TEATER

«Svik. Sarajevo 1984»
Kirkebyfjellet Produksjoner, Meråker
Av: Torvald Sund
Regi: Stian Hovland Pedersen
Med: Kevin Ulstad, Stina Kulseth Lundemo og Jan Tore Stokke
Var idrettslegenda Magnar Lundemo ein sanningssøkar eller berre ein dårleg tapar?
Magnar Lundemo (1938-1987) var av Norges fremste både i langrenn og friidrett. I OL og VM nådde han aldri høgare enn tre fjerdeplassar, men han var norgesmeister heile 11 gongar. Som topputøvar i fleire idrettar, fekk han sjølvsagt også Egebergs ærespris. Etter at han la opp, var han hovudtrenar i langrenn først for Austerrike og så Norge. Trass i den mangslungne idrettskarrieren, er det likevel noko heilt anna som han er blitt mest kjend for. I OL i Sarajevo i 1984 gjorde finnane det overraskande bra i langrenn, og nordmennene tilsvarande dårleg. På bakgrunn av det usannsynlege i ein slik brå framgang, og eit brev han hadde fått frå ein finsk lege (som ville vere anonym), sa Lundemo, som då var norsk hovudtrenar, at finnane truleg var bloddopa. Det hausta storm, og både heime og internasjonalt blei det hevda at Lundemo var ein dårleg tapar. Han fekk lita eller inga støtte og mange freista å presse han til å be finnane om orsaking. Men han stod i stormen. Fleire år seinare blei det avslørt at finnane var dopa, men den oppreisinga fekk Lundemo ikkje oppleve, for han døydde brått alt i 1987, berre 48 år gamal.
Denne historia, og meir til, har dramatikaren Torvald Sund, dukka ned i. Og i Magnar Lundemos heimbygd, Meråker, var det i helga urpremiere på «Svik. Sarajevo 1984». Sund har gått attende til krigsåra då faren til Lundemo var grenselos, og då heile familien på dramatisk vis måtte flykte til Sverige etter at Henry Rinnan hadde truga mora med pistol for å røpe kor mannen hennar var. Som sjuåring måtte Magnar Lundemo ta den lange skituren over fjellet til Sverige. Det er med bakgrunn i denne vesle hardhausen som stadig pressa tolegrensa si og som hadde lært av faren kor viktig sanninga er, at dramaet utspelar seg.

Ved Kirkebyfjellet, i nærleiken av den fjellheimen og ikkje minst motbakkane som Lundemo elska og brynte seg på, er det rigga til ei enkel scene der scenografien er eit par benkar og eit bål. Vi er attende til teaterets mor, forteljinga rundt leirbålet. Med berre tre skodespelarar har Sund og regissøren Stian Hovland Pedersen bygd opp framsyninga som eit forteljarteater der Kevin Ulstad er forteljaren Magnar Lundemo (og Oddvar Brå), medan Stina Kulseth Lundemo og Jan Tore Stokke kommenterer og spelar heile 27 andre personar. For ikkje å gå vill i alle rollene, er det nytta mange metagrep, og ikkje minst sjølvironisk humor. Og det fungerer forbausande bra.
Kevin Ulstad er utdanna skodespelar og busett i Meråker. Rolla hans er særs tekstrik, og med lite fysisk handling og nesten fråverande scenografi, har han ikkje mykje å stø seg på. På premieren var det i tillegg sprutregn og vindkast så kraftige at han stundom hadde problem med å halde seg på beina. Det førte sjølvsagt til nokre utilsikta brot, men det blei handtert profesjonelt og humoristisk. Dei to andre skodespelarane, Stina Kulseth Lundemo og Jan Tore Stokke, er båe lokale amatørar, men takla både dei mange rollene og ikkje minst uvêret og tekniske utfordringar, med imponerande ro, tilpassingsevne og masse sjarm.
Stian Hovland Pedersen let forteljinga stå i sentrum, men gir samstundes tilstrekkeleg rom for litt spel og interaksjon. Også for førti år sia var det konfliktar med eigenrådige utøvarar, og sjølv om både dette og dopingpåstandane er det sentrale i framsyninga, er her gjennomgåande mykje lun humor, og også litt nostalgisk framføring av sekstitalssviskane til Gjermund Eggen og Ole Ellefsæter. Torvald Sunds tekst er både ein hyllest til Magnar Lundemo og eit varmt tidsbilde. Ved å trekke trådane frå farens krigsinnsats til påstanden om bloddoping, får han knytt heile Lundemos liv til det å stå opp for sanninga, same kva det måtte koste. Å stå i stormen, akkurat slik dei tre skodespelarane gjorde i uvêret på premierekvelden.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. august 2025.)