Varmt om kulde og vondskap

TEATER

ILLUSTRERANDE MASKER: Gerda (Julie Sofie Reite) får hjelp av mange skapnadar, også eit reinsdyr, på reisa for å redde Kai. FOTO: KAROLINA GORZELANCZYK

«Snødronninga»
Nordland Teater, Hovudscena
Av: Stuart Paterson etter H.C. Andersens eventyr
Omsett av: Ketil Kolstad
Regi: Morten Røsrud
Scenografi og kostyme: Jenny Hilmo Teig
Maske og parykk: Leo Thörn
Komponist: Martin Smidt
Lysdesign: Vegar Angel N. Andreassen
Lyddesign: Frode Fridtjofsen
Med: Julie Sofie Reite, Georg Vada, Rune Storsæther Løding, Kristoffer Hjulstad, Oliver Kjeldstad, Linda Brean Mathisen, Kine Eliassen og Stein Elvestad

Ei komplisert historie der oppleving og magi blir viktigare enn sjølve forteljinga.

H.C. Andersens eventyr om Snødronninga har vore gjenstand for ei mengd ulike fortolkingar og presentasjonar, blant dei ei rekkje filmar som Disneys «Frost» frå 2013 og den heilt ferske, norske «Reisen mot nord». Det opphavelege eventyret er i røynda sju forteljingar og ein komplisert intrige. I den skotske dramatikaren Stuart Patersons versjon, som Nordland Teater har tatt utgangspunkt i, er historia blitt noko forenkla, men er framleis ganske kaotisk, og ikkje alltid like lett å halde styr på.

Kai (Georg Vada) og Gerda (Julie Sofie Reite) veks opp som bestevennar og som sysken, utan å vere det. Men så ein dag blir Kai forheksa og vondsinna, og han blir fanga og sendt til Snødronninga (Rune Storsæther Løding) som vil gjere alt til is. Som i dei fleste slike forteljingar, er det ungane som må rydde opp, og Gerda set ut på ei reise for å finne att og redde Kai frå Snødronningas forbanning og vondskap. På vegen møter ho sjølvsagt ei mengd ulike skapnadar som både utfordrar, fangar og hjelper henne, og jenta må vise både kløkt og kreativitet for å kome vidare. Det vil føre alt for langt å fortelje om alt og alle, men to viktige figurar er gjennomgåande. Det er edderkoppen Spindel (Kristoffer Hjulstad) som på infamt vis spinner sine nett på vegner av Snødronninga, men som til slutt viser seg å vere god på botn. Og det er solfyrsten Bhima (Oliver Kjeldstad) som blir ein avgjerande hjelpar for Gerda.

Morten Røsrud har regi på framsyninga. Dei produksjonane eg har sett av han tidlegare, har hatt leiken humor og ekte teatermagi som kjennemerke. Slik er det også med «Snødronninga». Det tek rett nok litt tid å kome inn i forteljinga for ho er ikkje enkel i denne versjonen heller. Men så forstår eg at Røsrud har vald ei nesten naivistisk, og det eg oppfattar som ei tidvis noko surrealistisk tilnærming med ein god porsjon ironisk distanse og humor, samt også nokre metagrep. Og teatermagi er det også mykje av. Det skuldast i stor grad Jenny Hilmo Teig sine omfattande og kreative kostyme, og ikkje minst alle dei relativt enkle, litt naivistiske, men likevel så illustrerande dyremaskene ho har laga. Scenografien hennar er ikkje like vellukka, for det blir litt for mange synlege sceneskift og ommøbleringar.

DIALEKTMARKØR: Prinsessa (Linda Brean Mathisen) viser seg å vere ein fintrøndersk komikar. FOTO: KAROLINA GORZELANCZYK

Martin Smidt har skrive ny og omfattande musikk som følgjer framsyninga som hand i hanske og underbyggjer handlinga. I tillegg får vi tre songar som i Julie Sofie Reites nydelege presentasjon verkeleg løftar framsyninga. Dette er ikkje ein musikal, men for meg kunne det likevel godt ha vore fleire slike songar. Reite er eit multitalent som skodespelar, songar og dansar og med eit uvanleg sterkt scenisk nærvær. I rolla som Gerda får ho nytta dette til fulle. Kristoffer Hjulstad gir oss ein edderkopp som blir heilt avgjerande for å binde den litt sprikande forteljinga saman, og ved stundom å vende seg til publikum, får han understreka for ungane i salen at dette berre er teater. Sentrale er også to heilt nyutdanna debutantar. Georg Vada er tydeleg og overtydande som den forheksa Kai. Og Oliver Kjelstad gir ei poetisk og varm tolking av solfyrsten Bhima. Med få i ensemblet og eit utal forskjellige figurar blir det hyppige rolle- og kostymeskift. Røsrud har vald å nytte ulike dialektar som rollemarkørar. I tillegg til at det fungerer godt, blir det ein ekstra dimensjon når Linda Brean Mathisen med utsøkt komisk talent gir oss ei fintrøndersk prinsesse som blir ei lita framsyning i framsyninga.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 18. november 2025.)

Leave a Reply