Ein sliten Peer

TEATER

UKLÅRT: I finalen møter Peer (Espen Reboli Bjerke) knappestøyparen, – eller var det Solveig (Ingrid Unnur Giæver)? FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Peer Gynt»
Rogaland Teater, Teaterhallen
Av: Henrik Ibsen
Tilarbeiding og regi: Hanne Tømta
Scenografi og kostyme: Nora Furuholmen
Musikalsk arrangør: Simon Revholt
Lysdesign: Trygve Andersen
Med: Espen Reboli Bjerke, Øystein Martinsen, Matias Kuoppala, Georg Devendra Apenes, Ingrid Unnur Giæver og Marit Adeleide Andreassen

Ei framsyning som slit med å finne forma mellom draum og realisme, og som blir for episodisk.

Henrik Ibsen skreiv «Peer Gynt» som eit bitande oppgjer med norsk veremåte, og Peer er, trass i at han kan vere sjarmerande, ikkje spesielt sympatisk, men ein skrytande og drikkfeldig horebukk og ein egoist utan sjølvinnsikt. I ettertid er diktverket likevel blitt eit nasjonalepos, mykje takka Edvard Griegs nasjonalromantiske musikk. Og trass i alle Peers lyte og negative sider, er han blitt eit ikon der ein til alt overmål kårar årets Peer Gynt, som om det var noko å trakte etter. Det er difor fortenestfullt med alle tolkingar som går bakom personen, og syner kven Ibsens Peer i røynda var. Fleire regissørar har gjort dette, mellom anna gjennom å gå på innsida og syne Peers indre demonar, slik som i den særs vellukka versjonen som nå går på Teatret Vårt i Molde. Hanne Tømta freistar også ei tilsvarande tilnærming i oppsetjinga på Rogaland Teater.

SLITEN: Ein sliten Peer og fem andre som representerer folk og troll han har møtt opp gjennom livet. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

Settingen er baren i Teaterhallen der vi som publikum kan leske oss medan vi ventar på framsyninga. Så blir det rydda og Espen Reboli Bjerke som Peer set seg ved disken. Og i ein forenkla og nedkorta versjon får vi presentert ein femti år gamal, sliten, litt utlevd og truleg også noko forfylla Peer som ved bardisken møter seg sjølv og ser attende på livet sitt. Her er også ein bartender og fire andre gjestar, og dei vekslar på å spele alle dei andre rollene i historia, eller kanskje i vel så stor grad minne Peer på alle han har møtt opp gjennom livet. Det er ein spennande vri, men som heller ikkje er ny. Lerkefugl Produksjoner og Ida Høy laga for fem år sia framsyninga «Peer på pub» med berre fire aktørar og ein musikar, og der dei tok prosjektet heilt ut i det humoristiske og nesten absurde.

Nora Furuholmens scenografi er ein stor bar, eit piano og eit par kafébord. Det syner seg å vere tilstrekkeleg. Men kostyma hennar kunne ha vore litt meir omfattande, for dei blir for få og anonyme til å kunne gi tilstrekkeleg identitet. Ved denne bardisken i Teaterhallen får Peer etter kvart repetert heile livet sitt i same kronologi som i originalmanuset. Det tek til ganske lovande med bukkerittet der Bjerke i staden for den virile og kaute Peer viser ein eldre og noko utlevd skrytepave i retrospekt, truleg litt i bakrus, og der Marit Adeleide Andreassen syner ei mor Åse som let seg overtyde og forføre. Her får aktørane tid til å dvele og gå i djupna og då blir også scena tydeleg og sterk. Men så held det fram litt over stokk og stein. På berre to timar inklusive pause er framsyninga innom det meste utanom «prestens tale» og Peers forsøk på å få Dovregubben til å reinvaske seg. Når det samstundes er berre fem aktørar som skal spele alle dei andre rollene utan store skift i kostyme, blir det vanskeleg å henge med. Sjølv har eg både lese og sett «Peer Gynt» eit utal gongar, men ein førstegongsbesøkande vil i denne oppsetjinga ha store problem med å forstå kva som skjer. Det heile blir episodisk og få av tablåa får høve til å etablere seg. Slik får også dei seks skodespelarane alt for lite å spele på, og tidvis blir framsyninga nesten resiterande og meir som ei ilesesetjing.

Sjølv om dei seks på scena har fått i minste laget å spele på, var det stundom likevel mange fine tolkingar. Når han fekk høve til å dvele i rolla, gav Espen Reboli Bjerke oss ein sliten og attendeskodande Peer som ein kunne tru på. Øystein Martinsen greidde med lågmælt og finstemt spel å gi gode nyansar til alle dei fire han formidla. Og så var Ingrid Unnur Giæver ei særs gåtefull Solveig som berre med små blikk og mimikk nesten blei som ei hildring for Peer.

Ideen om å la ein sliten Peer sjå attende på livet ved ein bardisk er god, og mang ein bartender kan sikkert skrive under på alle erkjenningane som har kome etter nokre drinkar. Men denne framsyninga blir for springande, og slit samstundes med å bestemme seg for om ho skal vere realistisk eller spela i ei draumeverd. Finalen blir symptomatisk for akkurat dette når Solveig og knappestøyparen brått blir eitt. Eller er dei kan hende to ulike personar med saumlaust skift?

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. oktober 2025.)

Leave a Reply