Kvardagsheltane

TEATER

VIKAREN: Utan pedagogisk bakgrunn, men berre med litt kunstutdanning skal Kristian (Fredrik Høyer) arbeide eit halvår som lærar. Det blir eit varmt og lærerikt møte. FOTO: EIRIK HAVNES

«Læreren»
Riksteatret i samarbeid med Vega Scene
Dramatikar og komponist: Fredrik Høyer
Regi: Katinka Rydin Berge
Scenografi og lysdesign: Øyvind Wangensteen
kostymedesign: Julia Wilde
Lyddesign: Kolbjørn Lyslo
Grafisk design: Sandra Olsen
Med: Fredrik Høyer

Ein varm, inderleg og lærerik hyllest til læraren, til yrkesgruppa og til alle dei hardtarbeidande kvardagsheltane som dagleg hjelper den oppveksande slekta med både kunnskap og å gjere gagns menneske ut av dei.

Meir enn 100 000 lærarar er tilsette i norsk grunnskule eller vidaregåande skule. Men frå å vere bygdas høgast rangerte etter presten og distriktslegen, og ein person det stod stor respekt av, er læraryrket i dag langt lægre estimert. Rundt 40 000 lærarutdanna har vald å forlate lærargjerninga. Yrkesgruppa slit med overfylte klasserom, alskens reformar ikledd svulstige honnørord, New Public Management, måloppfyllingstal, kvalitetssikring, låg løn og ikkje minst sjølvopptekne foreldre som er overambisiøse på unganes vegner. Berre for å nemne noko av kvardagen deira. Men framleis søkjer mange seg til gjerninga, nesten meir som eit kall enn eit yrke. Og eg kjenner ikkje ein einaste vaksen som ikkje har minst eitt (som oftast fleire) gode lærarminne om ein person som såg deg, følgde deg opp og var avgjerande for den danningsreisa skulegangen din i røynda var.

Det er eit paradoks at på same tid som alle meiner at læraren er ein av dei viktigaste faktorane for å skape gode og kunnige menneske av ungane våre, så blir rammevilkåra, løna, og dermed vurderinga av dei, dårlegare og dårlegare. Dette er det omsider sett ord på i ei varm, underhaldande og tankevekkjande oppsetjing som for tida turnerer landet vårt i regi av Riksteateret og Vega Scene. Mannen bak produksjonen er Fredrik Høyer. Han er ein sjeldan blome i norsk scenekunst. Opphavleg er han slampoet, men etter kvart også forfattar og musikar, og ikkje minst skodespelar. Dei siste åra har han hatt eit særs fruktbart samarbeid med skodespelaren og regissøren Mattis Herman Nyquist som har resultert i strålande oppsetjingar som «Cassandra» på Rogaland Teater i 2023 (som var så populær at ho blir sett opp att i april og mai i år) og «Den fræmende» på Teater Innlandet i 2024. Den siste var ein monolog der framandkaren Høyer kom inn på eit lite grendehus der alle kjende kvarandre, og gav seg til å snakke til dei. I dobbel tyding. Og det er akkurat det han også gjer i «Læreren». Han snakkar rett til kvar og ein av oss, og på sitt stillfarne vis gjer det han seier noko med oss.

Fredrik Høyer er ikkje lærar, men han er son av to lærarar og svigerforeldra er også lærarar. I tillegg har han, som i andre produksjonar, gjort uendeleg mykje og grundig research. Resultatet er ein monolog beståande av to doble skuletimar og med friminutt med kaffi og vaflar. I første akt (første dobbeltime) er han den unge lærarvikaren Kristian. Han er i starten av tjueåra, har nokre kunstfag, men inga lærarutdanning, og han skal berre skaffe seg litt gryn for å finansiere ei backpackreise for å finne seg sjølv. Så får han (mot alle odds, eller i alle fall til mange kritiske blikk) arbeid som lærarvikar for ein femteklasse.

I salen blir vi utstyrte med øyretelefonar, og åleine på scena fortel Kristian om sitt møte med skule, med elevane, forventingar og alle mogelege merkelege rammevilkår. Like mykje som at han er lærar, lærer han også sjølv gjennom dette halvårets møte med tiåringane som indirekte gir han innsikt og sjølvforståing, men også fortvilinga over stadig å kome til kort. Ved at vi har høyretelefonar og at han beveger seg rundt i rommet og nyttar ulike mikrofonar, oppnår han både at det kjennest som han i større grad snakkar til meg, berre til meg, samstundes som ulik modulering gir variasjon og rom for andre stemmer.

At Fredrik Høyer er slampoet kjem godt med i denne doble skuletimen. Han pratar i eitt, det er tekstrikt så det held, og det kunne fort ha blitt berre ein uendeleg straum av ord. Men det er klokt, innhaldsrikt, til ettertanke, litt sårt og med mykje humor, og så intenst formidla at det er uråd å dette av. Slik brettar han ut lærarkvardagen slik Kristian opplever den, og stiller samstundes ei rekkje spørsmål. Og sjølv om Høyer fortel om læraryrket for berre eit drygt tiår sia, så kan eg likevel minnest mykje av det same frå då eg for meir enn femti år sia var tilkallingsvikar i Osloskulen, – særleg forholdet til elevane, kor tett innpå dei eg kom, og kor knytt eg blei til dei.

ETTERPÅ: Etter pause, i andre doble skuletime, fortel Kristian om kva som skjedde då han avslutta lærargjerninga. Det gjekk ikkje som han trudde FOTO: EIRIK HAVNES

Så er det friminutt med kaffi og vaffel, som det vel stundom kan vere på eit lærarrom, før vi går inn til ein ny dobbel skuletime, denne gong utan øyretelefonar, men med blokk og penn. Sjølv om planen var berre eit halvår, kjenner nok Kristian på at han sviktar elevane når han etter eit semester avsluttar lærargjerninga og dreg på ei ny danningsreise, denne gongen til Japan og India. Dette fortel han livaktig og inngåande om medan han sit avslappa på ein stol. Og sjølv om han både får ny innsikt, ser seg sjølv utanfrå, og lærer masse, blir korkje turen eller lærdomen som han hadde tenkt. Det går ikkje så lenge før han er heime att. Der rundar han det av med direktekontakt med salen, ulike skriveøvingar og ein liten epilog.

Det er Katinka Rydin Berge som har hatt regien på oppsetjinga. Kor mykje som er Fredrik Høyer og kva som er hennar regi, er vanskeleg å seie, men resultatet er i alle fall blitt særs vellukka og ein rørande hyllest til ein av landets viktigaste yrkesgrupper. Berge og Høyer har laga ei framsyning som, trass i at ho er lang, likevel er intens, dramaturgisk godt oppbygd og utan daudpunkt eller kvileskjer. Det er annleis enn mykje anna du ser på scena, men det er nyskapande og verkeleg godt teater, humoristisk, litt sårt, politisk utan peikefinger og til ettertanke for alle.

Lakmustesten for dei fleste produksjonar er sjølvsagt ikkje kva eg som teatermeldar måtte meine, men korleis framsyninga blir mottatt av publikum. Eg såg «Læreren» på hovudscena til Turnéteatret i Trøndelag (i Verdal). Det var full sal, men trass i at eg er der ofte og er godt kjend, slo det meg i foajeen før framsyninga at det var berre ein eg kjende frå før. Det er ikkje vanleg. Eg nemnde det for han eg kjende, ein verdaling, og han sa at det var slik for han også. Men, sa han, – eg trur det er mange lærarar her. Og det stemte. Salen var full av dei. Fredrik Høyer kom til sine eigne, og dei kjentest ved han, for det er lenge sia eg har opplevd ein sal så på alerten, lydhøyr og deltakande.

Leave a Reply