TEATER

«Vanja»
Teatret Vårt, Molde
Av: Simon Stephens
Basert på Anton Tsjekhovs «Onkel Vanja»
Omsett av: Mari V. Kjelstadli
Regi: Hanne Tømta
Scenografi: Arne Nøst
Musikalsk ansvarleg: Sindre Klykken
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Med: Lars Melsæter Rydjord
I «Vanja» er åtte roller gjort om til ein monolog der det tidvis er svært vanskeleg å forstå kven som er kven.
Etter å ha hatt regi på fem oppsetjingar av den russiske dramatikaren Anton Tsjekhov i løpet av elleve år, står Hanne Tømta fram som ein av dei fremste Tsjekhov-tolkarane i Norge. I fjor presenterte ho «Onkel Vanja» på Torshovteatret, og nå har ho sett opp det same dramaet på Teatret Vårt i Molde, men i ein heilt annan versjon. Den britiske dramatikaren Simon Stephens skreiv for tre år sia «Onkel Vanja» om til ein monolog. Framsyninga hadde premiere i 2023 og blei filma live. Både oppsetjinga og filmen hausta gode kritikkar. Men monologen i Molde, godt omsett av Mari V. Kjelstadli, greier ikkje å forsvare omarbeidinga av Tsjekhovs originalmanus.
Anton Tsjekhov (1860-1904) var ein produktiv dramatikar, og særleg fire av hans drama blir rekna som noko av verdsdramatikkens fremste. Dei er alle sette til det førrevolusjonære Russland i ei slags fin-de-siècle-stemning. Lågadelen lever keisame og innhaldslause liv og draumane deira er det ikkje blitt noko av. Det er lite faktisk handling i Tsjekhovs drama. I staden skildrar han situasjonar og stemningar. I «Onkel Vanja» er vi på eit gods der Vanja og niesa Sonja har slitt og arbeidd i alle år for mellom anna å finansiere Vanjas svoger, og Sonjas far, professoren Aleksander. Han er enkemann, har gifta seg på nytt med den langt yngre Helena og dei to kjem reisande til godset. Her er også Vanjas mor, Elisabeth, legen Michael, husvennen Liam og den gamle barnepassaren Marina. Aleksander varslar at han vil selje godset utan tanke på kva som då skal skje med Vanja og Sonja. Og i den grad det er noka ytre handling utanom dette, er det også ulykkeleg kjærleik på kryss og tvers.
I omarbeidinga til monologen «Vanja» har Stephens flytta handlinga til dagens Irland, og Aleksander er ikkje professor, men ein fallert filmregissør. Det er han også i Hanne Tømtas regi, men det er lite i framsyninga som tyder på at dette skjer i dag. Om ein ikkje har lese bakgrunnsstoffet, vil ein fort tru at dramaet finn stad i tsarens Russland. Og på slutten av 1800-talet blir det litt ulogisk å vere filmregissør.
I Arne Nøsts scenografi, som er eit stort tre montert på ein sirkel som kan dreiast, og der det er nokre få andre element som ein sjeselong og ein stol, møter vi musikaren Sindre Klykken og skodespelaren Lars Melsæter Rydjord. Klykken spelar piano, bass og gitar, følgjer monologen tett og gir han nerve. Samstundes fyller han brota mellom dei fire aktene framsyninga er bygd opp av.
Lars Melsæter Rydjord kjem slentrande inn på scena, opnar ei bok og les ein intro og nokre scenetilvisingar før han går over til å spele alle dei åtte rollene i dramaet. Han følgjer Tsjekhovs opphavelege forteljing tett, og freistar å gi dei ulike rollene nokre særmerke som dialekt, intonasjon og eit kroppslyte. Men sjølv om han leverer ein tidvis sterk tolking der mykje av både Tsjekhovs humor og det meiningslause i livet blir fint formidla, har regien gitt han alt for lite å spele på. Vanja sjølv og legen Michael er ganske tydelege, men mange av dei andre er svært vanskelege å få tak på. Eg kjenner «Onkel Vanja» og handlinga godt, men likevel sleit eg med å forstå kven som var kven. Det finst mange omarbeidingar av gamle drama, og med annleis vinkling kan dei ofte gi nye tolkingar og djupare innsikt. For denne produksjonens del er originalen langt å føretrekkje.
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 17. februar 2026.)