Om svik og traume

TEATER

ULIKT MEN SAMS: Tre kvinner (Marie Kallevik Straume, Sacha Slengesol Balgobin og Ingrid Alice Kolnes Aas) fortel kvar si traumatiske historie, og taust, men empatisk lyttar ei eldre kvinne (Unn Vibeke Hol). Kanskje har ho vore der sjølv? FOTO: ALEXANDER HERLEV

«Eg slepp ho aldri»
Nordic Black Theatre
Av: Marie Longva Danielsen
Regi: Marie Longva Danielsen
Scenografi og kostyme: Sacha Slengesol Balgobin
Musikk: Jon Werede Hope
Lysdesign: Shiva Sherveh
Koreografi: Sigrid Edvardsson
Med: Ingrid Alice Kolnes Aas, Sacha Slengesol Balgobin, Marie Kallevik Straume og Unn Vibeke Hol

Tre unge kvinners ulike traumatiske historier etter møte med svikefulle menn, formidla med innsikt og innleving.

Maria Longva Danielsen (f. 1996) har skodespelarutdanning frå England der ho også deltok i ein del produksjonar før ho kom heim til Norge. Her heime har ho som skodespelar førebels berre vore med i Tiril Pharos «Korn» i fjor. Men som dramatikar, og etter kvart også som regissør, har ho alt gjort seg godt synleg. Ho debuterte med sceneteksten «Eg slepp ho aldri» på Norsk Dramatikkfestival i 2023, der den blei kåra til ein av dei tre vinnartekstane. Nå har ho tatt teksten vidare og i eigen regi sett han opp med urpremiere på Nordic Black Theatre i Oslo i midten av november. Det var ein meir enn lovande debut, både som dramatikar og regissør.

Scena er enkel med nokre få trelegger som kan nyttast til ulik møblering. Her møter vi tre unge kvinner som framfører kvar sin monolog. Historiene deira har det sams at dei handlar om ulike former for overgrep, og kva det gjer med dei tre, korleis dei handterer trauma og om kampen for å vinne att kvardagen. Forteljingane glir over i kvarandre slik at framsyninga går ut og inn av, og hoppar ganske saumlaust mellom dei. Men utan at det er noka form for interaksjon mellom dei tre kvinnene. Den einaste samhandlinga står ei eldre kvinne (Unn Vibeke Hol) for gjennom utsøkt og neddempa kroppsspråk og små gestar som meir enn ord fortel at ho lyttar og forstår.

Dei tre kvinnene har ikkje namn, men dei sjølvbiografiske forteljingane deira og tydeleg og karakteristisk spel gir dei raskt identitet og særmerke. Den første vi møter, er den eldste av dei (Marie Kallevik Straume). Ho ber på eit litt udefinert traume som vi, etter kvart som ho fortel om sitt noko tvitydige forhold til faren, forstår høgst truleg er eit overgrep i hennar yngre barndom. Det gjer henne sosialt utilpass med mange former for tvangsnevrosar som frå utsida kan verke ganske komiske. Og sjølv om ho drøymer om kjærleik og nærheit, er ho også livredd for det og freistar å fortelje seg sjølv at ho helst vil vere singel. Samstundes som ho er storforbrukar av Tinder. Eigentleg har ho ikkje lyst til å vere vaksen.

Den neste vi møter, er den 19 år gamle førsteårsstudenten (Ingrid Alice Kolnes Aas) som forelskar seg hovudstups, og vel så det, i førelesaren sin. Han er meir enn tjue år eldre, og sjølv om det tar til både vart og vakkert, og for henne som den store, ultimate kjærleiken, fortel ho etter kvart om gradvis endring til fornedring, avvising, kinky sex og overgrep. Men den naive novisa som ho diverre er, lever seg inn i draumen og livsløgna og nektar å innsjå realitetane sjølv når ho eigentleg gjer det. Men utan å ta konsekvensen.

FOTO: ALEXANDER HERLEV

Den tredje kvinna (Sacha Slengesol Balgobin) har opplevd sviket frå den ho trudde var hennar næraste og mest fortrulege venn. Han, som openbart var hennar soul mate (men ikkje kjærast), har forgripe seg på litlesystera hennar etter først å ha skjenka jenta full. Her er reaksjonen eit umåteleg sinne, og eit stort og inderleg ønske om hemn. Ho fortel sjølv at ho ikkje likar skrekkfilmar, men når ho fantaserer meir enn livaktig om kva ho skal gjere med overgriparen, går ho dei verste skrekkfilmane ein høg gang. Det strør ekstra salt i såret hennar når ho opplever at det er ho, som offer, som blir avvist og utstøytt av vennegjengen.

Det er tunge og trasige historier Marie Longva Danielsen presenterer, og ho gjer det med stor innsikt. Men sjølv om ho tidvis går heilt ned på detaljnivå i det smertelege i forteljingane, har ho også greidd å halde på ein viss humoristisk distanse til det heile. Særleg gjeld det i historia om ho som ikkje vil vere vaksen, der nokre av fobiane er ganske komiske, og i tillegg blir presentert med det som kan oppfattast som ørlite grann sjølvironi. Historiene til dei tre, og korleis dei taklar trauma sine, var sjølvsagt ulike, og det er dei nok også i truverd. For meg (som korkje er kvinne eller i tjueåra) var historia om ho som forelska seg i læraren, den som var lettast å leve seg inn i, kjenne att og forstå. Med atterhald om feil alder og kjønn for denne meldaren, var ikkje dei to andre historiene like klåre, og særleg den om ho som ikkje ville vere vaksen, blei for meg litt uforløyst. Og så var nok ein del, men ikkje alt, av det som blei formidla ganske føreseieleg. Men kanskje er det fordi vi for lengst har høyrd så alt for mange slike historier. For det desse kvinnene fortel, er nok diverre kvardagen for mange, meir enn unnataket.

Scenografien til Sacha Slengesol Balgobin er ein del trelegger som blir sette saman og teke frå kvarandre, og som blir nytta til å lage ulike møbel og kanskje ein fallos. Som fysiske element fungerer det greitt, men om det skal liggje nokon større symbolikk i desse treleggene, så er det i så fall vanskeleg å fatte. Marie Longva Danielsen har sjølv regi på framsyninga. Ho har greidd å gi dei tre ulike kvinnene tydeleg identitet og karakter. Og som i eit finmaska nett glir historiene over i og avløyser kvarandre med små brot og ein og annan cliffhanger. Heilt avgjerande for framsyninga er regigrepet hennar med å nytte den eldre lyttande kvinna som med mimikk og kroppsspråk syner medkjensle og empati. Ho er ei som kanskje har vore der sjølv og kjenner smerta til dei yngre utan å kunne gjere anna enn å vere til stades. Og det er ho under heile framsyninga. Unn Vibeke Hol seier ikkje noko, men nonverbalt greier ho likevel på utsøkt vis å kommentere historiene. Det gjer også musikaren Jon Werede Hope som med gitar og andre lydkulisser både skapar stemningar og brot.

«Eg slepp ho aldri» er ein overtydande dramatikar- og regidebut av Marie Longva Danielsen. Med eit usminka språk som går særs rett på sak pakkar ho ikkje inn bodskapen, men er heller ikkje agitatorisk eller doserande. Ho gir oss ein trist, men diverre alt for sannferdig situasjonsrapport som mange, og ikkje minst mange menn, vil ha godt av å sjå.

Leave a Reply