ROCKEOPERA

«Det brinn på kvart fjell»
Innherred Musikkteaterkompani, Vaskeriet Arena, Levanger
Libretto: Torvald Sund
Komponist: Knut Anders Vestad
Regi og scenografi: Tore B. Granås
Koreografi: Arne Fagerholt
Musikalsk leiar: Asgeir Skrove
Lysdesign: Geir Ola Brattaker
Med: Paul Ottar Haga, Jeanette Hoseth Granås, Arnstein Morken, Ingrid Elise Andersen, Julie Vikestad Olsen, Fredrik Johansen Haugen mfl.
Ein mektig og storslått rockeopera og eit psykologisk drama om andre sider ved krigen enn det heroiske.
Karl XII’s stormannsgale felttog mot Norge i 1718 er tidlegare omhandla i fleire ulike dramatiseringar, særleg om general Armfeldts katastrofale retrett etter det mislukka forsøket på å ta Trondheim. Nå har dramatikar Torvald Sund og komponist Knut Anders Vestad skrive ein opera om starten på felttoget då den overmektige svenske hæren tok seg inn over Innherad i september 1718. På Levanger, ikkje langt frå der det heile skjedde, har det nystarta Innherred Musikkteaterkompani i samarbeid med Turnéteatret i Trøndelag og Fylkesmusikerne i Trøndelag produsert ein mektig og velspela rockeopera, meir som eit psykologisk drama enn noko helteepos. Og som tek oss frå antikkens «Lysistrata» til dagens Ukraina og Gaza.

Dåtidas varslingsteneste var vardebrenning, og operaen går rett på sak. Folket i Levanger ser at det «brinn på kvart fjell», og skanse for skanse er tapt til svenskane. Redsla brer seg og kvinner og barn søker tilflukt på Skånes skanse. Det er eit lite forsvarsverk med rundt hundre mann, leia av den aldrande kommandanten Fredrik Johan von Wahlen (Paul Ottar Haga) og hans yngre NK, stykkjunker Gran (Arnstein Morken). Ordren frå general Budde var å halde skansen til siste mann. Korleis greie det mot overmakt, og med plassen full av flyktningar? Oppi det heile er junkeren i ferd med å forelske seg i Maren (Jeanette Hoset Granås), ei av dei sivile. Kvinner og barn får til slutt bli, men etter kort tid får von Wahlen nok eit dilemma. Svenskane er overmektige, og det vil bli nedslakting og eit blodbad. Skal han verkeleg følgje ordre? I bakgrunnen blir han heimsøkt av si avdøde kone (Julie Vikestad Olsen) som ber for barna. Lif (Ingrid Elise Andersen), som alt har mista ein av sine, står opp mot krigsretorikken, men er i starten sørgjeleg åleine. Det endar med overgiving, og at von Wahlen og Gran går i fangenskap som sonoffer. Var det eit svik, eller var det fornufta som vann?
Tore B. Granås har ansvar for både regi og scenografi, og har skapt ei scene der kreativ bruk av treleggar illuderer palisade og skanseverk og samstundes gir rom for store opptrinn. Personinstruksjonen er formidabel for eit drygt femtitals aktørar fyller scena i saumlause skift og med fin veksling mellom intime tablå og spektakulære masseopptrinn. Musikken til Knut Anders Vestad er skikkeleg rock ‘n roll med feite gitarriff, men også lyriske passasjar. Krigens rytme er marsjtakta, men i to nummer bryt han med dette og let kvinner og barn nytte valsetakt. Forma er smektande, men innhaldet svart. Slik blir krigens kontrastar godt illustrert. Og særleg sårt blir det når ungane syng «Ka gæli har vi gjort?»

Tvilen og dei vanskelege vala blir framifrå tolka av Paul Ottar Haga. Men det store ensemblet, i hovudsak amatørar, står ikkje attende. Eit utal solistar med imponerande stemmeprakt, mektig koring og synkront spel. «Det brinn på kvart fjell» er eit storslått antikrigsepos som gjennom historia tek oss rett inn i vår eiga samtid. Det forstår vi godt utan den overtydelege finalen som diverre blei eit antiklimaks.
(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 5. september 2025.)