TEATER

«Stormen»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: William Shakespeare
Omsett av: André Bjerke
Sett i scene av Verk Produksjoner
Regi og tilarbeiding: Fredrik Hannestad
Scenografi og kostyme: Signe Becker og Jacob Oredsson
Komponist: Per Platou
Med: Øyvind Brandtzæg, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Håkon Mathias Vassvik, Maria Pontén og Isak Holmen Sørensen
Ei oppsetjing med klår tematikk, men ei ikkje like klår forteljing bak.
«Stormen» er eitt av William Shakespeares siste drama og handlar om maktkamp, svik, hemn og forsoning. Prospero er hertug av Milano og har også magiske krefter. Han blir avsett av broren, Antonio, og saman med dottera, Miranda, blir han sett ut i ein båt. Dei driv i land på ei øy der dei møter luftånda Ariel som Prospero frigjer frå fangenskap og slik får som lydig tenar. Og han møter og den innfødde Caliban som han set i lære, men som etter å ha freista å valdta Miranda, blir gjort til slave. Etter tolv år kjem eit skip med broren Antonio forbi. Om bord er også Alonso, kongen av Napoli og hans son, Ferdinand. Med sine magiske krefter manar Prospero fram ein storm, skipet forliser og dei om bord driv i land. Han greier også å skilje dei skipbrotne slik at Alonso trur at sonen er død. Prospero planlegg ein hemn på broren. Slaven Caliban allierer seg med dei skipbrotne for på si side å hemne seg på Prospero. Og oppi det heile blir det eit kjærleiksforhold mellom Miranda og Ferdinand. Når Prospero i finalen har samla alle og kan ta ein gruvsam hemn, ender han i staden opp med både nåde og forsoning.
Trøndelag Teater har fått Verk Produksjoner til å setje dramaet i scene slik dei gjorde med «Markens grøde» for tre år sia. Fredrik Hannestad har tilarbeidd teksten og er ansvarleg for regien. Han har kutta ein god del, også i rollene, men likevel fått fram det vesentlege. I den litt naivistiske spelestilen der det også er ein del ironisk distanse, gir skodespelarane oss scener der dei både er forteljarar og aktørar. Det er openbert at dette ikkje er røynd, men spela teater slik også Shakespeares epilog der Prospero i finalen vender seg til publikum, er med på å understreke.
«Stormen» har mange lag, og denne produksjonen er rik både på dei og ikkje minst dramaets mange tema. Likevel er konklusjonen om nåde og forsoning tydeleg. Men det er ikkje like forståeleg korleis Prospero kjem fram til ei slik erkjenning. Og for dei som ikkje har sett eller lest «Stormen» før, vil eg tru at tematikken er lett å fatte, men ikkje sjølve forteljinga.
Scenografane Signe Becker og Jacob Oredsson har møblert hovudscena ganske sparsamt, kanskje som ein pendant til verdas tomheit. Sjølv om lys, draperi og bruken av bilde på ein bakvegg er fine element, blir scenografien likevel i snauaste laget for det store scenerommet. Den relativt aude scena gjer også noko med avstanden, og eg spør meg sjølv om ikkje oppsetjinga hadde passa betre på ei mindre og meir intim scene.

Øyvind Brandtzæg er Prospero, og gjer det meir som ein betraktar enn ein aktør. Det er ei finstemt tolking han gir oss, men det er overraskande at regien har redusert han til nærast ein tilskodar til og statist i si eiga historie. I staden er det luftånda Ariel som blir den viktige, og ho blir til gjengjeld strålande formidla med både masse energi og overtydande innleving av Madeleine Brandtzæg Nilsen. Dei tre andre aktørane, Håkon Mathias Vassvik, Maria Pontén og Isak Holmen Sørensen, spelar i alt åtte roller, og gjennom parykk- og enkle kostymeskift freistar dei å halde rollene frå kvarandre, utan at det alltid lukkast heilt.
«Stormen» er som eit draumspel, poetisk i uttrykket og tydeleg i tematikk, men sjølve forteljinga er vanskeleg å få tak på. Framsyninga brukar alt for lang tid på å etablere historia, og det er først den siste halvtimen at det verkeleg dreg seg til.
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 28. oktober 2025.)