TEATER

«Nordnorske barnesanger»
Nordland Teater, Rognan Samfunnshus
Idé, konsept og regi: Ole Christian Øen
Scenografi og kostyme: Sus Haugland
Musikals leiar: Alexander Aarøen Pedersen
Med: Liv Natalie Nymo, Kristoffer Hjulstad, Julie Sofie Reite og Alexander Aarøen Pedersen
«Nordnorske barnesanger» er ei varm og triveleg feelgood-framsyning, men kunne med fordel ha hatt litt høgare ambisjonar.
At den nordnorske songskatten er stor, veit dei fleste, men at det også gjeld for barnesongane, er ikkje like godt kjend. Med lån frå kjende nordnorske visekunstnarar som Jack Berntsen, Ragnar Olsen, Halvdan Sivertsen, Ola Bremnes og Heidi Solheim, berre for å nemne nokre av dei, har Ole Christian Øen laga ei varm lita framsyning for ungar frå tre-fire år og oppover. «Nordnorske barnesanger» hadde premiere i slutten av april, men blei så populær at Nordland Teater har sett opp ekstraframsyningar på ettersommaren. Sjølv såg eg den i samfunnshuset på Rognan saman med eit trettitals forventingsfulle ungar og like mange føresette.
Ole Christian Øen har samla atten songar frå ulike nordnorske visekunstnarar. Og med unnatak av «Torskevisa», som er ein tradisjonell melodi med tekst av «søringen» Thorbjørn Egner, har eg faktisk ikkje høyrd nokon av dei tidlegare. Øen presenterer det heile nærast som ein konsertversjon utan nokon raud tråd. Kvar song blir eit sjølvstendig tablå med ei lita historie rundt, og i den grad her er nokon indre samanheng, er det at det handlar om barn og deira kvardag, om skule, venner og utanforskap. I dette ligg også mi største innvending. Det måtte vere mogeleg å ha litt høgare ambisjonar og freiste å lage ei forteljing eller eit fastare rammeverk.
Scenografien til Sus Haugland er eit par hus og eit fantasitre som gir rom for både opplevingar og nokre overraskingar. Ungane sit på matter heilt inntil skodespelarane. Slik blir det heile ganske intimt, og her kjem den andre innvendinga eg har. Intimteater med ungar kan bli heilt magiske opplevingar når det blir opna for litt interaksjon. Det var det ikkje mykje av i denne framsyninga, med unnatak av litt allsong på den før nemnde «Torskevisa». Med så mange ganske ukjende songar, er det sjølvsagt vanskeleg med allsong, men det er likevel mogeleg å spele noko meir på publikum. I finalen, eller rettare sagt etter at framsyninga var over, og det blei teiknestund, fekk vi sjå kor mykje meir aktive ungane då blei. Som eg nemnde innleiingsvis, er oppsetjinga blitt så populær at det måtte til ekstraframsyningar. Det er difor mogeleg at ungane i tidlegare visningar har fått vere meir aktive, men det låg altfor få invitasjonar til slikt i regien.
Fire aktørar framfører det heile. Alexander Aarøen Pedersen er musikalsk leiar, og har etter det eg forstår også stått for arrangementa. Særleg har han hatt ei god hand med dei såre, litt mollstemde songane. Og presentasjonen av «Torskevisa» i storbandarrangement var artig og kreativt gjort. Som musikar deltek han stort sett med song og traktering av tangentar og gitar, medan dei tre andre står for det meste av spelet. Kristoffer Hjulstad og Julie Sofie Reite har eg sett i mange produksjonar, og ved sida av at dei er solide karakterskodespelarar, er dei også framifrå songarar, og Hjulstad ein multi-instrumentalist. Her leverer dei nok ein gong, og særleg må eg få trekkje fram Kristoffer Hjulstads lågmælte og særs blå framføring av eit par songar om ungar som ikkje har det så bra. Liv Natalie Nymo har eg ikkje sett tidlegare, men dette første møtet var særs overtydande. Ein dyktig songar, og tilsvarande skodespelar. Og som vi såg i teiknestunda etter framsyninga, hadde ho eit særs godt lag med ungane. Dei tre er samkøyrde og formidla songane og dei små tablåa, saumlaust og godt. Men på Rognan blei det diverre litt for stort skilje melom scene og sal.

Heilt annleis blei det då den berre timeslange framsyninga var over, og det blei teiknestund. Ungane fekk fargestiftar og teiknebrett for å illustrere inntrykka sine og flokka seg om dei tre skodespelarane, og denne halvtimes seansen etterpå blei ei nesten like stor oppleving som sjølve framsyninga. Då vakna ungane, og sjølv om eg ikkje høyrde kva dei sa, såg eg kor tett dei kom på aktørane. For framsyningas, og for unganes skuld, er det difor leit at regien ikkje opna for meir deltaking undervegs.