Krogtoft Larsen er den firkanta kapteinen som gradvis let seg mjuke opp og forføre, og gjer det med stor overtyding. Og hans tolking av Edelweiss var inderleg. Det musikalske og songlege var i det heile fullstendig utan lyte, og med meir enn solid tonefølgje frå tretten musikarar frå Nordnorsk opera og symfoniorkester. Men det mest imponerande av alt var personinstruksjonen av ungane. Emilie Tverbak som spela eldstesystera Liesl med stor innleving og god song, er skodespelar. Men dei seks yngste er alle amatørar. Det er tekstrike og omfattande roller som blei framført med naturleg tale, god diksjon, framifrå og sjarmerande spel, og i tillegg var dei alle uvanleg gode og trygge songarar.
Ein musikal er sjølvsagt avhengig av god musikk og vakre melodiar, men eit særmerke ved denne framsyninga var det melodiske i språket. Nok ein gong har Ragnar Olsen laga ei omsetjing og bearbeiding, eller meir korrekt ei gjendikting, der orda får sin eigen musikalitet, fell naturleg, og har ein autentisitet som gir framsyninga eit siste ekstra løft.
(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 14. oktober 2017.)