TEATER

«KAUK»
Rosendal Teater
Av og med: Magnus Myhr
Tekst: Jørgen Strickert
Kunstnarleg katalysator: Terje Tjøme Mossige
Rom og lys: Elisabeth Kjelldahl Nilsson
Koreografi: Magnus Myhr
Komponist: Ingvild Langgård
Kauk- og lokkelærar: Synnøve Brøndbo Plassen
Eit oppkome av ei leiken, humoristisk og upretensiøs framsyning der alvoret heile tida ligg på lur.
Magnus Myhr (f. 1985) er dansar, koreograf, skodespelar og songar frå Klæbu, ei bygd som nå er innlemma i Trondheim. Han har ein omfattande CV, hovudsakleg som koreograf og dansar. I 2014 debuterte han med sin første eigenproduksjon, «Jeg satt på en stein og så utover havet», som var ei både sår og livsbejaande oppsetjing om oppvekst i eit lite samfunn der alle gutane spela fotball, medan han sjølv var skeiv og ville spele Hedda Gabler. Det var ei personleg og forrykande framsyning som ga frampeik om kva vi kunne vente oss av dette multitalentet. I 2018 følgde han opp med framsyninga «I det fjerne, Troja» der han med metaforar frå den greske antikken utforska mykje av dei same emna.
Nå har Myhr tatt tematikken vidare, og samstundes er det mykje som tyder på at han er blitt tryggare på eigen identitet og det meste i livet. Mange er det vel som kan ha lyst til å hyle ut, eller kauke når livet smiler til deg, eller når raseriet tek overhand. Og det er det Myhr gjer. Nå vil han berre kauke og danse. Framsyninga «KAUK», som hadde urpremiere på Rosendal Teater i Trondheim, er blitt ei sprudlande og særs mangefasettert framsyning, naivistisk i forma, litt feelgood, men med ei mengd politiske undertonar.
Det heile tek til i foajeen der Myhr dukkar opp iført ei t-skjorte, ei trong hudfarga truse, og med ei lang, tova kremmarhuslue på hovudet. Han flørtar vilt med publikum og tar til med ulike lokkar før vi flyttar oss inn i teatersalen. På ei nake scene der Myhr berre har ein blå Ikea-pose og ei pappeske han nyttar som krakk, dreg han, som ein Espen Oskeladd, opp ulike remediar frå posen; Eg fann, eg fann! Slik held han fram med ein okarina han spelar på, han syng, og han les trøyste- og ventedikt for oss, han dreg referansar frå «Sagaen om Isfolket» og det mytiske i antikkens Theben til forbanninga med å kle seg i tweed (!) før han både dansar og ikkje minst lokkar. Alt medan han leikar seg med og sjarmerer publikum i dette overflødigheitshornet av ei framsyning.
Teksten, som både er små dikt og aforismar og like mangfaldig som oppsetjinga, er skriven av Jørgen Strickert. For dei som hugsar NRK sitt humorprogram «Hallo i uken» der Strickert var både forfattar og programleiar, er det lett å kjenne att, og sjølvsagt gle seg over, den politiske satiren og den særeigne humoren.
Framsyninga har mykje integrert dans, eller kanskje rettare koreografert rørsle, men mot slutten legg Myhr inn eit større og langt meir ekspressivt danseinnslag der det berre er å slappe av og ta til seg inntrykka og der det også er mogeleg å lese inn mørkare og meir alvorlege undertonar.
Som tittelen indikerer, er det kaukinga til Myhr, med både det livsbejublande og det skeive raseriet, som heile tida bind framsyninga saman og som ligg der som ein raud tråd. Og dette er så avgjort ikkje hyling og kauking slik kvar og ein av oss kan finne på. For Myhr har fått solid hjelp og bistand frå ein av dei fremste ekspertane på området. Synnøve Brøndbo Plassen er, trass i at ho berre er 29 år gamal, ein særs merittert folkemusikar og songar med kongepokal frå landskappleiken i 2024, og med ein diskografi der dei tre platene hennar har sanka to nominasjonar og ein spelemannspris. I denne produksjonen har ho vore kauk- og lokkelærar for Myhr. Med hans gode songstemme som råstoff er det blitt leikne og melodiøse improvisasjonar rundt tradisjonelle ku- og sauelokkar, og ein artig parafrase over den Trondheimske folketonen «Alle mann hadde fota». Kombinasjonen samtidsdans, skeivt raseri og dyrelokk er ikkje det vanlegaste i norsk scenekunst, men i dette oppkomet av ei framsyning, får Magnus Myhr det til verkeleg å fungere. Det er upretensiøst, leikent og humoristisk, men alvoret og raseriet ligg der likevel heile tida.
(Framsyninga blir vist på Black Box i Oslo i tida 23. april til 2. mai.)
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 24. mars 2026.)