Kva er sanning?

TEATER

ARREST: Nokså motviljug må lensmannen (Harald Lassen) føre bort Maren (Lisa Thun). FOTO: OLE EKKER

«Marenspelet»
Dolm kyrkje, Hitra
Av: Svein Bertil Sæther og Kari Wist Holmen
Musikk: Fridtjof og Gunhild Hjertaas
Regi: Kari Wist Holmen
Arrangement og musikalsk leiar: Gunhild Hjertaas
Kapellmeister: Maciej Karpinski
Songinstruktør og dirigent: Elin Karpinski Strandheim
Kostyme: Berit Helen Haukaas
Koreografi: Mariel Kampevoll Nikolaisen
Lysdesign: Ingunn Fjellang Sæther
Orkester: Maciej Karpinski, Signe Weider Skjesol og Lea Hedvig Hustad
Med: Lisa Birkenes Thun, Thea Strandheim Sæther, Erlend Broholm mfl.

Kva skal ein tru på når rykteflaumen tek overhand, og kva er ei tilståing verd i slike situasjonar?

BYGDEDYRET: Den kompakte majoritet, leia av svogeren Andres (Erlend Broholm) med like kompakt fordøming. FOTO: OLE EKKER

Avundsjuke og sladder har forgifta mangt eit samfunn, og det er nærast umogeleg å kjempe mot vondsinna ryktespreiing. Riktig ille gjekk det for Maren Johanne Olsdotter Jektvikja på Hitra. I 1849 blei ho halshogd for å ha drepe mannen sin etter omfattande ryktespreiing og ein rettsprosess som reiste fleire spørsmål enn svar. Maren blei født i 1811, og 22 år gamal gifta ho seg med Ola Pedersen frå Jektvik på Hitra. Dei dreiv ein etter måten stor gard, og var i stand til å halde seg med tenestefolk. I 1847 kom Ola sjuk heim frå skreifiske og han døydde kort tid etter. Folkesnakk, leia av bror til Ola, ville ha det til at Maren hadde forgifta mannen, og det blei reist sak. Både i Fosen underrett og Trondhjem stiftsoverrett blei ho frikjend, men høgsterett ville det annleis, og i november 1848 blei ho dømd til halshogging. Ein månad etterpå vedgjekk ho at ho hadde forgifta mannen sin. Dommen blei fullbyrda ved heimgarden i juni 1849.

DOLM KYRKJE: Kyrkja der Maren i si tid blei konfirmert. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Svein Bertil Sæther skreiv i 1984 eit drama om historia, og Fridtjof Hjertaas skreiv musikk. Etter premiere som skuleteater vidareutvikla dei stykket, og det blei oppført i Dolm kyrkje på Hitra i 1986. Der blei det spela fram til 2017. Etter det har Sæther dukka djupare ned i kjeldene og skrive ei bok om saka, og kjeldegranskinga gjer det til eit meir ope spørsmål om Maren var skuldig eller ikkje. På denne bakgrunnen har produksjonsselskapet Holmen Hjertaas nå laga ein ny versjon.

SINNE: Andres (Erlend Broholm) går i spissen for prosessen. Her går det ut over tenestejenta til lensmannen (Thea Strandheim Sæther). FOTO: OLE EKKER

I skipet på den vesle steinkyrkja frå 1400-talet sit vi som i eit amfi på tre sider og med orkesteret i koret. Det tar til med gravferda til Ola Jektvikja der vi alt frå starten får presentert mistanken, og endå meir sinnet, til broren Andres (Erlend Broholm), medan ei smilande Maren (Lisa Thun) serverer og byr på mat. Maren skil seg frå resten av folket på Dolmøya. Ho er lettliva, syng mykje, og har ei særs god hand om ungane. Svogeren Andres, som godt kunne ha tenkt seg å overta garden, likar ikkje dette. Mange meiner også at Maren har eit godt auge til gardsdrengen. Av slikt oppstår det folkesnakk, og det eine ryktet tek det andre. Det blir fremja skuldingar for lensmannen, som må reise sak. Det blir og funne arsenikk hjå Maren, noko ho påstår å ha nytta mot skadedyr.

SKUGGEN: Dansaren Kaia Trønnes følgjer Maren som ein skugge. FOTO: OLE EKKER

Handlinga følgjer historia kronologisk, men er brote opp av ei mengd godt framførte songar og velkoreograferte masseopptrinn. To vellukka og viktige regigrep er at tenestejenta hjå lensmannen (Thea Strandheim Sæther) blir ein slags forteljar og kommentator som bind det heile saman, og at dansaren Kaia Trønnes er som ein skugge om Maren, svartkledd og som ei påminning om døden. Ofte kan slik ekspressiv dans seie meir enn tusen ord.

Det er måla med brei pensel for å få fram miljøskildringa. Eit utal statistar, der heile seksten er barn, fyller den vesle kyrkja, og koreografen Mariel Kampevoll Nikolaisen har greidd å få dei til å opptre ganske synkront.

DANS: Seksten velkoreograferte ungar bidreg til miljøskildringa. FOTO: OLE EKKER

Scenografien er sparsam, men ettersom vi sit heilt oppe i aktørane, er det uråd å vere for lemfeldig med kostyma, og saum- og kostymeansvarleg Berit Helen Haukaas har gjort ein formidabel jobb med særs tidsriktige og detaljrike kostyme. Kari Wist Holmen har tilarbeidd Svein Bertil Sæthers manus, og også hatt regi. Personinstruksjonen er god sjølv om nokre manglar litt på diksjon. Ho kunne nok ha spissa dramaturgien og dvelt meir ved dei mest dramatiske hendingane. Nokre av rollene kunne også ha vore meir samansette. Erlend Broholm er infam og truverdig som Andres, men er nesten berre sint. Lisa Thun spelar langt meir nyanserikt og avdempa som Maren, nærast heva over det heile. Ho syner den gradvise endringa frå den livsglade kvinna til ho som skal møte døden, og det på eit inderleg og overtydande vis.

FORSONA: Maren forsonar seg med Gud og lagnaden sin før ho går døden i møte. FOTO: OLE EKKER

Musikken er ein heilt avgjerande del av framsyninga. Gunhild Hjertaas har imponert meg som komponist i mange tidlegare produksjonar. Denne gongen har ho både komponert ein del nytt, og nyarrangert Fridtjof Hjertaas’ opphavelege musikk. Far og dotter Hjertaas har lånt og bygd på både folkemusikk og det meir sakrale, og musikken står særs godt til historia.

Årets nyversjon har ei ope haldning til skuldspørsmål og kva som er sanninga. Maren tilstod til slutt, men kva kunne ho reise attende til om ho hadde gått fri? Då var det kanskje betre å forsone seg med lagnaden og gjere opp med Gud slik vi får godt presentert i finalen. I staden for å konkludere, problematiserer denne framsyninga kva folkesnakk og sladder kan føre til, og at ikkje alt som blir sagt, er sanning. Det kan vere godt å ta med seg, også i vår tid.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. juli 2025.)

Leave a Reply