INSTALLASJON

«The Pond»
Parallax & Dembacke, Rosendal Teater
Av: Parallax & Dembacke
Komponist: Parallax
Lysdesign: Evelina Dembacke
Med: Evelina Dembacke, Torstein Lavik Larsen, Are Lothe Kolbeinsen og Ulrik Ibsen Thorsrud
Gjenbruk av utrangerte gjenstandar kan skape både vakker musikk og store sanselege opplevingar.
«The Pond» er ei framsyning eg i utgangspunktet ikkje ville føle meg komfortabel med å melde, og som eg, hadde det vore for to år sia, kanskje heller ikkje hadde tatt bryet med å sjå. For sjanger, utrykk og tematikk er langt frå komfortsona mi når det gjeld å oppleve og tolke scenekunst. Men for halvtanna år sia såg eg, eller rettare, opplevde eg Gyrid Nordal Kaldestads installasjonsframsyning «Som om eg har vore her før» på Rosendal Teater, og det var ei oppleving så rik at eg den gongen berre måtte setje ord på det eg opplevde. Så når to av dei som var med Kaldestad den gongen, saman med to til, nå har laga eit verk dei har kalla «The Pond», så ville eg i alle fall sjå kva det var. Og nok ein gong er det herleg å kunne fortelje at eg har late meg forføre i ein sjanger eg langt frå er fortruleg med.
Scena er ein black box som er fylt med det som tilsynelatande verkar som skrot og gjenstandar frå alle prestegjeld. Og det er akkurat det det er. Ved hjelp av ein gjenbruksstasjon og flust med kreative idear, har dei fire laga instrument av alt mogeleg som ein til vanleg ikkje ville forbinde med musikk, eller i beste fall med lyd, men knapt nok det. Her er ei blanding av likt og ulikt, hengande keramisk flis, eit gamalt sykkelhjul, ei reiseskrivemaskin, ein rokk, nokre lause orgelpiper, og uendeleg mykje meir. Samt også nokre få tradisjonelle instrument som ein trompet, ei tromme og ein gitar, men som knapt nok blei nytta slik ein er vand med å høyre dei. Fordelt på åtte-ti stasjonar på scena, og med tre skjermar som bakteppe, formidlar tre musikarar og ein lyskunstnar eit symfonisk verk, om ein kan kalle det det, så opplevings- og assosiasjonsrikt at det berre var å late seg drive med.
Bak står improvisasjonstrioen «Parallax (Torstein Lavik Larsen, Are Lothe Kolbeinsen og Ulrik Ibsen Thorsrud) og lyskunstnaren Evelina Dembacke. Alle er kledde i overall, og dei tre musikarane beveger seg frå stasjon til stasjon og trakterer dei ulike «instrumenta». For her blir det laga musikk, – nei ikkje berre lyd, men vakker musikk, med ei reiseskrivemaskin, ein fiolinboge over eikene til eit sykkelhjul, og ein slags xylofon av keramisk flis, opphengt, og med fargeval som ein hommage til Piet Mondrian. Og det er berre ein av dei uendeleg mange assosiasjonane, tilsikta eller ikkje, som ein kan få av denne framsyninga. For alle gjenstandane som her får nytt liv, er ei reise og ei oppleving i seg sjølv.
Musikken ga sjølvsagt også eit utal assosiasjonar, for meg kanskje mest frå naturen som dropar og rennande vatn, men også så mykje meir. På bakskjermane blir det projisert lys og vakre «bilde», og undervegs flyttar Evelina Dembacke seg rundt på scena og lagar utsøkte installasjonar av ulike former for lyssetting og projisering. Og når ho leikar seg med vatn i rørsle blir det både musikk og samstemte bilde på skjermane. Det står i programmet at dette er ein improvisert reise, men det heile er så synkront og saumlaust gjennomført at eg oppfatta det meir som eit ferdig musikalsk og lyssett verk.
Kva handlar «The Pond» om? Det er uråd å seie, og det er også heilt uinteressant. For det desse fire gjorde, var å skape eit rom det var umåteleg behageleg å vere i, og der ein kunne symje av garde i rein nyting, djup kontemplasjon og draumar og oppleving. Og dei synte oss korleis alt kan bli større enn seg sjølv, og kor vakkert det som i utgangspunktet blir sett på som skrot, kan vere. Og ikkje minst kor overraskande god musikk desse gjenstandane kan skape. Heilt kvardagslege og profane ting får med eitt nytt liv og kan konkurrere med både ein Stradivarius, Fender eller Steinway, for å seie det slik. «The Pond» er ein førti minuttar lang sanseleg og opplevingsrik reise gjennom lys, lyd og musikk.