Skogens vaktarar

KRONING: Alva (Stine Svellingen) blir til slutt skogsdronning. FOTO: MICHAELA GETTWERT

TEATER

«Skogsprinsessa»
Gjestespel frå Eventyr i Parken, Teatret Vårt, Ålesund
Av: Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna, Stine Revheim Svellingen, Thomas B. Brandt
Regi: Jan Neal Holden
Kostyme: Tora Troe
Med: Kristian Garmanslund, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen, Amalie Jensen Tolo og Stine Svellingen

Eit interaktivt vandreteater fylt av opplevingar for dei yngste.

I alle år har skogsalvane passa på skogen og alt som lever der. I vår tid er dette meir naudsynt enn nokon gong. Nå er det duka for tronskifte for kongen har døydd og skogprinsessa Alva skal kronast til dronning. Men først må ho syne oss at ho er rangen verdig.

KOKO: Gaukungen (Amalie Jensen Tolo) og vår guide Buskelusk (Katrine Lovise Øpstad Fredriksen). FOTO: MICHAELA GETTWERT

I Atlanterhavsparken, rett vest for Ålesund, blir vi tatt med på eit lite vandreteater for dei yngste. Først møter vi Buskelusk (Katrine Lovise Øpstad Fredriksen) som må blåse blomsterstøv på oss for å få oss til å forstå kva ho seier, før ho blir vår los gjennom skogen. Den neste er Myrdun (Amalie Jensen Tolo) som får oss til å synge. Og så dukkar sjølvsagt Alva, prinsessa sjølv opp (Stine Svellingen). På den vidare vandringa møter vi den litt gamalmodige soppen Fungi (Kristian Garmanslund) og også den særs sjarmerande gaukungen, Koko (Amalie Jensen Tolo).

For å kunne bli skogsdronning, må Alva løyse ein del oppgåver, og det går i hovudsak greitt. Men så får vi ein spådom, med nesten bibelske referansar, om at ho skal bli forrådt av ein av sine næraste. Det er vanskeleg å finne ut kven forrædaren er. Då må Alva ha hjelp av nokon med det klåre blikket utanfrå, altså menneska. Og slik blir ungane aktiviserte til å delta og hjelpe henne både med å løyse oppgåver og å avsløre skurken. Det gjer dei med den største iver. Alva blir krona, og sanneleg blir det forsoning med forrædaren også.

INTERAKTIVT: Myrdun (Amalie Jensen Tolo) og skogsprinsessa Alva (Stine Svellingen) må ha hjelp av ungane. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Teaterkompaniet Eventyr i Parken har sia 2018 skapt teateropplevingar for dei yngste ute i naturen. Framsyninga «Skogsprinsessa» er ei sjarmerande lita vandring som er full av opplevingar og undring, og som gir rikelege høve til deltaking og interaksjon. Historia er kanskje vel komplisert, og det tok litt tid før aktørane greidde å få ungane heilt i tale. Nokre kunne nok også ha vore flinkare til å lytte til innspela frå publikum. Men trass i desse mindre innvendingane frå ein meldar som er ti gongar så gamal som målgruppa, såg eg at ungane etter kvart blei heilt med og ganske oppslukte av det dei opplevde, og det var vel det viktigaste.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 25. juni 2025.)

Leave a Reply