Vegen til forsoning

TEATER

MYNDIG: Fru Guri (Iren Reppen) godtek ikkje ufreden som sonen Sverre (Mathias M. Rydjord) og dei andre mennene står for. FOTO: KURT SIVERTSEN

«Fru Guri av Edøy»
Gurisenteret, Smøla
Av: Peggy Kristine Kruse
Songtekstar: Eva Peggy Stensønes
Komponist: Asgeir Gjøstøl
Regi: Tore B. Granås
Scenografi: Heidi Rognskog Mella
Med: Iren Reppen, Paul-Ottar Haga, Siri Schnell Juvik, Mathias M. Rydjord, Pål A. Hasselvold, Jo Bjørner Haugom mfl.

Eit mektig, men litt for omfattande epos om sterke kvinner i ei tid med mykje ufred.

I samband med 800-årsjubileet for den vakre steinkyrkja på Edøy på Smøla, skreiv Peggy Kristine Kruse, sjølv smølværing, eit spel som blei urframført i 1990. Teksten er fiksjon, men har den hundreårige borgarkrigstida på 1100-talet som bakteppe. Spelet er sett opp i 30 av dei 35 åra sia premieren, og blei etter kvart så populært at det i 2009 blei bygd eit stort og funksjonelt spelamfi rett nedom kyrkja. Fredag var det duka for årets premiere i eit uvanleg vakkert sommarvêr.

835 ÅR: Den vakre kyrkja på Edøy. FOTO: A. GRIMSTAD

Vi er på Edøy rundt 1180 der den myndige enkja fru Guri rår. På naboøya, Kuli, bur den noko framfuse Tore (Pål A. Hasselvold), og sjølv om det er borgarkrig og ufred, ser det i starten ut til å vere meir gemyttleg på dei to øyene, Det heile tek til med eit stort gjestebod der Guris son, Sverre (Mathias M. Rydjord), giftar seg med Ingeborg (Siri Schnell Juvik). Det gneg den gudfryktige fru Guri at dei ikkje lenger har kyrkje på Edøya, og må reise bort for både bryllaup, barnedåp og gravferd. Ho set seg føre å få bygd ei kyrkje, og får alle med på det. Men planane må sanksjonerast av erkebispen som godtek dei på tøffe økonomiske vilkår. Det får Tore Kuli til å opponere i særs krasse ordelag, og det heile endar med at vel kan dei få kyrkje, men ho kan ikkje vigslast før Tore har bede bispen om orsaking. Det vil han ikkje. Kyrkja blir bygd, men blir ikkje vigsla. Ikkje før kvinnene til slutt får overtydd mennene om at forsoning, og ikkje usemje, er vegen.

UFRED: Harde tak mellom Guris son Sverre (Mathias M. Rydjord) og naboen Tore (Pål A Hasselvold). FOTO: KURT SIVERTSEN

For i åra som følgjer, blir det ufred på kryss og tvers også på Smøla. Konfliktane skriv seg frå mannfolka som tenkjer meir på rikdom, makt og seg sjølve enn på kva som er rett og klokt, medan kvinnfolka, særleg fru Guri og svigerdottera Ingeborg, står for fornuft og forsoning. For å få fram desse lokale konfliktane, og med borgarkrigen og brotet mellom kong Sverre og kyrkja som eit større bakteppe, har Kruse skrive eit stort sosialt epos med alt for mange historier, konfliktar og personar. Historia er god, men teksten er for omfattande, og den formeleg ropar etter ein dramaturg. Regissøren Tore B. Granås har stramma inn mykje, men diverre ikkje nok. Men dei mange masseopptrinna, personinstruksjonen og bruken av kyrkja som fondmotiv har han greidd framifrå.

KOMANDE HUSFRUE: Siri Schnell Juvik er overtydande som svigerdottera Ingeborg. FOTO: KURT SIVERTSEN

Iren Reppen er alltid tydeleg, men som fru Guri har ho likevel ikkje fått det rommet rolla treng for å vere det naturlege omdreiingspunktet. Til å vere hovudperson blir ho litt for anonym. I staden er det Ingeborg, den komande husfrua, i Siri Schnell Juviks særs overtydande tolking, som veks fram som ei nesten vel så sterk kvinne.

Trass i desse innvendingane, er det ei mektig og god historie som blir formidla. Eit femtitals statistar i spektakulære massetablå, gode songar, tidsriktige kostyme og utsøkt bruk av dei flotte omgjevnadane. Og ikkje minst eit tydeleg frampeik om at i ei verd med ufred, er det alltid forsoning som er løysinga.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 14. juli 2025.)

Leave a Reply