Rett å gjere opprør

TEATER

Å BLI SETT: Læraren Miss Honey (Natalie Grøndahl Tangen) ser kven Matilda (Anna Josefine Laugen Robson) er, og i samspelet mellom dei får vi nokre av dei vakraste tablåa, også musikalsk, i denne framsyninga. FOTO: HARALD ØREN

«Matilda»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Dennis Kelly og Tim Minchin basert på boka av Roald Dahl
Omsett av: Ragnhild Risnes
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi: Katrin Bombe
Kostymedesign: Åse Gjerstad
Koreografi: Trine Kjøsnes og Mina Skjervheim (RAW dansestudio)
Lysdesign: Eivind Myren
Musikalsk leiar: Åsmund Flaten
Med: Anna Josefine Laugen Robson/Kaia Wik, Tor Ivar Hagen, Natalie Grøndahl Tangen, Karl Bekele Steinland, Ragnhild Risnes, Ingrid Myhre Løvik, Patrick Hilmar Ingvaldsen, Daniel Mauricio, Fabian Heidelberg Lunde og Maria Pontén

«Matilda» er ein underhaldande og humoristisk familiemusikal, litt ujamn, men med speleglade ungar som gjer meir enn halve opplevinga.

Romanen «Matilda» frå 1988 er ei av mange bøker der Roald Dahl skriv frå barnas synsstad, men om det litt makabre og uhyggelege, og der ungane er heltane og dei vaksne fullstendig stupide. Hovudpersonen er den sju år gamle Matilda, ei uvanleg skarp, og særs litterært kunnig jente som i tillegg har magiske evner. Ho er ein intellektuell Pippi Langstrømpe, ei superjente som etter kvart får med seg dei andre ungane og gjer opprør mot dei dumme og vonde vaksne. Romanen blei filmatisert i 1996, og i 2010 kom musikalen, skrive av Dennis Kelly og med musikk og songtekstar av Tim Minchin. Den blei raskt ein stor verdssuksess. Folketeateret i Oslo hadde Norgespremiere i 2022, og to år etter sette Rogaland Teater den opp. Laurdag var det premiere på Trøndelag Teater i regi av Kjersti Haugen.

KADAVERDISIPLIN: Den tidlegare olympiske sleggekastaren, rektor Agatha Trunchbull (Tor Ivar Hagen) hatar ungar, men under leiing av den særs kunnige Matilda (Anna Josefine Laugen Robson) gjer ungane opprør . FOTO: HARALD ØREN

Matilda, spela av tretten år gamle Anna Josefine Laugen Robson (alternerande med Kaia Wik) er ein uønskt unge. Foreldra hennar (Patrick Hilmar Ingvaldsen og Ingrid Myhre Løvik) er sjølvopptekne til det heilt monomane. Dei ønska seg slett ikkje eit barn, og i alle fall ikkje ei jente. Faren er ein luguber bilseljar som freistar å prakke gamle vrak på rike russarar, og mora er ein tanketom bimbo og dansar. Dei har ein son frå før (Fabian Heidelberg Lunde), og det får halde, særleg ettersom han er gut og minst like dum som foreldra. Mot absolutt alle odds veks Matilda likevel opp til å bli ei klok og velfungerande jente. Ho oppdagar biblioteket, ein oase der bibliotekaren (Ragnhild Risnes) blir hennar mentor. Sjølv om foreldra legg ned forbod mot bøker, har Matilda lese både Dickens og Shakespeare før faren i desperasjon sender henne til skulebenken der han håpar at den særs mannhaftige og vondsinna rektoren, Agatha Trunchbull (Tor Ivar Hagen), skal gjere livet surt nok for henne til at ho kjem på andre tankar enn litteraturen. Men på skulen får ho Miss Honey (Natalie Grøndahl Tangen) som lærar. Ho er omsorgsfull, empatisk og ser Matilda og alt ho står for.

Eg skal halde meg frå å fortelje meir, anna enn at ungane sjølvsagt gjer opprør mot rektoren, og at dette også er ei framsyning med mange lag der det er to parallelle historier som møtast i ein overraskande finale.

POETISK: Frå parallellhistoria med Daniel Mauricio og Maria Pontén. FOTO: HARALD ØREN

I Kjersti Haugens regi er det ungane som står i sentrum. Dei vaksne, med unnatak av bibliotekaren og læraren, er overspela og komiske pappfigurar. Og slik skal det vere. Haugen får fint formidla innhaldet i dei parallelle forteljingane, sjølv om det (utan at eg skal drive røpealarm) mangla litt på logikken i finalen. Personinstruksjonen av alle ungane er verkeleg imponerande. To lag på rundt dusinet kvar alternerer rollene som skuleelevar, og dei syng, dansar og spelar som om dei aldri skulle ha gjort anna. Fremst er Matilda som på premieren blei spela overtydande godt av Anna Josefine Laugen Robson. Dette er ei stor og heilaftans hovudrolle, og i røynda alt for omfattande for ein trettenåring. Men Robson greier det til fulle. Ho er til stades på scena nesten heile framsyninga, syng klokkeklårt og vakkert, dansar og har samstundes full kontroll på mimikken. Nokre av tablåa og songnumra med Matilda og læraren hennar er av framsyningas høgdepunkt. Det er også dei vakre og stiliserte akrobatiske danseinnslaga med Maria Pontén og Daniel Mauricio i den parallelle historia.

SPELEGLEDE: Velkoreograferte, godt regisserte og speleglade ungar. FOTO: HARALD ØREN


RAW dansestudio ved Trine Kjøsnes og Mina Skjervheim har gjort ein formidabel jobb med å koreografere alle ungane, og det er blitt fleire store og synkront formidla danseopptrinn. Åse Gjerstads mange flotte og fantasirike kostyme kontrasterer fint dei noko grå skuleuniformene. Og under leiing av Åsmund Flaten gir orkesteret eit godt avstemd tonefølgje. Men framsyninga har også eit vesentleg problem. Hovudscena på Trøndelag Teater er stor, og scenografien til Katrin Bombe greier ikkje å fylle henne i tilstrekkeleg grad. Det blir for glissent, og sjølv om det er mange aktørar, er dei fleste små, og det blir mykje transport og springing på scena. Eivind Myrens lyssetjing greier til ein viss grad å kompensere dette, men diverre ikkje nok.

Framsyninga brukar litt for mykje tid på å etablere historia i første akt, men etter pause går det verkeleg unna. Då er det fart og framdrift, og sjølv om den vonde rektoren er eit frykteleg monster, gjer motet til dei opprørske ungane og all humoren i stykket at det er openbert for dei yngste i salen korleis dette vil gå. «Matilda» er ei varm og underhaldande, men litt ujamn familieframsyning der tittelrolla og dei andre ungane på scena i seg sjølve er verd heile opplevinga.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 9. februar 2026.)

Leave a Reply