Ei gryande sjølvkjensle

TEATER

ALDRI FOR SEINT: Sjølv om ein er 63 år og utan peiling kan ein bli fotballtrenar i Borg. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

«Britt-Marie var her»
Teatret Vårt, Arbeideren, Ålesund
Av: Fredrik Backman
Dramatisering: Kjersti Sandal
Regi: Johanna Mørck
Rom og lys: Jonas Fuglseth
Koreografi: Zezé Kolstad
Med: Astrid Overaa

I denne litt uferdige framsyninga ser vi at det aldri er for seint å forsyne seg av livet.

Den svenske forfattaren Fredrik Backman (f. 1981) brakdebuterte i 2012 med romanen «En mann ved navn Ove» om ein 59-årig einstøing dei fleste kunne kjenne att. Boka blei ein internasjonal bestseljar, dramatisert tre år etter, og er filmatisert både i Sverige og USA. I 2014 ga Backman ut romanen «Britt-Marie var her» med litt tilsvarande tematikk. Og i 2019 blei også den filmatisert.

KULTURKOLLISJON: Britt-Marie var ikkje budd på å bli fotballtrenar. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

Britt-Marie er ei heimeverande kvinne på 63 år. I eit kontaktlaust samliv med Kent som tener pengar og lever livet, er kvardagen hennar reinhald og matlaging. Når ho etter førti års ekteskap oppdagar at Kent er utru, tek ho endeleg eit sjølvstendig val. Ho forlèt mannen. Men utan utdanning og arbeidserfaring er det lite å velje i. Ho får jobb som fritidsleiar i den vesle gudsforlatne plassen Borg. Etter finanskrisa er alt utanom pizzasjappa lagt ned, og plassen har lite å by på, særleg for dei unge. Men fotballen har dei. Jamvel om dei er langt frå gode, har ungdomane stor glede av å trene på den lokale parkeringsplassen. Det går mot ei turnering, og ungane treng ein trenar. Det må då vere rette jobben for aktivitetsleiaren? Slik blir Britt-Marie trenar utan å ha den minste kunnskap om fotball. Gradvis utviklar det seg eit nært forhold mellom Britt-Marie og ungane. Særleg til den kloke, og fritalande Vega som får Britt-Marie til å vakne. Fotballturneringa går betre enn venta, Britt-Marie får styrka sjølvkjensle, og Kent freistar å få henne attende.

Boka (og filmen) er ei bittersøt og romantisk forteljing om sjølvrealisering, vennskap og om å vakne opp. Når Kjersti Sandal, til dagleg skodespelar ved Teatret Vårt, har dramatisert historia som ein monolog, har ho i hovudsak vore tru mot tematikken, men kutta mykje i persongalleri i tillegg til å ta seg ein god del fridom i innhaldet. Den største endringa, er at den gryande romansen med stadens nyskilde politimann er tatt vekk. Men her er meir enn nok att av Backmans tematikk, og eg trur personleg at Sandal kunne ha kutta endå meir.

MATLAGING OG REINHALD: Livet har vore trivialitetar, og det tek Britt-Marie i starten med seg. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

Det er Astrid Overaa som spelar Britt-Marie (og fem-seks andre roller). Overaa er ein institusjon og levande legende i Ålesunds teaterliv. Ho grunnla og dreiv Teaterfabrikken i nærare tretti år, og har, trass manglande formell teaterutdanning, spela i eit utal oppsetjingar. For sju år sia ga ho oss ei sekstiårig, og slik sett heilt annleis, «Lilly Valentine» der ho på overtydande vis braut både tabu og fordommar om kvinners aldring og kroppslege forfall. Britt-Marie er ei litt tilsvarande kvinne, ei som omsider vaknar og finn ut at det er aldri for seint å smake på livet. Overaa er nok tøffare og meir fandenivaldsk enn bokas hovudperson, og det gir ein litt annan dimensjon, samstundes som utviklinga og oppgjeret hennar er minst like truverdig. Og det hjelper at Overaa i tillegg er særs god på å sjarmere publikum. Den nærare fem kvarter lange framsyninga er både tekstrik og krevjande, så vi får bere over med at det blei vel mykje suffli på premieren. Slikt brukar å gå seg til.

Johanna Mørck, også ho til dagleg skodespelar ved Teatret Vårt, debuterer her som regissør. Saman med rom- og lysdesignar Jonas Fuglseth, har ho skapt ei scene som på enkelt vis kan symbolisere både innbytarbenken og dei rammene Britt-Marie må kjempe seg ut av. Med unnatak av at framsyninga er litt uferdig, kjem Mørck i hovudsak godt frå regioppgåva. Men ho kunne med fordel ha gjort dei ulike figurane Overaa spelar litt tydelegare slik at dei blei lettare å skilje frå kvarandre.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 20. oktober 2025.)

Leave a Reply