Sterkt og gripande om ei viktig historie

TEATER

KRIGENS BRUTALITET: Forteljinga om Erling Nordstrøm (Mathias Melsæter Rydjord) er inga romantisering av den spanske borgarkrigen. FOTO: TORBJØRN SOLSTAD

«No Pasarán!»
Steinkaret, Steinkjer kulturhus
Produksjon: Roar Tromsdal i samarbeid med UL Ogna og LO i Steinkjer og omegn
Av: Torvald Sund
Regi: Roar Tromsdal
Digital regi: Torbjørn Solstad
Kostyme: Foreningen for levende historie, Styggedalsnemnda
Med: Mathias Melsæter Rydjord og Sandra Paulsen Storhaug

Eit uvanleg sterkt, gripande og framifrå drama om Erling Nordstrøm, ein av dei norske friviljuge i den spanske borgarkrigen.

Den spanske borgarkrigen (1936-1939) er eitt av førre hundreårets svartaste kapittel i europeisk sivilisasjonshistorie. Med opne auge lèt europeiske demokrati, inklusive vårt eige, general Francos falangistar, med solid støtte frå Hitlers Tyskland og Mussolinis Italia, få slå ned den lovleg valde regjeringa i Spania, slakte ned tilhengarane av republikken, og med det innføre eit fascistisk diktatur som varte heilt til midten av 1970-talet. Ikkje berre lét vi den spanske republikken i stikka, men det blei også ulovleg å reise til Spania for å delta i dei internasjonale brigadane som blei sette opp for å hjelpe republikken i kampen mot falangistane. Likevel trassa mellom 240 og 300 nordmenn forbodet, og fleire døydde anten i kamp eller i fangenskap. Berre 110 kom heim i live. Ein av dei som ikkje gjorde det, var den tretti år gamle Erling Nordstrøm frå Ogndal i nåverande Steinkjer kommune.

Erling Nordstrøm var son av ein svensk rallar og ei norsk mor, og blei sett bort til Olava og Ole Schjønberg i Ogndal. Særleg Olava var sterkt religiøs, og det er mykje som tyder på at oppveksten kan ha vore streng. Det var først då Nordstrøm byrja i skulen at han fekk vite om opphavet sitt. Ein lærar ga han klår beskjed om at namnet hans ikkje var Schjønberg, men Nordstrøm. I følgje læraren var Erling ein lausunge, korkje meir eller mindre. Slikt er sjølvsagt med på å prege eit barnesinn. I Schjønbergfamilien vaks Nordstrøm opp med ei fostersyster, og ho har i ettertid fortald dramatikaren Torvald Sund detaljert om oppveksten og det tidlege livet til Erling, heilt til han drog til Spania i 1937 og ho fekk overta grammofonen hans, – og kanskje også nokre plater med jazzmusikk? Etter dette er det berre diverse skriftlege faktaopplysingar som finst om Erling, samt det som svenske medfangar i konsentrasjonsleiren San Pedro de Cardena har fortald. Med mykje kunnskap om og studiar av den spanske borgarkrigen, og om situasjonen både her heime og i Europa på den tida, har Torvald Sund dikta resten av historia. Det han fortel er neppe slik det var, men det kunne godt ha vore det.

Det tek til med slutten der vi blir presenterte for dødsannonsen til Erling, ei unnseleg notis der Olava og Ole fortel at fostersonen døydde i San Pedro de Cardena i Spania den 5. oktober 1938. Så tek Sund til å nøste opp historia gjennom først eit brev Erling skreiv då han drog om at han ville vekk frå folkesnakket. Og kanskje også flukt frå anna, som det at han hadde ein son som han ikkje hadde kontakt med. Vi får inntrykk av ein litt utilpass, introvert og rotlaus kar, organisert i Skog- og landarbeidarforbundet og etter kvart medlem i Norges Kommunistiske Parti. Alt dette blir presentert i monologs form av Mathias Melsæter Rydjord som spelar Erling, men også ein del andre roller, og med forsiktig assistanse av Sandra Paulsen Storhaug som spelar den svenske kompisen Gösta, fostersystera, kjærasten i Spania, og nokre av dei mange andre menneska Erling møtte.

Steinkjer kulturhus har ei litt spesiell biscene, Steinkaret, ein slags black box, som i røynda er ein grey box, eit kvadratisk rom med fire grå veggar. Der har Torbjørn Solstad rigga til ein scenografi litt utanom det vanlege. Som publikum sit vi midt i rommet med berre eit lite amfi i midten, men også med avstand til veggane på alle fire sider. Det gir dei to skodespelarane høve til å spele både rundt oss på alle fire kantar, og mellom oss. Samstundes er det ingen fysisk scenografi, men historiske og illustrerande bilde blir projiserte opp på dei fire veggane. Det gjer at vi kjem særs tett på og blir i dobbel tyding omslutta av framsyninga. Dette er ein effekt regissøren Roar Tromsdal, har nytta til fulle for sjeldan har eg følt meg meir som del av framsyninga enn i denne.

For å byggje autentisitet i forteljinga har Torvald Sund laga ei mengd små tablå som underbyggjer det som skjer med Erling. I skildringa av den politiske oppvakninga hans, er vi mellom anna med han på eit fagforeiningsmøte der talaren held ei oppeldande tale som gjorde sterkt inntrykk på han. Og både i innhald og ikkje minst framføring, var det absolutt til å forstå, for dette var så livaktig og godt agitatorisk framført at det var lett, også for ein blasert teaterpublikummar, å bli riven med.

Og slik held det fram. Rydjords presentasjon av Erling og nokre av folka rundt han, som til dømes kommandanten som held «julegudsteneste» i Spania, er uvanleg livaktig og overtydande, og det blir spela med enorm energi og innleving. Ei scene der Rydjord er ein falangist dei har teke til fange, og som dei avrettar, er minst like sterk, og samstundes med på å komplettere det samansette bildet denne framsyninga gir. For vel er både Erling og dei andre i dei internasjonale brigadane heltar, men dette er inga romantisering av krigen og republikkens motstandskamp. Langt i frå, for her får vi også krigens brutale vondskap. Det handlar om kulda og lidingane i skyttargravene, mangel på det meste, også mat, om lus og anna jævelskap. Men samstundes om internasjonal solidaritet, kameratskap og samhald. Og om ei gryande forelsking til Maria, ein spansk helsearbeidar. Slik følgjer vi Erling gjennom eit år i Spania, gjennom kameratskap og kjærleik, venting, svolt, harde kampar, og der sigersoptimismen minkar etter kvart som fleire og fleire dør. Dei manglar det meste, skansane fell og eit vendepunkt er det når bestekompisen Gösta blir tatt av ein snikskyttar, ein prest i eit kyrkjetårn. Krossen Erling hadde fått med frå fostermora ber på doble bodskap for kyrkjas rolle i borgarkrigen var langt frå ærerik. Tvert om.

OVERTYDANDE SPEL: Sandra Paulsen Storhaug og Mathias Melsæter Rydjord leverer solide og truverdige rolletolkingar. FOTO: TORBJØRN SOLSTAD

På berre ein time, men den er til gjengjeld ekstremt tett og intens, har Torvald Sund, og regissør og produsent Roar Tromsdal greidd å pakke inn eit utal aspektar og historier, men på eit vis der dei glir saumlaust over i kvarandre utan at det blir vareoppteljing av det. Det skuldast også i stor grad det gode spelet til dei to aktørane. Sandra Paulsen Storhaug glir synkront ut og inn av kostyme og ulike roller og med neddempa spel greier ho å fylle rollene som alle rett nok er viktige, men som likevel blir statistar i Erlings historie. For det er først og fremst den tolkinga Mathias Melsæter Rydjord her gir av Erling (og nokre andre) som dette dreier seg om, og som er verkeleg imponerande. Gjennom dei siste sju åra har eg sett Rydjord i ei rekkje oppsetjingar, dei fleste ulike spel, men aldri har eg sett ei rolletolking som denne. Ein times kraftprestasjon utan eit sekunds kvile, energisk, truverdig og på alle vis overtydande. Dette er skodespelarkunst på høgt nivå.

Då regissøren Roar Tromsdal sa ja til dette prosjektet, tenkte han straks på Steinkaret, det spesielle formidlingsrommet i Steinkjer kulturhus der du kan oppleve 360° teater. Det viste seg å vere rett tenkt. Og i den vidare regien har Tromsdal utnytta dette spesielle rommet til fulle og laga ei framsyning der vi, utan å vere deltakarar, likevel kjenner oss som om vi er midt i det som skjer.

Torvald Sund har gjennom eit langt liv som dramatikar ofte henta fram situasjonar og personar som har eller er i ferd med å gå i gløymeboka, men som fortener å bli hugsa. Som i «Eg vil skapa min himmel på jord» om Julie Næss som i tillegg til mykje anna også var initiativtakaren til dagens Handikapforbund. I år har det vore heile tre urpremierar på berre tre månadar med tekst av Torvald Sund. Først «Svik, Sarajevo 1984» om trenarlegenda Magnar Lundemo, dernest rockeoperaen «Det brinn på kvart fjell» om ein norsk kommandant med samvitskvalar under Armfeldts felttog i Trøndelag i 1718. Og nå historia om Erling Nordstrøm. Sams for dei alle er grundig og god research. Men aldri har eg opplevd at Sund har laga eit tettare, meir intenst og gripande drama enn dette. Sundag var det siste framsyning for «No Pasarán!». Det vesle visningslokalet i Steinkjer tek berre i underkant av femti personar, og etter berre ti framsyningar, er det alt for få som har fått høve til å sjå denne heilt unike og sterke dramatiseringa av eit viktig stykke samtidshistorie. Både fordi stykket kunstnarleg held eit særs høgt nivå, og fordi det, særleg med tanke på verdssituasjonen akkurat nå, også er ei viktig historie, må det vere nokon der ute som vil gi denne framsyninga til eit større publikum.

One Response to “Sterkt og gripande om ei viktig historie”

  1. Bjørn Krogstad sier:

    Flott orientering!

Leave a Reply