Ei Hedda til å forstå

TEATER

DØYDELEG DUELL: I det intrigante renkespelet møter Hedda (Ingrid Mikalsen Deinboll) sin overmann i assessor Brack (Ketil Høegh). FOTO: MARIUS FISKUM

«Hedda Gabler»
Hålogaland Teater, Scene Vest
Av: Henrik Ibsen
Tilarbeidd av: Sigrid Strøm Reibo
Regi: Atle Knudsen
Tilarbeiding til nordnorsk: Ragnar Olsen
Scenografi: Gjermund Andresen
Komponist: Peter Baden
Koreografi: Oleg Glushkov
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Lyddesign: Jim Oddvar Hansen
Med: Ingrid Mikalsen Deinboll, Sindre Arder Skildheim, Ketil Høegh, Espen Mauno, Hanne Mathisen Haga og Guri Johnson

Utan freistnad på modernisering gir Hålogaland Teater oss ei uvanleg rein, tydeleg og forståeleg «Hedda Gabler».

I løpet av eit snautt år er Henrik Ibsens «Hedda Gabler» blitt sett opp på i alt fire norske institusjonsteater, og med særs vekslande kvalitet for å seie det forsiktig. Eg må difor vedgå at det var med ein viss porsjon skepsis eg i helga drog til Hålogaland Teater for å sjå deira oppsetjing. Men i Tromsø blei all skepsis feid til sides alt frå første scene. Sjeldan har eg sett Ibsens mest gåtefulle drama tydelegare, meir forståeleg og ikkje minst meir velspela. Og med ein scenografi som bokstaveleg talt gir oss mange rom.

LIVSTRØYTT: Hedda (Ingrid Mikalsen Deinboll) lever eit liv i keisemd. FOTO: MARIUS FISKUM

«Hedda Gabler» er eitt av Ibsens meir psykologiske drama, og Hedda sjølv er kanskje hans mest gåtefulle person. Ho (Ingrid Mikalsen Deinboll) er i slutten av tjueåra, gravid og har nyleg kome heim frå bryllaupsreise etter å ha inngått eit fornuftekteskap med den ganske middelmåtige akademikaren Jørgen Tesman (Sindre Arder Skildheim), mykje fordi han ventar seg eit professorat og slik kan by på økonomisk og sosial tryggleik. Så dukkar ein tidlegare flamme opp, den litt mystiske og turrlagde Eilert Løvborg (Espen Mauno). Og saman med husvennen, assessor Brack (Ketil Høegh) ber dei to på løyndomar Hedda ikkje har fortalt til Tesman. Trass sin unge alder er Hedda allereie livstrøytt, og i rein keisemd driv ho eit øydeleggjande renkespel der både Løvborg, og hans meir jordnære assistent Thea Elvsted (Hanne Mathisen Haga) raskt blir offer for intrigane hennar. Alt til ho fell for eige grep, etter å ha møtt sin overmann i assessoren.

MANGE ROM: Gjermund Andresens scenografi får fram at dette er ei framsyning med mange rom. FOTO: MARIUS FISKUM

Det er befriande å sjå ei oppsetjing som i så stor grad stoler på Ibsens originaltekst. Med unnatak av nokre fine scenografiske brot for å syne det ålmenne, har regissøren Atle Knudsen (med opphaveleg tilarbeiding av Sigrid Strøm Reibo) ikkje gjort nokon freistnad på modernisering. Vi er i 1890, men tematikken kunne ha vore i dag. Knudsen har laga ei tydeleg og rein framsyning der bruk av musikken til Peter Baden og koreografien til Oleg Glushkov byr på fine brot i samband med sceneskifta. Gjermund Andresens omfangsrike og kreative scenografi er samstundes ein særs viktig del av framsyninga. Opningsscena er ein sekskanta konstruksjon der Hedda nærast presenterer heile rollegalleriet og der dei alle har sitt eige rom. Etter kvart løyser scenografien seg opp, og ved utsøkt bruk av dreiescena og dei mobile «romma», gir Andresen oss ei setting som både symbolsk og bokstaveleg syner at dette er ei framsyning med mange rom, – og lag.

FØR FALLET: Assessor Brack (Ketil Høegh), Hedda (Ingrid Mikalsen Deinboll), Eilert Løvborg (Espen Mauno) og Jørgen Tesman (Sindre Arder Skildheim) mens det enno er att litt fasade. FOTO: MARIUS FISKUM

Ingrid Mikalsen Deinboll er berre 26 år gamal, og relativt nyutdanna, men med bakgrunn frå Hålogaland Teaters barne- og ungdomssatsing, Lille HT, er ho for lengst ein røynd skodespelar. Hennar tolking av Hedda er imponerande mangefasettert. Frå å bli sett på som Ibsens mest gåtefulle rollefigur, gir ho oss i staden ei Hedda som, trass aparte val, likevel blir særs forståeleg. Med lågmælt spel, finstemt mimikk, og i sceneskifta litt ekspressiv dans, byggjer ho gradvis opp til Heddas fall. Jørgen Tesman blir ofte framstilt som ein parodisk nerd, men i Sindre Arder Skildheims tolking blir også han i langt større grad forståeleg og eit heilt menneske. Skildheim er jamgamal med Deinboll, men har også lang fartstid frå Lille HT, og det får han god bruk for i sitt nyanserike spel. Også Eilert Løvborgs fall og endelege lagnad blir meir forståeleg i Espen Maunos tolking, og nokre av scenene med Hedda byr på intenst spel. Hanne Mathisen Haga som den meir nøkterne og kanskje litt naive Thea Elvsted, representerer fornufta og det jordnære, og i den vesle rolla som Tante Julle, får Guri Johnson briljere og gi framsyninga eit kjærkome snev av humor. Og så er det Heddas intrigante overmann, assessor Brack, infamt og presist formidla av Ketil Høegh.

«Hedda Gabler» på Hålogaland Teater er velspela og tematisk tydeleg. Musikk, koreografi og scenografi gjer i tillegg framsyninga til ei audiovisuell oppleving.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 30. september 2025.)

Leave a Reply