TEATER
«Helvete»
Studentersamfundets Interne Teater KUP, Sitatet, Studentersamfundet i Trondhjem
Av: Erlend Loe
Dramatisert av: Agnes Cecilia Scheel Melin
Regi: Agnes Cecilia Scheel Melin
Scenografi og kostyme: Petter Rikheim Benonisen
Med: Selma Schøyen Løkken, Emilio Lombardo, Mia Helene Johnsen, Thomas Fillingsnes Olesen, Sigrid J. Herseth, Agnete Skår, Astrid Bjerkmo, Maja Eldevik og Agnes Cecilia Scheel Melin
Med senka skuldrer og låge forventingar kan resultatet ofte bli overraskande bra.
Studentersamfundets Interne Teater (SIT) har i ei tid halde på med eit konsept-teater dei kallar «KUP». Det står for Kunst under press. Konseptet er at produksjonen skal ha stutt prøvetid, minimalt budsjett og at rammene skal vere ganske frie. Prosjektet har til nå stort sett gått under radaren min, men eg fekk sett «Weltschmertz 2225» i februar i fjor. Det var kanskje ikkje det mest typiske, for her hadde studentane fått profesjonell skrive- og regihjelp av Arturo Scotti, skodespelar ved Trøndelag Teater. Med «Helvete», som er den siste produksjonen, har dei laga alt utanom originalmanuset sjølve.
Utgangspunktet er romanen «Helvete» (2019) av Erlend Loe som Agnes Cecilia Scheel Melin har dramatisert til ei lita framsyning på berre dryge halvtimen. Melin har også regien og spelar i tillegg i ensemblet. Ein roman fortetta til ein halvtime, rekordstutt prøvetid og få fysiske remediar som scenografi og anna å stø seg på, set store krav til både regi og aktørar. Men resultatet synte at det kanskje ikkje gjorde det likevel. Meir om det etter kvart.

Historia, for dei som ikkje har lese romanen, er at Rakel (Selma Schøyen Løkken), tobarnsmor som nærmar seg middagshøgda, blir dumpa av mannen som finn seg noko yngre. Ikkje ei heilt uvanleg setting, for å seie det forsiktig. Ho må ut av villaen med stor hage, og finn seg etter kvart eit rekkehus med ein ørliten hageflekk. Så blir livet delt opp i partals- og oddetalsveker avhengig av når ho har ungane og ikkje. Saknet etter noko anna er til stades, men korkje vindrikking eller date-appar gir ønska resultat. Når våren kjem, tek ho til med å ordne den vesle hageflekken, og der ho grev for eit blomsterbed, finn ho ei luke, og under den ei trapp som fører, – ja lukt til helvete! Der er det fleire besøkjande, og Rakel kjøper seg klippekort og blir med på omvising. I helvete er det litt av kvart å sjå og møte. Mellom andre treff ho sjefen sjølv, Satan (Emilio Lombardo), og under over alle under, (eller ettersom vi er «der nede», er det kanskje rettare å seie under under alle under?), så oppstår det søt musikk og Rakel og Satan finn kvarandre. Meir skal eg ikkje røpe anna enn at det med dette er duka for absurde innslag der Satan slett ikkje er så verst medan systera hans, Gud, ikkje alltid er like god. Eit typisk Erlend Loe-univers med andre ord. Surrealistisk humor innpakka i ei naivistisk uttrykksform.
I Sitatet, som er Samfundets black box, står det nokre møbel langs sidene, og det heng ein duk på bakteppet. Det er alt. Og som ei blanding av forteljarteater og forsiktig dramatisering får vi presentert Rakels historie. Når det er behov for ein sofa eller eit anna møbel, blir den bore inn, og flytta vekk att etter bruk. For utan Selma Schøyen Løkken som er Rakel og Emilio Lombardo som er Satan, spelar dei øvrige sju i ensemblet både forteljar og alle andre roller i eit forbausande saumlaust opplegg der logistikken med sceneskift, møblering og ulike aktørar på sena er imponerande. Når nokon skal vere ungar, tek dei berre på seg ei topplue som dei tek av att etter bruk, og slik går dei sju ut og inn av eit utal roller som om det skulle ha vore tretti aktørar på scena og ikkje to pluss sju.
Når ein korkje har tid eller råd til å lage scenografi, øve spel og replikkar eller byggje dramaturgi, må ein improvisere og ta ting på sparket. Då må du ta kjappe val, men erfaringa til dei fleste er at det intuitive førstevalet vårt ofte er ganske fornuftig. Om vi har betre tid, nyttar vi gjerne den til å finne ut at alle dei andre måtane å gjere det på ikkje er så bra som førstevalet.

Å ta så raske val og å våge å stå for dei, set sjølvsagt krav til aktørane, men på same tid er kontrakten mellom scene og sal at dette er skapt under press og difor ikkje fikst ferdig. Hjå publikum er forventingane til spel, replikkar, scenografi, og dermed til det heile, difor ganske låge, om ikkje nærast fråverande. Vi får det vi får, og slik er det. Det veit også dei ni på scena. Difor er det ingen som pretenderer. Det blir spela med særs låge skuldrer. Om nokon snublar eller gløymer ein replikk, så gjer det ikkje noko. Og kanskje nettopp difor er det heller ingen som snublar eller gløymer replikkar. For når du ikkje må ta deg på tak, så slappar du av og kan gi litt faen. Eg har sjeldan sett SIT levere så avslappa spel som i denne framsyninga, og visste ein ikkje betre, kunne ein tru at spesielt dei to i hovudrollene hadde hatt langt meir prøvetid og instruksjon.
Likevel er det sjølvsagt at slikt ikkje blir til av seg sjølv. Det må vere dyktige folk i alle ledd. Og det vesle som Agnes Cecilia Scheel Melin har lagt inn av regi, dramaturgi og mogeleg personinstruksjon, må også ha vore gjort på grunnlag av særs kresne val.
Oppsetjinga av «Helvete», og med det mitt første verkelege møte med «Kunst under press», var ei særs god oppleving, og eg ser fram til fleire slike.


