Sporvogn til – ja, til kva?

TEATER

LUKKA ROM: Kva skjer når sju menneske (Oliver Eidem Nyeng, Lasse Ikdal Hiim, Marie Hammergren, Astrid Marie Bjerkmo, Hedvig Ekenes Asp, Christina Mortensen og Inga Ragnhild Skogseth) må samhandle stengd inne i ein førarlaus trikk? FOTO. SAMFUNDET.NO

«Trikken»
Nattframsyninga UKA-25, Studentersamfundet i Trondhjem, Sitatet
Av: Sigrid Johansen Herseth
Regi: Sigrid Johansen Herseth
Scenografi: Signe Kruse-Jensen og Ingrid Mikalsen
Kostyme: Elin Linnea Stenbakken Östgård
Kapellmeister: Camilla Vikingsen
Med: Oliver Eidem Nyeng, Marie Hammergren, Hedvig Ekenes Asp, Astrid Marie Bjerkmo, Inga Ragnhild Skogseth, Christina Mortensen og Lasse Ikdal Hiim

Ei lita perle av ei framsyning om heilt kvardagslege, men likevel djupt eksistensielle forhold.

I år er det tretti år sia Studentersamfundets Interne Teater (SIT) skreiv teaterhistorie ved å setje opp «Vi kjente ham i grunnen ganske godt», den første nattframsyninga under UKA. Det er framleis noko av det beste eg har sett på norsk teater. I åra som har følgd, har nattframsyninga vore SIT si eksperimentelle sandkasse for å utforske og leike seg med den litt svarte og djuptpløyande dramatikken. Det er ein sjanger der fallhøgda er stor, og det skal ho vere. Opp gjennom åra har det sjølvsagt vore produksjonar av særs ulik karakter og kvalitet. Men sams er at ambisjonsnivået er høgt, og skal ein bli god, så må ein sjølvsagt feile frå tid til annan. Som eg også skreiv om framsyninga for fire år sia, er det difor godt å kunne melde at årets produksjon, «Trikken» skriv seg inn i det beste av SIT sine nattframsyningar, og at dette var ei oppsetjing med både stor djupne og mange lag. I tillegg til at ho var stramt regissert og ikkje minst særs velspela.

TILNÆRMING: Ein forsiktig flørt, vakkert og vart framført av Oliver Eidem Nyeng og Astrid Marie Bjerkmo. FOTO. SAMFUNDET.NO

Opphavleg blei nattframsyninga spela i biblioteket midt på natta, men etter kvart er det blitt ettermiddagsframsyning av dei. Men det mørke og litt dystre som ein forbind med natta er framleis kjennemerket, og årets framsyning handla i tillegg reint fysisk om ein trikketur i mørket. Ofte når eg sit på trikken og greier å fri meg frå mobilen, let eg augo vandre over dei andre passasjerane. Og tenker at her er mykje levd liv. Der sit ein roman, og bak han nok ein. Så mange historier, og så mange lagnadar. Litt i same gate har nok forfattar og regissør Sigrid Johansen Herseth tenkt då ho skreiv «Trikken».

Den litt opphøgde scena i Sitatet, er av scenografane Signe Kruse-Jensen og Ingrid Mikalsen møblert med nokre sitjebenkar og ein bakvegg med trikkevindauge. Så enkelt, og så effektfullt, og meir skal det ikkje til. Scena er ein kveldstrikk med etter kvart sju passasjerar. Det tar til med at eit ungt par der ho (Astrid Marie Bjerkmo) openbert ønsker seg at dei skal bli eit verkeleg par, medan han (Oliver Eidem Nyeng) ikkje har tilstrekkelege sosiale antenner til heilt å forstå kva som skjer. Medan dei ventar på, og går på trikken, får vi ein varm og autentisk samtale, ørlite grann klein, slik all slike dialogar er. Som ein fin ouverture til framsyninga set opningsscena standarden for den vidare handlinga. På trikken sit alt ein dresskledd kar (Marie Hammergren), stadig opptatt med å ta imot og svare på mobiloppringingar. Og etter kvart kjem fire andre passasjerar. Det er eit ektepar (Inga Ragnhild Skogseth og Lasse Ikdal Hiim) på veg heim til barn og barnevakt, og der ho er ein kritisist og ganske beisk i replikken medan han er meir fåmælt. Inntil vidare. Og det er ei ungjente (Christina Mortensen) som les Jon Fosse, og som etter kvart syner seg å vere både litt alternativ og religiøs. Og den siste passasjeren er ein mann som truleg er noko påsegla (Hedvig Ekenes Asp), og som difor blir unngått av dei andre.

Så blir vi presenterte for ei rekkje ulike tablå og dialogar, først og fremst mellom ekteparet som openbert ikkje har det heilt greitt i forholdet sitt, og mellom det unge paret som famlar seg sjarmerande fram for å finne ut av sitt gryande forhold. Men også avbrote av dei tre andre. Det er intelligent og observant gjort, og samstundes som dette er relativt inkjeseiande kvardagsprat, er det noko dei fleste vil kjenne seg att i.

FÅFENGD: Dørene er umogelege å få opp, og her er dei stengde inne. Kva skjer då? FOTO. SAMFUNDET.NO

Litt om litt dreg det seg til, for trikken stoppar ikkje, og ute er det stummande mørke. Til alt overmål syner det seg at trikken er førarlaus, og dørene stengde. Slik får vi eit klassisk lukka rom. Og gradvis brer uvisse, redsle og mykje anna seg hjå dei sju passasjerane. Frå å halde strikt på reviret sitt, opnar dei etter kvart opp og tar til å interagere og samtale. Og lag for lag avdekker Sigrid Johansen Herseth kva som skjuler seg bak dei ulike fasadane. Som at ikkje alle er heilt ukjende for kvarandre, og at eit roleg ytre kan skjule eit oppfarande indre. At den som blir hundsa med, med eitt faktisk kan stå opp. Og at den som ingen har tiltru til, kan vere av dei mest rasjonelle. Eg skal ikkje gå i detalj eller drive røpealarm, men i dette vesle kammerspelet greier Herseth å pirra nyfikna vår og presentere sju heilt vanlege menneske som alle ber på sitt. Det er gjort med stor innsikt og fingerspisskjensle.

Scenografien er enkel, og med forsiktig lyssetting blir vi saumlaust flytta frå tablå til tablå. Musikken, som vi meir anar enn høyrer, er med på å skape stemning og stundom litt dramatikk. Spelet til dei sju er formidabelt. To av skodespelarane (Hammergren og Skogseth) er av SIT sine mest røynde og som eg har sett i fleire gode rolletolkingar, men dei fem andre, der tre av dei er heilt nyopptekne i SIT, leverer spel som ikkje står noko attende. Dei har gått skikkeleg inn i rollene og typane dei skal vise. Om eg skal kome med ei lita innvending, er det at skifta frå det rolege til det litt hysteriske og oppfarande stundom ikkje kjem gradvis nok eller tilstrekkeleg motivert. Men det er ein bagatell. I regien har Herseth tatt seg god tid, og ho let aktørane dvele, vente og ta lange pausar slik at situasjonane kan søkkje inn. Korleis det går, er uinteressant, for Herseths prosjekt har vore å vise kva som skjer når vi frå kvar vår trygge tue blir tvungne til å interagere og snakke saman. For menneska er jo sosiale vesen når alt kjem til alt. Gjennom den vesle skissa som «Trikken» i røynda er, har Herseth og SIT greidd det til fulle.

Leave a Reply