Med flagget til topps

TEATER

TRETTEN TIL BORDS: Symbolikk og bibelske referansar er det mykje av, som i dette måltidet leia av Mark (Karl Bekele Steinland). FOTO: VEGARD EGGEN

«Rent»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Jonathan Larson
Arrangement: Steve Skinner
Konsept/ekstra songtekstar: Billy Aronson
Musikalsk rettleiing og tilleggsarrangement: Tim Weil
Omsett av: Kristofer Blindheim Grønskag og Maren E. Bjørseth
Regi: Maren E. Bjørseth
Scenografi: Olav Myrtvedt
Kostyme: Tone Aminda Gøytil Lund
Koreografi: Charlott Madeleine Utzig
Lysdesign: Oscar Udbye
Lyddesign: Eskild Johansen Næss
Musikalsk leiar: Åsmund Flaten
Med: Karl Bekele Steinland, Snorre Ryen Tøndel, Natalie Grøndahl Tangen, Emma Caroline Deichmann, Synnøve Fossum Eriksen, Daniel Mauricio, Patrick Hilmar Ingvaldsen, Vegard Bjørsmo, Thomas Jensen Takyi, Tiril Ramberg, Bendu Hammervold, Ingrid Myhre Løvik, Karen Bernardino, Tor Ivar Hagen, Fredrik Vildgren og Audun Kvam

Ein situasjonsrapport og ein velspela musikal som likevel ikkje greier å formidle smerta og lidingane med eit liv truga av hiv og aids.

IKKJE AKKURAT SØT MUSIKK: Det var langt frå kjærleik ved første blikk då Mimi (Natalie Grøndahl Tangen) og Roger (Snorre Ryen Tøndel) møttest første gong. FOTO: VEGARD EGGEN

Då hiv og aids herja som verst på 1980- og 90-talet, var det ingen stader som blei hardare råka enn dei skeive miljøa og subkulturane i New York City. Medan helsevesen og homo-organisasjonane her i landet samarbeidde tett for å minimalisere omfanget, var det festing, dop og business as usual i New York. Med bakgrunn i dette, med inspirasjon frå Puccinis opera «La Bohème» frå 1896, og med symbolikk og bibelske referansar, skreiv den amerikanske komponisten og dramatikaren Jonathan Larson musikalen «Rent» som hadde premiere i 1996. Den fanga tidsånda og blei ein stor suksess. Norgepremiere var på Trøndelag Teater i 1999, og sidan er den her heime berre blitt sett opp i ein konsertversjon av Rikskonsertane i 2001. Nå har Trøndelag Teater sett den opp att. Sjølv om song, musikk og dans er forrykande, og ein i programmet freistar å knyte handlinga opp til dagens handsaming av LHBTQ+, blir framsyninga i hovudsak berre eit tidsbilde frå New York for trettifem år sia.

Vi er i East Village i jula 1991. Trass i at hiv og aids har herja bydelen i ti år, er det full fart, dop, festing, og få som tar virus og sjukdom på alvor. Som tittelen «Rent» viser til (i tillegg til manglande husleige), er livet berre til låns, og med flagget til topps får ein leve mens ein kan. Her møter vi forfattarens alter ego, Mark (Karl Bekele Steinland) som fortel, betraktar og videofilmar det heile. Romkameraten, Roger (Snorre Ryen Tøndel), er hiv-smitta, og vil komponere den ultimate låta før han dør. Den prostituerte junkien Mimi (Natalie Grøndahl Tangen) legg an på han, og det umake og særs vanskelege kjærleiksforholdet deira er gjennomgangstema i historia. Mark og Roger greier ikkje husleiga, og i nabolaget er det ein teltleir for heimlause. I dette miljøet møter vi ei mengd menneske av ulike slag og legningar, litt i meste laget for å henge heilt med. Men sentralt er to skeive par med heilt forskjellige lagnadar. Det er Tom Collins (Daniel Mauricio) og transen Angel (Vegard Bjørsmo) der Angel etter kvart lir ein smertefull død. Og det er aktivisten og juristen Joanne (Synnøve Fossum Eriksen) og den frodige performanceartisten Maureen (Emma Deichmann), to som trass i mykje om og men, likevel ser ut til å greie seg. I dette sjølvskadande miljøet er det likevel både varme og omsorg, og også mykje, men vanskeleg, kjærleik.

Olav Myrtvedts scenografi er ei ope scene med enkle stillas på båe sider og orkesteret plassert på ei mobil plattform i bakkant. Ved hjelp av Oscar Udbyes særs gode lyssetting, blir det skapt fine rom og situasjonar, og med rikeleg plass til store opptrinn og dansetablå. Orkesteret, leia av Åsmund Flaten, leverer musikalsk akkompagnement med trøkk og driv, men utan å overdøyve songarane.

Larsons tekst og dramaturgi er komplisert, og det er for mange og uklåre lagnadar. Det tar difor lang tid å etablere rollene. Med tidsriktige rekvisittar og påklednad, freistar regissøren Maren Bjørseth å fange tidsånda frå East Village i 1991. Men ho lukkast diverre i for liten grad, særleg når det gjeld å kome under huda på og forstå dei ulike menneska. Det blir meir ein situasjonsrapport og spela teater, og med unnatak av nokre scener i andre akt, er det for lite att av den frosten, lidinga, smerta, frykta og alle dei andre kjenslene som må ha prega desse menneska. Men dødskampen til Angel var overtydande tolka av Vegard Bjørsmo.

SURREALISTISK HØGDEPUNKT: Emma Caroline Deichmann som performanceartisten Maureen. FOTO: VEGARD EGGEN

Ensemblet er samspelte, og koreografien til Charlott Madeleine Utzig sit bra. Ettersom her er både skodespelarar og songarar, og ikkje alle meistrar alt, er song- og spelprestasjonane noko varierte. Men stemmeprakta til både Snorre Ryen Tøndel og Natalie Grøndahl Tangen er framifrå. Emma Deichmann leverer eit heilt surrealistisk tablå som er framsyningas høgdepunkt, og så var Karl Bekele Steinlands neddempa spel som Mark ein nydeleg kontrast og kommentar til alle dei andre.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 26. september 2025.)

Leave a Reply