TEATER

«Takk for livet – en hyllest til Håkon Banken»
Teater Innlandet
Av: Sigmund Løvåsen
Tekster av Sigmund Løvåsen og Håkon Banken
Regi: Erik Ulfsby
Scenografi: Even Børsum
Kostymedesign: Ingrid Nylander
Musikkarrangement: Kjetil Bjerkestrand
Koreografi: Belinda Braza
Lysdesign: Mathias Lundgren
Med: Tone Oline Knivsflå, Knut Erik Engemoen, Ingrid Rusten, Hans Rønningen, Trond Augland og Anders Narum
Teater Innlandets hyllest til artisten Håkon Banken er ei varm lita framsyning, men også eit viktig brubyggjingsprosjekt.
For tida spelar Nationaltheatret «Sagaen om Isfolket» basert på Margit Sandemos romanar. Om tre veker set Turnéteatret i Trøndelag opp «Heimert», eit dykk ned i heimbrentkulturen. Og torsdag hadde Teater Innlandet urpremiere på «Takk for livet – en hyllest til Håkon Banken», dansebandmusikkens ukrona konge. Om det er ein trend, skal eg ikkje påstå, men teatera i Norge har openbert funne at det er kvalitetar og ein rikdom også i den folkelege subkulturen. I ein situasjon der verda er i ferd med å bli meir og meir polarisert, er det viktigare enn nokon gong at vi snakkar saman, ser og forstår kvarandre. Og det trur eg at «Takk for livet» på Teater Innlandet vil bidra til.

Håkon Banken (1949-2018) var født i Hof i Solør, vaks opp i pinserørsla og opptredde tidleg med gitar og fiolin på møter. Sytten år gamal braut han med religionen. Draumen var Sverige og å mekke bilar, og slett ikkje å bli plateartist. Men tilfellet ville at Arne Bendiksen fekk høyre eit kassettopptak med han, noko som resulterte i debutplata «Takk for livet» i 1977, og i åra fram til 2001 kom det femten album til. Utan marknadsføring, promotering eller konsertar selde han kassettar frå bensinstasjonar og daglegvarebutikkar, og det til den eine gullplata etter den andre. Songen «Riktige venner» frå 1980 blei ein internasjonal megahit med den danske artisten Jodle Birge i 1986. Musikken hans var etter måten enkel dansebandmusikk, men der andre song om kjærleik og bilar, var Banken også nådelaust ærleg om angsten og depresjonane sine, og skreiv om dette på eit enkelt, usminka og ope vis lenge før slikt blei vanleg. Fleire av songane er skrivne medan han var innlagd på psykiatriske institusjonar. Med desse tekstane trefte han ei nerve hjå lyttarane. Angsten hans gjorde at han var folkesky og ikkje våga å gi konsertar. Men historiene er tallause om alle dei som har funne hjelp og støtte i tekstane hans.

Det er denne arven Teater Innlandet har ønskt å løfte med framsyninga «Takk for livet – en hyllest til Håkon Banken». Basert på songane hans og mykje anna stoff, har Sigmund Løvåsen skrive eit varmt lite drama som i staden for å fortelje biografisk om Håkon Banken, gir oss eit gløtt inn i universet hans, og det miljøet han kom frå og skreiv for. Seks personar, kledde opp i stetsonhattar og boots er på veg til konsert med Banken i ein sekstitals Chevrolet. Konserten er sjølvsagt avlyst, så i staden gir dei seks oss ei rekkje tablå som i Erik Ulfsbys lågmælte regi på ulike vis illustrerer Håkon Bankens liv og songar, og kulturen rundt. Det heile er flott bunde saman av eit titals av songane hans i nye og ganske annleis arrangement av Kjetil Bjerkestrand.

Scenografien til Even Børsum er i utgangspunktet berre ei gatelykt, men så syner det seg at den gule Chevroleten er langt meir enn ein rekvisitt, og undervegs gir han rom for det meste, til slutt også sitt eige spegelbilde. Det er fikst gjort, og knyter samstundes kontakten til raggarmiljø og rånekultur. I bilen sit Jon Anders Narum på gitar og Trond Augland på rytmeinstrument og dei får hjelp av skodespelaren Hans Rønningen på tangentar. Både Rønningen og dei tre andre skodespelarane er habile songarar, og sjølv om det er lite danseband-aktig att i ein del av arrangementa til Bjerkestrand, gir dei oss såre og blå tolkingar som ligg nærare opp til det tekstlege innhaldet. Nokre av songane Tone Oline Knivsflå framfører er vakre og sarte døme på akkurat det. Ingrid Rusten tar stadige og humoristiske oppgjer med jålete og fisfine byfolk, men modererer innhaldet på eit forsonande vis i finalen der mantraet er at vi må sjå kvarandre, og at folk er jo bra folk. Og eitt av dei varaste og beste tablåa er ein framseteflørt mellom Ingrid Rusten og Knut Erik Engemoen, litt klein og keitete, men verkeleg til å kjenne seg att i. For Banken skreiv sjølvsagt også om kjærleik og bilar.
«Takk for livet» er ei varm framsyning som ikkje berre løfter ein for mange ganske ukjend artist. I tillegg er ho også ein brubyggjar mellom folk og kulturar i ei tid der vi må søkje samhald og ikkje polarisering. For meg var dette ei framsyning til å bli glad av.
(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 7. februar 2026.)