Teateråret 2025

Som vanleg har Klassekampen bede teatermeldarane i avisa om å kåre årets framsyning. Før om åra har vi fått velje ut tre produksjonar kvar, men i år blei det berre ein.

Teateråret 2025 har diverre vore prega av styresmakter på både kommunalt og statleg nivå som behandlar scenekunsten på eit særs lemfeldig og kritikkverdig vis. Oslo kommune har tatt strupetak på Oslo Nye Teater som har måtta innskrenke drastisk. Og sentralt i Oslo, på Johanne Dybwads plass, let regjeringa Nationaltheatret halde fram med å forfalle, og har gjort eit filibustervedtak som i beste fall kan gi oss oppussa teater innan 2042, men då delt opp i to geografisk godt åtskilte teaterbygg. Det er skammeleg, særleg når det ligg føre alternative planar som kan gi fire scener under same tak innan fem år, og til ein lågare pris enn regjeringas luftslott. Rundt om i landet, slit ein også med reduserte løyvingar og teater på sparebluss. Men norsk scenekunst er som kjerringa mot straumen. Klippe, klippe, eller som Jan Erik Vold seier det; «Det er håpløst, og vi gir oss ikke!» For løvetann sprengjer asfalt, og trass dårlege vekstvilkår blomstrar scenekunsten soa aldri før. Og det er gledeleg å kunne melde at også den nyskrivne norske dramatikken er i vekst.

Eg har sett rundt 120 framsyningar det siste året, og sjølv om det er ei stor mengde, er det faktisk godt under halvparten av alt som blir produsert. Å velje ut det beste av eit så stort tilfang, er difor ikkje enkelt, men i år var det tre produksjonar som i særleg grad skilte seg ut. Den eg valde for avisa, var Henrik Ibsens «Hedda Gabler» i regi av Atle Knudsen etter tilarbeiding av Sigrid Strøm Reibo på Hålogaland Teater. Og dei to andre var «Prima Facie» på Riksteatret i samarbeid med Nationaltheatret og i regi av Maren E. Bjørseth, og «Peer Gynt på Teatret Vårt i Molde i regi av Victoria Meirik.

«Hedda Gabler»
Hålogaland Teater
Av Henrik Ibsen
Regi: Atle Knudsen

Hedda Gabler, Hålogaland teater.
Foto: Marius Fiskum

I løpet av eit snautt år er «Hedda Gabler» blitt sett opp på i alt fire norske institusjonsteater, og med særs vekslande kvalitet. Men Hålogaland Teaters versjon viste at det framleis er mogeleg med overrasking og nye tolkingar av Henrik Ibsens drama, og det i ei oppsetjing som i så stor grad stolte på originalteksten. Med unnatak av musikken til Peter Baden og koreografien til Oleg Glushkov som baud på fine brot, har ikkje regissøren Atle Knudsen gjort nokon freistnad på modernisering. Vi var i 1890, men tematikken kunne ha vore i dag. Gjermund Andresens omfangsrike og kreative scenografi gav oss i dobbel tyding ei framsyning med mange rom, og saman med musikk og koreografi blei det heile difor også ei stor audiovisuell oppleving. Teateret leverte utsøkt ensemblespel i alle ledd, toppa av den relativt nyutdanna Ingrid Mikalsen Deinboll i tittelrolla. Hennar tolking av Hedda var imponerande mangefasettert og gjorde at denne vanskelege og særs samansette rollefigurens handlingar med eitt blei langt meir logiske. Eg kan ikkje hugse å ha sett Ibsens mest gåtefulle drama presentert tydelegare, meir forståeleg og ikkje minst meir velspela.

«Prima Facie»
Riksteatret i samarbeid med Nationaltheatret
Av: Suzie Miller
Regi: Maren E. Bjørseth

Prima Facie, Riksteateatret og Nationaltheatret.
Foto Lars Opstad

«Prima Facie» av den australske dramatikaren Suzie Miler er ei oppsetjing som tar opp eit brennaktuelt tema, gjer noko med publikum, og som i tillegg er toppa av ein skodespelarprestasjon av dei helt sjeldne. Tessa (Maria Kristine Hildonen) er forsvarsadvokat, særs vellukka, og ser på jussen meir som ein konkurranse enn som eit spørsmål om rettstryggleik. Om ho får ein skuldig til å gå fri, er det aktoratet som har gjort ein dårleg jobb. Og Tessa vinn dei fleste av sakene sine. Men ein dag blir ho sjølv valdtatt, og av ein mann ho kjenner godt og har tillit til. Så opplever ho at rollene blir snudd, og ho slit med å bli trudd. Det er ei sterk forteljing om både eit fall, og om å møte seg sjølv i døra, men først og fremst om truverdet til alle dei som er utsette for slike overgrep, der prova er få, og der påstand står mot påstand. Maren Bjørseth har saman med scenografen Norun Standahl vald ei minimalistisk og enkel, men likevel symboltung tilnærming der Maria Kristine Hildonen, berre hjelpt av musikaren Elisabeth Mørland Nessset, får synt kva ekstremt godt spel kan få ut av ein like god tekst, og utan særleg bruk av ytre staffasje.

«Peer Gynt»
Teatret Vårt
Av Henrik Ibsen
Regi: Victoria Meirik

Peer Gynt, Teatret Vårt.
Foto: Eskild Bjerkestrand, Tingh

Victoria Meiriks versjon av «Per Gynt» er ei ganske annleis, men likevel særs Ibsen-tru tolking der vi i ei stilisert og nedstrippa framsyning går via den ytre handlinga og inn i Peers indre. Meirik gjer framsyninga til ei tilbakeskodande historie om eskapisten som stikk av frå alt og alle. Men i Bjørnar Lisether Teigens framifrå tolking, gir ho oss også mennesket og tvilaren bak det bråkjekke. I følgje programmet tek vi til «etter festen, men før erkjenninga», og det er ei presis oppsummering. Teksten er kraftig tilarbeidd av Michael Thalheimer og Maja Zade, men i Kristofer Grønskags gode omsetjing har dei halde på den bundne forma. Etter ein start, ikkje med bukkerittet, men med Bøygen og Knappestøyparen, følgjer Meirik handlinga kronologisk. Og sjølv om mykje er stroke, er det berre «prestens tale» eg sakna av tablåa. Men det er ikkje handlinga og forteljinga om Peer som er Meiriks prosjekt, men i staden å nytte dei til å utforske kven han var, – på godt og vondt. Og aldri har eg vel fått ei betre forståing av mennesket bak denne oppblåste skrytepaven som berre er seg sjølv nok.

(Ved å klikke på tittelen på kvar av dei tre produksjonane, vil du kunne lese heile meldinga mi av framsyninga slik ho stod i Klassekampen rett etter premierane.)

Leave a Reply