Er dette greitt?

KOMMENTAR

LURT TRILL RUNDT: Når Gaia (Mie Korsbakken Christensen) forstår at Axel (Tevje Espeland) har lurt henne, tek ho hemn. Er det greitt? FOTO: MAJA MOAN

«Skorpionens spill – I skyggen av Roblox»
Riksteatret i samarbeid med Teater Ibsen
Av: Frode Gjerløw og Håkon Dalsbø
Regi: Frode Gjerløw

Når Riksteateret og Teater Ibsen framstiller hemn og deepfake som akseptabel oppførsel på nettet, må det vere lov å stille dei nokre spørsmål om kva for signal dei med dette vil sende ungane, og for den del også til foreldre og lærarar.

Gaming er blitt ein stor og viktig del av barne- og ungdomskulturen. For dei fleste i vaksenverda er dette eit felt der vi er heilt blanke. Det er difor fortenestefullt at samtidsdramatikarar og teatera tar opp temaet, både for å vere relevante for ungdomsgenerasjonen, men også fordi dette fenomenet tar så stor plass, og førebels er ganske uregulert.

For to år sia sette Riksteatret i samarbeid med Teatret Vårt og Hålogaland Teater opp «Det mørke fortet – et minecrafteventyr» basert på eit manus av Frode Gjerløw og Håkon Dalsbø. Det var nærast som gaming forma som teater. Det er delte meiningar om det var godt teater eller ikkje, men det trefte midt i målgruppa og resulterte i at for ein gongs skuld var det ungane som måtte forklare foreldra kva oppsetjinga handla om, og ikkje omvendt.

Nå har dei same to forfattarane skrive eit stykke som i større grad er teater om gaming enn teater forma som gaming. Det heiter «Skorpionens spill – I skyggen av Roblox» og er ein samproduksjon mellom Riksteatret og Teater Ibsen. Framsyninga hadde premiere i Nydalen 19. februar, og fram til 8. juni er ho på turné rundt i landet.

Eg såg oppsetjinga på Orkanger rett før påske. I utgangspunktet skulle eg ikkje melde henne, men eg reagerte så sterkt på innhaldet og kva stykket såg ut til å ville seie til barn og unge, at eg fann det rett å skrive ein kommentar. Dette er altså ikkje ei teatermelding, men ein kommentar og nokre grunngjevne spørsmål til Riksteatret og Teater Ibsen.

SYMPATISK?: Axel greier i starten å verke både hyggeleg og overtydande. FOTO: MAJA MOAN

RESYMÉ
Eit stutt handlingsresymé kan vere på sin plass for å forstå kva eg reagerte på. Framsyninga handlar om 12 år gamle Gaia som bur åleine med faren sin, Vidar, som er lærar. Ho er bestevenninne med Amalie som er forelska i Axel. Axel er ein 15 år gamal rikmannsson, Vidars elev, skulens kjekkaste, og etter kvart syner det seg at han er meir enn kynisk og nærast sjukeleg opptatt av å bli rik. Gaia har laga eit spel som har fått mange brukarar, og det har ho tent 60 000 kroner på. Axel går difor i kompaniskap med Gaia for å utvikle eit nytt spel som han meiner dei skal tene millionar på. Men Axel er som sagt kynisk, bidreg ikkje med noko sjølv, lurer Gaia trill rundt og får henne til å gi han dei 60 000 ho har på bok. I tillegg trugar han Gaia med å dele private bilde av henne (som Amalie truleg har gitt han) om han ikkje får det som han vil. Men Gaia let seg ikkje overvinne så lett, og som ein hemn og for å øydeleggje for han, legg ho inn deepfakes (manipulerte og særs kompromitterande bilde av Axel) i spelet. Og så vinn sjølvsagt vår vesle heltinne, Gaia. Og skurken Axel får som fortent. Eller er det så enkelt?

I utgangspunktet, og innhaldsmessig, er dette kanskje som dei fleste slike helte- eller heltinneforteljingar, og i alle fall dei som er frå USA. Men er det likevel greitt? Eg meiner innhaldet i denne framsyninga er etisk høgst tvilsamt, og eg reagerer på at det openbert ikkje har blinka ein einaste varsellampe korkje i dei to teatera som står bak eller i dei mange meldingane som i ettertid er skrivne i aviser og på nett.

IKKJE HEILT LOGISK
Forteljinga har ein del logiske brester. Teater er ikkje røyndom, så med både «Pippi Langstrømpe» og musikalen «Matilda» i bakhovudet, får vi bere over med at 12 år gamle Gaia er eit geni når det gjeld spelutvikling, og at ho har tent heile 60 000 på dette. Litt verre er det at ho ser ut til å ha full råderett over pengane utan å måtte spørje faren som den næraste føresette. Norsk lov fastset at det er først som femtenåring at du fritt kan disponere over pengar du sjølv har tent. Men eg får vere raus å seie at dette også får gå på kontoen for kunstnarleg fridom ettersom det er fiksjon. Litt forvirrande signal til ungdomen er det likevel.

ALDERSGRENSE FOR SOSIALE MEDIUM
Som spelutviklar og gamar er Gaia sjølvsagt godt skulert i det digitale sjølv om ho berre er 12 år. Men så vidt eg veit, er det tilrådd aldersgrense på 13 år for ein del sosiale medium, som mellom anna Tik Tok. Og regjeringa arbeider for at det skal bli ei lovfesta grense på 15 år. I den grad Riksteatret har sett nokre avgrensingar for denne produksjonen, har dei skrive i førehandsomtalen at framsyninga er laga for litt større barn, og at ho ikkje passar for barn under 6 år. Det må jo tyde at ungar på 8 til 12 år absolutt er i målgruppa. For foreldre som slit med å halde ungane frå skjermbruk generelt og sosiale medium spesielt, er det difor eit ganske dårleg signal at denne tolvåringen, som om det var den naturlegaste ting av verda, nyttar seg av sosiale medium utan at alderen hennar i det heile blir stilt spørsmål eller problematisert. Korleis skal foreldra kunne forklare si restriktive haldning når heltinna på teater openbert får lov?

VILL VEST?: I uttrykk er framsyninga laga som ei cowboyhistorie, men det syner seg at det er meir enn utsjånaden som er vill vest. FOTO: MAJA MOAN

HEMN OG OUTING
Alt eg har skrive over kan sjølvsagt forsvarast med at dette er teater og fiksjon og ikkje røyndom, sjølv om signala det sender ikkje akkurat er den hjelpa mange foreldre ser etter i ein vanskeleg digital kvardag. Men det verste for meg, var likevel det som blir ståande som del av framsyningas moral. Ja, – Axel er ein dritsekk. Han lurte Gaia, loppa henne for pengar, og han truga med å leggje ut private bilde av henne. Det er sjølvsagt ikkje akseptabelt, og det forstår alle. Men er Gaias svar på denne uretten dermed grei? Ho tar rett og slett hemn, og ho gjer det ved å leggje ut falske og kompromitterande bilde av Axel.

Eg trudde at hemn, eller «auge for auge og tann for tann» var ein gamaltestamentleg straffereaksjon vi for lengst har lagt bak oss. I amerikansk litteratur og drama er nok framleis hemna ein viktig del av strafferettspleia, men her i landet er ikkje hemna lenger sett på som ein akseptabel reaksjonsmåte. Eg blei difor ganske overraska over at Gaias hemn over Axel blir presentert utan atterhald og openbert som ein grei måte å reagere på mot urett.

Endå verre er kva som gjer at Gaia til slutt vinn. Ho legg ut «deepfakes», falske bilde av Axel som ein integrert del av spelet ho har laga. Også dette blir presentert som heilt akseptabelt, og utan atterhald. Med ein verdssituasjon der sanninga er den store taparen, og i ei tid då nettrolla florerer, er det ei kjempeoppgåve for foreldre, føresette og lærarar å fortelje ungane kva som er akseptabelt og ikkje, og ikkje minst lære dei å oppføre seg på nettet. Då finn eg det etisk særs problematisk at heile landets Riksteater, utan noka form for problematisering eller atterhald, presenterer hemn, outing og deepfake som ein grei måte å løyse problem på.

INGEN VAKSNE HEIME?
Eg har gått gjennom teaterets førehandsomtale der det også er med intervju med regissøren og dramatikaren Frode Gjerløw og ein artikkel av psykologen Line Marie Warholm. Det einaste eg har funne om desse etiske spørsmåla frå Gjerløw, er at han seier: «Det vi er mest opptatt av er å skildre det sosiale spillet mellom barn, om å ta ansvar for egne handlinger». Då må ein spørje om outing og hemn er ein grei måte å ta ansvar for eigne handlingar på?

Og Warholm er for så vidt innom tematikken når ho seier: «der det ikke finnes regler, der må vi både lage og håndheve dem. Når vi voksne unnlater å ta ledelsen, er barna fritt vilt for hverandre. Det er vår oppgave å beskytte barna mot bøllene, men det er også vår oppgave å oppdra barn som ikke plager og utnytter hverandre». Men ho seier ikkje eitt ord om at det i denne framsyninga ser ut til å vere det stikk motsette som er moralen, – at det er greitt å plage ein annan når vedkomande har plaga deg først.

I tillegg til grundig førehandsomtale frå teateret si side, er «Skorpionens spill – I skyggen av Roblox» meld i fleire aviser og medium. Eg har tilgang til tre av dei. Aftenpostens Hilde Østby er særs begeistra og viser seks av seks mogelege poeng, men seier ikkje eitt ord om det etiske. Karen Frøsland Nystøyl i NRK er ikkje så begeistra og trillar ein firar, men heller ikkje ho har ei einaste innvending mot det etiske i framsyninga. Det har heller ikkje Silas Gitmark Evensen i Periskop.

Uavhengig av kva meldarar måtte meine om spel, scenografi, dramaturgi og alt anna som er med på å gjere ei teaterframsyning, finn eg det høgst overraskande at ingen av teatermeldarane stiller spørsmål ved kva denne framsyninga fortel ungane om kva som er rett og gale. Og eg finn det endå meir overraskande at ingen ved Riksteateret eller Teater Ibsen ser ut til å ha reagert på innhaldet.

SKAL TEATER VERE BARNEOPPDRAGING?
Det er mogeleg eg er ein sur gamal mann som korkje forstår nettet eller ungdomskulturen. Eg meiner det er sjølvsagt at det ikkje skal vere eit moralpoliti som avgjer kva som kan setjast opp på norske scener. Politisk ukorrekt teater er ikkje berre greitt, men faktisk langt meir spennande enn barneoppdragande framsyningar med ein moral i beste Margrethe Munthe-tradisjon. Men då må det setjast i ein samanheng så ungane forstår kva bodskapen er. Er dette berre tull og tøys? Er det eit artig og litt karikert oppgjer med autoritetar? Eller er det noko som er laga for at ungane skal kunne reflektere og diskutere i etterkant? Denne framsyninga gjer ingen av delane. Alle forstår at Emil i Lønneberget ikkje er vondsinna. Og eg trur ikkje at det er mange ungar som meiner det er ok å la vere å gå på skulen etter å ha sett ei framsyning om Pippi. Men i «Skorpionens spill – I skyggen av Roblox» blir det utan noko atterhald framstilt som heilt akseptabelt å svare på ein urett med same mynt og vel så det. Når dei fleste foreldre og føresette slit med å lære ungane om nettvett og akseptabel opskorpionens spillpførsel, er det ganske problematisk at teateret presenterer ei heilt motsett løysing. Difor må det vere lov å spørje dei ansvarlege på Riksteateret og Teater Ibsen om dette er eit medvite val og i så fall kvifor? Eller om dei rett og slett ikkje har sett problemet og tenkt tanken?

Leave a Reply