TEATERÅRET 2014
(Det er mange teateroppsettingar som eg ser så lenge etter premieren at det blir for seint å melde dei i avisa, og eg har heller ikkje kapasitet til å skrive i bloggen om alt eg ser. Då er det godt å ha spalta «Julekalenderen» mot slutten av året der eg kan rette opp dei aller største unnlatingssyndene, og få skrive litt om det som har vore blant høgdepunkta i året som nå går mot slutten. Denne gongen er det Rogaland Teater som hadde fortent litt meir merksemd tidlegare i haust.)
Det er ikkje utenkeleg at Shakespeare skreiv ganske godt.
Det året som nå går mot slutten har, som alle andre år, sine jubileum. Eitt av dei som ikkje er så veldig påakta blant folk flest, er Shakespearejubileet. I vår var det 450 år sia verdas største dramatikar blei født. Kanskje ikkje det rundaste talet, men likevel nok til at mange norske teater har nytta høvet til å sette opp stykka hans. Og jamvel om Nordland Teater har presentert ei framifrå oppsetting av «Stormen» i ei like framifrå gjendikting av Ragnar Olsen, er det først og fremst «Hamlet» som gjeld i jubileumsåret. Kor mange tusen gongar dette dramaet er sett opp på ulike scener verda over, er uråd å vete, men eg tar neppe munnen for full om eg påstår at det til ei kvar tid, heile året gjennom, blir spela «Hamlet» på ei eller anna scene rundt om i verda. Dei fleste regissørar og skodespelarar vil i løpet av karrieren ha presentert dette stykket opptil fleire gongar, og rolla som prins Hamlet er framleis blant det beste å ha på cv-en.
Når det går femten på dusinet av Hamlet-produksjonar, er det sjølvsagt naturleg at ein dissekerer, snur opp ned, vrir og vrengjer og leiter etter noko ingen andre har sett eller funne. For det kan fort bli litt traust å spele stykket slik «alle andre» gjer og har gjort det. I løpet av jubileumsåret har eg sjølv sett tre oppsettingar av «Hamlet» med ganske ulik tilnærming. På Teatret vårt i Molde ville truleg regissør Uwe Cramer syne kor ålmenn og tids- og kjønnsnøytral problematikken er, og valde å nytte ein kvinneleg Hamlet. Valborg Frøysnes gjorde ein strålande rolletolking, men eg er ikkje viss på at framsyninga ga meg så mye nytt.
På Det Norske Teatret gjekk regissør Peer Perez Øian eitt skritt lenger og valde ikkje berre ein kvinneleg Hamlet, men også ein mannleg Ofelia. Marie Blokhus var framifrå som Hamlet, men heller ikkje denne oppsettinga ga meg noka ny forståing.
I ein situasjon der alle skal finne på noko nytt og annleis, kan det difor vere befriande å sjå at den som stoler på sprengkrafta i Shakespeares tekst, faktisk er den som oppnår mest. Kjersti Horn sette opp «Hamlet» på Rogaland Teater i haust i full tillit til teksten. Her var sjølvsagt regigrep av ulike slag, men ingen såkalla fikse idear eller spesielt nyskapande vriar. Men med stram og god regi, særs godt ensemblespel og ein heilt fabelaktig Torbjørn Eriksen i hovudrolla, var dette den klåraste og beste Hamlet-oppsettinga eg nokon gong har sett. Eg skal halde meg langt frå å nytte daglegvareslagord om det enkle, for dette er slett ikkje enkelt. Det er faktisk særs komplisert å lage noko som verkar openbert og enkelt. Derimot har det aldri vore lettare for meg som publikummar å fatte kva oppsettinga dreidde seg om. Eg har sett eit utal oppsettingar av «Hamlet», men aldri ei som var så teksttru, og på same tid så forståeleg, innsiktsfull og god.
Kanskje er det så enkelt som at Kjersti Horn har funne ut at Shakespeares tekst toler å stå på eigne bein, og at han faktisk var ein ganske god forfattar?
(Denne teksten stod i Klassekampens spalte «Julekalenderen» onsdag den 3. desember 2014)