Varmt, absurd og sprikande

TEATER

SMAKSPRØVE: Nils Ezekiel (Fabian Heidelberg Lunde) testar sukkertøyet hjå Marte Svennerud (Marianne Meløy) men på grunn av faren vågar han ikkje ta med resten heim til syskena. FOTO: VEGARD EGGEN

«Itj no’ knussel»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Tyra Tønnessen etter Barbra Ring
Regi: Tyra Tønnessen
Scenografi: Katrin Bombe
Koreografi: Kristin Hjort Inao
Lysdesign: Eivind Myren
Komponist/arrangør: Åsmund Flaten
Med: Marianne Meløy, Trond-Ove Skrødal, Maria Lingfors, Ingrid Bergstrøm, Ingunn Beate Strige Øyen, Alexander Karlsen El Younoussi, Fabian Heidelberg Lunde, Sunniva Du Mond Nordal, Arturo Scotti og Christian Eidem

Ei framsyning som slit med for mange tema og manglande retning.

For dei av oss som har levd ei stund, er utsegna «Itte no’ knussel» eit kjend munnhell. Sitatet skriv seg frå ei novelle av Barbra Ring i barnebladet Magnes juleutgåve i 1908. Den vesle historia handlar om bygdas rike, men barnlause landhandlar, Marte Svennerud, som er nådelaus mot dei som kan betale, men like raus med dei som slit. Lærar Hansen og kona hans har sju ungar i alderen to til fjorten, og når dei båe dør rett før jul, samlar presten bygdas folk for å fordele ungane. Som den rikaste, får Marte Svennerud velje først, men då det syner det seg at alle sju helst vil til henne, utbryt ho: «Itte no’ knussel. Je tek alle sju.»

LÆRARFAMILIEN: Familien Hansen frå yngst til eldst. FOTO: VEGARD EGGEN

Barbra Ring (1870-1955) var ein av dei fremste og mest produktive barnebokforfattarane i første halvdel av 1900-tallet, men det er først og fremst novella om Marte Svennerud som står att i arven etter henne. Det er ei historie om eit godt og raust menneske frå ei tid då tryggingsnetta var få, barnelovene ennå ikkje vedtekne og foreldrelause barn kunne bli både kasteballar, misbrukte og utnytta. Men novella er alt for stutt til å kunne lage ei heilaftans framsyning. Når dramatikaren og regissøren Tyra Tønnessen skulle dramatisere historia, har ho difor forsynt seg av andre av Rings bøker og dikta inn likt og ulikt frå dei, og kanskje litt i meste laget.

Utan å avsløre for mykje, viser det seg i Trøndelag Teaters oppsetjing at Lærar Hansen (Trond-Ove Skrødal) og Marte Svennerud (Marianne Meløy) i si tid hadde eit forhold som av ulike grunnar stranda. Det gjer at læraren heller vil svelte enn å ta i mot almisser frå Marte. Å vere stolt kan vere ein god eigenskap, men alt kan bli overdrive. Læraren har innprenta den same stoltheita i både kona (Maria Lingfors) og ungane, men utan å røpe kvifor, og i tillegg har han lært dei at det er feil å takke for gåver(!). Slik blir denne framsyninga vel så mykje ei historie om å vere stolt, om takksemd, klassekjensle og ulike former for rikdom. Og oppi det heile litt opplæring i folkestyre, og ein god porsjon moralisme. I dette uforløyste mangfaldet ligg det meste av problema i denne litt sprikande historia som slit med å finne si eiga retning og kva ho eigentleg skal handle om.

TILSYNELATANDE IDYLL: Familien Hansen nokre dagar før tragedien råka dei. FOTO: VEGARD EGGEN

Regien til Tyra Tønnessen er leiken, og ho krydrar framsyninga med surrealisme og langt meir metateater enn det som er vanleg i familieframsyningar. Det tek til spennande og kreativt når Babben (Ingrid Bergstrøm), den tredje eldste av dei sju ungane, kjem fram på scenekanten og fortel at dette ikkje er ei vanleg julefortelling, for her skal to døy. Og samstundes ufarleggjer ho det heile ved å understreke at dette både er «gamle dagar» og teater, før ho på ganske humoristisk vis presenterer dei seks syskena sine og foreldra. Men når handlinga tek til, blir det fort litt for mykje suppe på ein spikar, lite innhald, og kompensasjon med overspel og gags. Det er stundom artig, varmt, absurd og overraskande. Men diverre blir det like ofte langhalm og trekt ut i det outrerte, og med alt for mange og sprikande tema.

Men mot slutten kjem det eit kraftig brot når Ingrid Bergstrøm framfører ein umåteleg vakker nyskriven song av Åsmund Flaten før vi er attende på sporet til innhaldet i tittelnovella, og vi får oppleve den kostelege, velspela og ikkje minst rørande barnefordelinga. Då er det berre å lene seg attende og kose seg. Og sjølv om eg kjenner denne historia nesten utanåt, er det vanskeleg å stenge tårekanalane når Marte Svennerud, spela med fingerspisskjensle av Marianne Meløy, seier dei forløysande orda.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 18. oktober 2025.)

Leave a Reply