Ein må samanlikne

TEATER

IKKJE AKKURAT «INGO»: Forbildet er sjølvsagt verdsmeistaren, men Ingemars (Paal Herman Ims) keitete boksing står nok noko attende. FOTO: VEGARD EGGEN

«Mitt liv som hund»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Reidar Jönsson
Dramatisering og regi: Maria Drangeid
Scenografi og kostyme: Ida Grimsgaard
Komponist: Fredrik Storsveen
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Paal Herman Ims

Ein sår, varm og overtydande rolleprestasjon om ein tolvårings ulike overlevingsmekanismar

Reidar Jönssons roman «Mitt liv som hund» blei ein bestseljar då han kom ut i 1983, og Lasse Hallströms filmatisering frå 1985 vann ei rekkje internasjonale prisar. Så langt eg veit er det likevel ikkje før med Trøndelag Teaters dramatisering at historia blir vist på ei scene.

Vi følgjer den tolv år gamle Ingemar frå sommaren 1958 og eit år fram i tid. Han bur saman med hunden Sickan og mora som er alvorleg sjuk. Ingemar er som tolvåringar flest, utforskande, litt Emil i Lønneberget, og på same tid både veslevaksen og naiv. Livet er ikkje enkelt, men han trøyster seg med at ein må samanlikne. For det kunne alltid ha vore verre.

INGEMARS KOSMOS: Dette møbelet gir på finurleg vis rom for heile Ingemars verd. FOTO: VEGARD EGGEN

Utan at Ingemar forstår det, er mora døyande og treng kvile og ro. I sommarferien blir han difor sendt til onkelen i Småland medan Sickan blir sett på kennel. Heime att, når det nærmar seg jul, blir mora dårlegare og dør, og Ingemar blir nok ein gong sendt til onkelen, denne gongen for godt og utan Sickan. Det tar ei stund før det går opp for han at ikkje berre mora, men også hunden er død. Då er det viktig med overlevingsmekanismar, og Ingemars metode er heile tida å samanlikne med alt som er verre. Som til dømes hunden Laika som i romkapselen Sputnik 2 i november 1957 blei det første levande pattedyret i bane rundt jorda. Men som døydde etter berre få timar. Denne og liknande, ofte bisarre, lagnadar kjem Ingemar stadig attende til på sitt galgenhumoristiske vis. Og når det er som verst, kompenserer han med å bli ein hund.

I Småland møter Ingemar mellom mange andre den jamgamle gutejenta Saga som nok ligg nokre hakk framom han i puberteten og som difor ikkje lenger kan rekne med å få spele fotball eller å bokse med Ingemar og dei andre gutane. For boksing er også del av bakteppet når Ingemars landsmann og namnebror, Ingemar «Ingo» Johansson blir verdsmeister i profesjonell tungvektsboksing i juni 1959.

Det er den relativt nyutdanna regissøren Maria Drangeid som både har dramatisert boka og sett henne i scene, og til alt overmål som monolog. I tidlegare produksjonar har Drangeid ofte hatt ei leiken og litt absurd tilnærming til tekstane, og slik er det også i «Mitt liv som hund». Når ei bok med eit stort persongalleri blir gjort om til ein monolog, må ein sjølvsagt forenkle og kutte, men Drangeid har likevel greidd å ta godt vare på både historia og atmosfæren. Ikkje like vellukka er det med det episke og flyten i forteljinga. Og trass i overtydande spel, er det likevel litt for mykje som blir fortald og ikkje vist. Nokre av markørane hennar er dessutan i overkant tydelege, som eit utal laken som formeleg gnir det inn at Ingemar er sengevætar.

HUNDEN I ROMMET: Ingemar samanliknar seg med Laikas lagnad i Sputnik 2, og då blir ikkje alt like ille. FOTO: VEGARD EGGEN

Scenografen Ida Grimsgaard har møblert den elles ganske nakne scena med ein avart av eit såkalla «Stompa-møbel» frå 80-talet, eit multimøbel som kunne vere både skrivebord, køyeseng og sofa. Konstruksjonen rommar heile Ingemars kosmos, og i tillegg blir den mot slutten transformert til ein romrakett. Denne kreative løysinga av scenerommet fungerer forbausande bra, og saman med Eivind Myrens lyssetjing, og ikkje minst Fredrik Storsveens forsiktige lydbilde som stundom veks til crescendo i nokre av sceneskifta, blir det faktisk skapt ein god illusjon av Ingemars omgjevnadar.

I dette byggverket kryp, ålar, smyg og leikar Paal Herman Ims seg på litt keitete vis der han gjennom flørting og samspel med publikum, mykje fysisk spel og ettertenksame rolege passasjar gir liv til Ingemars mange fasettar. Han tar seg god tid, er openbert trygg på stoffet, og aleine på scena i dryge halvannan time er han høgt og lågt og gir ei rolletolking og formidling som er imponerande.

«Mitt liv som hund» er ei sår og rørande historie om sorg og sakn, og om korleis ein unggut kan handtere slike skilsetjande opplevingar som å miste både hunden og mora si. Men det er også ei varm forteljing om gryande pubertet, og om kjærleik og vennskap. Sjølv om dramatiseringa ikkje greier å yte boka og filmen rettvise på absolutt alle område, står framsyninga likevel støtt på eigne bein. Og ein må ikkje alltid samanlikne.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. desember 2025.)

Leave a Reply