TEATER

«Stilla – en forestilling»
NOOR Produksjoner, Verkstedhallen, Trondheim
Av: Tale Næss, Trond Peter Stamsø Munch, Bernt Bjørn og Ivar Beddari med bistand av Kristina Junttila, Vegard Krane, Magdalena Haggärde, Isak Wang Gustavsen, Kristin Bjørn, Marianne Siljuberg og Eva Svaneholm
Produsert av Noor Produksjoner og Ferske Scener
Dialogpartnarar: Åarjelhsaemien Teatere AS og Giron Sámi Teáhter
Med: Trond Peter Stamsø Munch, Bernt Bjørn og Ivar Beddari
Gjestar i Verkstedhallen 28. august: Eva Maria Fjellheim og Frode Fjellheim
Eit lågmælt samtaleteater om mellom anna økosorg etter tapte landskap.
Alle har vi det svenskane kallar eit «smultronställe», ein stad der ein kan kjenne på ro, lykke eller trivsel. Dette er det NOOR Produksjoner i samarbeid med Ferske Scener har tatt som utgangspunkt i den vesle, lune samtaleframsyninga «Stilla – en forestilling». Den hadde premiere under festspela i Harstad på forsommaren, og turnerer nå over heile landet, men med særleg vekt på dei samiske områda. Framsyninga endrar seg frå dag til dag, og kan ha ulike gjestar. På Verkstedhallen i Trondheim, var gjestane forskaren Eva Fjellheim og komponisten, joikaren og musikaren Frode Fjellheim. Og ettersom det er ei samtaleframsyning, er ho litt interaktiv, og kan slik sett også endre seg frå kveld til kveld, avhengig av publikum.
Tittelen er henta frå episenteret for kampen om å verne Alta Kautokeinovassdraget (1979-1982), men framsyninga handlar berre indirekte om Stilla, lenkegjeng og demonstrasjonane den gongen. Men settinga er ikkje til å ta feil av. Publikum sit som i ein lavvo på stolar rundt ei lita opning der det er tre teppe, nokre kaffikanner og ei stilisert bålpanne. Når vi kjem inn, blir vi servert kaffi, og det er uformelt og mykje småprat med dei tre aktørane. Så tek det til, og vi blir bedne om å lukke augo og tenke oss ein stad vi ikkje vil miste. Det er neppe vanskeleg, for alle har vi slike plassar vi hegnar om. Deretter presenterer dei tre på scena seg, Ivar Beddari, Bernt Bjørn og Trond Peter Stamsø Munch, dei to første med samiske røter, men alle tre frå Nord Norge. Og dei har også sjølvsagt ulike heilage stadar. Det er Storfjord i Nord-Troms, Pasvikdalen i Aust-Finnmark og Tromsø. Medan Beddari spelar på ein strengeleik, fortel han om songen frå elva på heimplassen hans når isen set seg om hausten, ein naturens musikk eg trur dei fleste vil kjenne att, og som eg sjølv har eit særs sterkt forhold til.
Slik held dei fram med å fortelje, samtale, lågmælt og langt frå insisterande, men likevel med tydelege adresser til det dei så treffande kallar «den grøne kolonialismen» som går ut på å strø vindmøller ut over naturen, og særleg i samiske beiteområde, og om å legge elver og fossefall i rør, – alt for å «berge klimaet». Med andre ord å øydeleggje naturen for å redde klimaet. Men denne praten om «det grøne skiftet» er ofte berre nytale og språklege eufemismar for at store internasjonale selskap skal få tene seg rike på norsk natur. Og språket er viktig i denne samanhengen. Ivar Beddari tilfører handlinga både litt ekstra humor, og ikkje minst kjærkomne brot frå det elles litt monotone, når han utfordrar ålment aksepterte språklege uttrykk, som mellom anna «sivil ulydnad». Han nektar for at han er ulydig når han tar naturen i forsvar, og viser fleire døme på korleis vi språkleg godtek vendingar utan naudsynt kritisk distanse. Slik held han fram med også å dissekere innhaldet i ordet «natur». Og Bernt Bjørn supplerer med ein kommentar om at han i slik samanheng vil være naiv, eller «najv» som han uttalar ordet. Det er då ein er verkeleg naiv.
Kva er umisteleg, spør dei. Og kva vil vi gjere for å verne om det vi ikkje vil miste. Den eine av kveldens gjestar, Frode Fjellheim, svarar med ein joik der han legg inn litt pedagogisk forklåring for oss etnisk norske i forsamlinga. Den andre gjesten, Eva Marie Fjellheim, fortel med utgangspunkt i forskinga si om sørsamisk motstand mot kolonisering og for urfolksrettar, og (med eit ikkje så reint lite ironisk glimt) om det mobile instituttet ho har skipa, «Elsa Laula Renberg Institutt».
Før finalen stoppar det heile litt opp, og publikum blir aktivisert. For det viser seg at det alt står noko på kaffikoppane vi har mottatt, og nå får vi spritpennar og høve til å skrive ned vår umistelege plass slik at den kan bli med vidare til neste framsyning. Og samstundes tek nokre i publikum ordet for å fortelje om sine plassar som nå er under åtak frå storsamfunnet. Både meldingane på kaffikoppane og at publikum får vere med, er godt tenkt. Men slik det var i Verkstedhallen, stoppa framsyninga opp, og det heile flaut ut i nesten inkje.
Mantraet i denne oppsetjinga er: Hit, men ikkje lenger, og då framsyninga likevel tok seg opp etter den interaktive pausen, fekk vi ein song som nettopp omhandla dette. Men sjølv om eg trur eg forstår kva dei meiner, blir det litt uklårt kva innhaldet i mantraet er. Eg vil tru det dreier seg om åtaka på samiske rettar, om overgrep i naturen, og ikkje eit kategorisk nei til det meste. For alle tre lovpriste byen Tromsø som ikkje akkurat er urørt natur, og Bernt Bjørn fortalde om kor glad han var i å køyre bil. Ei ørlita nyansering av grensesettinga hadde kanskje vore på sin plass.
Framsyninga er eit lågmælt samtale- og forteljarteater, men kunne med fordel ha hatt ein strammare dramaturgi og tydelegare regi, for stundom flyt det litt ut sjølv om dette tidvis kan vere sjarmerande. Dei tre rundt «bålpanna», byr alle på seg sjølv, og er naturlege og gode formidlarar. Og særleg er Ivar Beddaris humor, brot, og musikalske innslag med på å løfte framsyninga. «Stilla – en forestilling» er nå vist i det sørsamiske området, og skal i september turnere i Finnmark.