To sjølvmedvitne menn

TEATER

KULTURKOLLISJON: Trass i at losen Nordhuus (Roger Opdal Paulsen) og Keisar Vilhelm II (Olaf Leiros Galicki) på alle vis var eit umake par, fann dei noko hos den andre. FOTO: LARS SOLBAKKEN

«Keiserlosen»
Nordland Teater, Brønnøy samfunnshus
Av: Hanne Brincker og Ketil Kolstad
Regi: Terje Ranes
Scenografi og kostyme: Mariann Rostad
Maskør: Eva Sharp
Lysdesign: Johan Haugen
Lyddesign: Thomas Hammer
Med: Roger Opdal Paulsen og Olaf Leiros Galicki

Sjølv «stabile geni» må stundom gi tapt for lokal ekspertise. Og også umake par kan bli nære venner.

ORIGINALANE: Keisar Vilhelm II og keisarlosen Johan Pareli Nordhuus.

På ei kunstutstilling i Berlin såg den tyske keisaren Vilhelm II (1859-1941) eit måleri frå Digermulen og bestemte seg for at dit skulle han. Det blei starten på den nordnorske masseturismen, og frå 1889 og fram til verdskrigen braut ut sommaren 1914, vitja Vilhelm Norge kvart år med lystyachten sin «SMY Hohenzollern». Til det trong han ein god los. Valet fall på Johan Martin Pareli Nordhuus (1849-1923). Det skulle utvikle seg til eit 25-årig vennskap mellom ein av verdas mektigaste monarkar og ein røsleg los frå Brønnøy på Helgelandskysten. Forholdet deira var godt kjend i samtida, og blei omtala i presseartiklar over heile verda. I 1935 skreiv Lars Hansen boka «Keiserlosen», og i desse dagar kjem ei ny bok, «Hohenzollerns siste los», skriven av Tor Erlend Nordhuus, keisarlosens oldebarn.

Med utgangspunkt i boka frå 1935 og eiga slektsgransking, har nytilsett sjef på Nordland Teater, Ketil Kolstad, saman med kona, Hanne Brincker, skrive dramaet «Keiserlosen» som hadde premiere i Brønnøysund torsdag. Det er blitt ei anekdotisk forteljing om to heilt ulike personar som på eitt eller anna vis likevel fann noko hos den andre. Den som ser etter eit psykologisk drama om dette umake paret, må gå til andre kjelder, for Brincker og Kolstads prosjekt har nok vore å skape rein nordnorsk underhaldning.

Terje Ranes, ein røynd frilans skodespelar, debuterer her som regissør, og har nytta ei mengd ulike gags og metagrep for å bygge opp under humoren og underhaldningsaspektet i forteljinga. Med unnatak av at det dramaturgisk stoppar litt opp midtvegs, har han i hovudsak lukkast.

RØSLEG: Losen Nordhuus (Roger Opdal Paulsen) var ein kraftig kar. FOTO: LARS SOLBAKKEN

Det tek til med at Roger Opdal Paulsen som losen Nordhuus vender seg til publikum og syner fram gulluret han fekk av keisaren. Før vi møter Vilhelm sjølv (Olaf Leiros Galicki) som på si første reise til Norge trong ein los. Raskt forstår vi at dette er to særs sjølvmedvitne karar som ikkje let seg pille på nesa. Vilhelm trur openbert at han er «eit stabilt geni», og at han kan styre skipet like godt som losen, men etter ei dramatisk ferd gjennom det tronge Stokksundet, må han motviljug erkjenne at vel er han keisar av Guds nåde, men det held ikkje for norske fjordar. Og når losen skal gjere sine hoser grøne for keisaren, får vi sjå ein skrønemakar og ein ellevill parodi på bukkerittet til Peer Gynt.

Premieren var i ein sliten gymsal i Brønnøysund, og scenografien til Mariann Rostad er enkel og tilpassa turné og slike små scener. Nokre segl med artig bruk av skuggebilde, og ein mobil vegg som effektivt kan bli både skipsdekket og den keisarlege lugaren. Og kostyma ho har utstyrt keisaren med, er fulle av kreativitet og humor.

KEISARLEG MUNDUR: Knebelsbart og medfødd kroppslyte (stuttare venstrearm). FOTO: LARS SOLBAKKEN

Så følgjer vi dei to gjennom storm og stille, jakt og drykk i anekdote etter anekdote. Roger Opdal Paulsen er stor og kraftig med losjakke og eit vilt skjegg, og får godt fram den i overkant sjølvmedvitne kjentmannen som veit at på sjøen er det han som er keisar. Medan den langt mindre Olaf Leiros Galicki med knebelsbart og keisarlege mundurar syner ein monark som slit med å erkjenne at i slike farvatn er han berre andrestyrmann. Og ettersom Nordhuus var ein avislesande og opplyst kar, er bakteppet også den geopolitiske situasjonen.

EIN KULE VARMT: Kontroversar kunne det også vere. FOTO: LARS SOLBAKKEN

Vilhelm hadde diverse kroppslyte frå ein vanskeleg setefødsel, og til liks med alle stormenn, freistar han å løyne dei. Verre å skjule er det at kroniske smerter gjorde han ustabil og oppfarande, og det gjekk mang ein kule mellom keisar og los i løpet av desse åra. Dei to på scena får godt fram både kontroversane og vennskapen, men innimellom blir spelet vel høgrøysta og litt for lite rikt på nyansar.

«Keiserlosen» er nok meir rorbu og fri dikting enn eit historisk drama. Personleg kunne eg ha ønska meg litt høgare ambisjonar, men på underhaldande, og tidvis litt overspela vis, får vi likevel eit artig innblikk bak den keisarlege fasaden.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. september 2025.)

Leave a Reply