TEATER

«Veivalg»
BLE, Nordic Black Theatre
Av: Lisa Luni Thun
Regi: Evy Kasseth Røsten
Musikk: Bendik Smedåsgjelten Qvam
Lys- og videodesign: Kai Luni Thun Fjell
Med: Lisa Luni Thun og Bendik Smedåsgjelten Qvam
Ei sjarmerande og lågmælt lita framsyning i spennet mellom leirbålet og folkemusikken, utan peikefinger, men likevel med eit tydeleg bodskap.
På ei intimscene med berre to lenestolar og ein videoskjerm tek skodespelaren Lisa Luni Thun oss med på ei lita reise til det som var, det som gjekk tapt, og det vi sit att med i dag etter alle våre små daglege vegval. I ei blanding av forteljarteater og slampoesi og saman med folkemusikaren Bendik Smedåsgjelten Qvam (på ulike instrument frå seljefløyte til el-gitar) blir vi presenterte for ti små forteljingar som både er frittståande, heng saman, og som set spørsmål ved alle vala vi tek. Er utvikling det same som framsteg? Og når alle drøymer om og vil til det same paradiset, er det fort at gentrifiseringa gjer at draumen blir eit mareritt. Lisa Luni Thun er urbanisten som ikkje heilt greier å bestemme seg, men som openbert også vil attende til fjellet og skogen, og alt som er ekte.
Medan vi på videoskjermen ser ein mann som tek seg fram i naturen, over bekkar og bruer, tek Thun til med historia om bestefaren som var ein fjellets og skogens vandrar, og som dokumenterte fleire av turane med skisser, teikningar, målarstykke og kart. Med base i ein enkel hytte frå 1950, bygd på Sjusjøen før «alle andre» kom, får vi innblikk i den gamle mannens enkle haldning til livet og naturen. Og medan Thun fortel, ofte i bunden form, kommenterer Bendik Smedåsgjelten Qvam historiene hennar musikalsk på eit vis som bind det heile saman og som også gir ein del av naturskildringane meir autentisitet.
Gjennom den snaue timen denne vesle framsyninga varar, er vi innom fleire tema som alle har det sams at dei gir Thun høve til å gjere seg tankar om den verda bestefaren levde i, det ho opplevde som barn og korleis verda ser ut i dag. Det er fine, ettertenksame og kvardagsfilosofiske betraktningar om menneska og vårt forhold til naturen som forbrukar meir enn brukar. Kvar dag gjer vi eit utal val, og summen av desse blir den vegen vi går. Men gjer vi rette val? I utgangspunktet kunne ein tru at dette er ei nostalgisk forteljing om at alt var så mykje betre før, men finalen motseier dette i ei fin og heilt open avslutning der mantraet er: Hadde eg visst det eg veit nå, så…. Ja, kva hadde då skjedd? Ville eg ha gjort det annleis, eller ville eg då aldri ha kome dit eg er i dag?
Framsyninga er ei fin blanding av forteljarteater, slam-poesi, og song, supplert med illustrerande og vakkert tonefølgje frå Bendik Smedåsgjelten Qvam. Det er ei lun, humoristisk, sjarmerande, upretensiøs og attkjenneleg lita forteljing. Men jamvel om alle dei små tablåa ho er innom på eit vis heng saman, trur eg Thun med fordel kunne ha vore litt meir kritisk og spissa historiene noko. Evy Kasseth Røsten har hatt regien, og har latt forteljingane stå i sentrum utan særleg fysisk spel, og det er eit godt val.
Dramaturgisk kunne nok framsyninga også ha vore stramma opp litt, som i det flotte brotet der Qvam dukkar opp som øldrikkande selfie-konge ute i naturen, får så hatten passar av Thun og slukøyra må kompensere med folkemusikk på seljefløyte. Der viste dei eit grep dei kanskje kunne ha nytta litt meir av.
«Veivalg» er den første produksjonen til produksjonsselskapet BLE (Bendik Smedåsgjelten Qvam, Lisa Luni Thun og Evy Kasseth Røsten). Framsyninga blei opphaveleg skriven og framført i 2021, men er nå tilarbeidd og sett opp på ny. Og om eit par veker vil publikum på Røros og i Trondheim få gleda av å oppleve den.