TEATER

«Spør skogen»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Nanna Bang etter ein idé av Morten Abel
Regi: Niels Erling
Scenografi og kostyme: Julian Juhlin
Musikk: Morten Abel
Arrangement: Markus Artved
Med: Amund Harboe, Nina Ellen Ødegård, Anders Dale, Matias Kuoppala, Mareike Wang, Marianne Holter, Siri Black Ndiaye og Heine Røise
Uforløyst kvardagsfilosofi er ikkje nok til å lage godt teater av Morten Abels rike songskatt.
For fem år sia sette Rogaland Teater opp «Tønes», ei framsyning bygd på songskatten til Frank «Tønes» Tønnesen. Det var med ei audmjuk tilnærming der tjue songar fekk stå på eigne bein og representere kvar si historie. Sjølv for meg, som aldri hadde høyrt noko av Tønes tidlegare, blei framsyninga ei stor oppleving.
Nå har Rogaland Teater med oppsetjinga «Spør skogen» freista å lage teater av songane til Stavangers største pop-ikon, Morten Abel. Det er blitt ein langt meir pretensiøs produksjon enn «Tønes», openbert med eit ønske om å seie noko vesentleg om kvardagen vår, livet og kjærleiken. Men trass i gode arrangement, flotte songprestasjonar og ein særs lekker og kreativ scenografi og kostymedesign, er det blitt ei sprikande og episodisk framsyning der tekstgrunnlaget er for dårleg, det meste blir retningslaust og uforløyst og songane heng i liten grad saman med tekstane som blir framførte.
Til alle tider har menneska søkt ut i naturen for å kome unna kvardag og mas i håp om å finne meininga i livet. Frå Henry David Thoreaus «Walden» (1854) til vår heimlege Erlend Loes «Doppler» (2004) har dette også vore tema i litteraturen. Slik er det og i «Spør skogen» der sju menneske, i dyreham, dreg ut i skogen for å finne ut av det heile. Alle ber dei på eit sakn eller noko som gjekk litt skeis. Framsyninga er små kvardagsfilosofiske monologar om ulike nedturar, bunde saman av Abels musikk, ofte i heilt nye og gode arrangement.
Det opnar så lovande med eit skoglandskap og dyrehabittar som i ein teikneserie. Det er både vakkert og litt annleis, og i dei pappeskeforma kostyma er det nesten uråd å bevege seg, så det meste blir også ganske komisk. Og slik skal det vere, for dette blir marknadsført som ein «desperat pop-komedie». Først ut er frosken (Mattis Kuoppala), eit dyr som openbert er både nervøs og utilpass. Det er sjarmerande og godt framført. Men når seks dyr til etter kvart skal fortelje oss om sine plagar, fobiar og nedturar, blir det både monotont og repeterande. Vel er historiene deira ulike, men tekstane er uforløyste og innhaldet blir berre små, og ofte særs føreseielege anekdotar utan å syne noka form for retning. Kva forfattaren Nanna Bang og regissøren Niels Erling har ønska med dette, anna enn å ha ei orsaking for å presentere god musikk, er vanskeleg å sjå. Og det innser dei truleg sjølve når fleire av tablåa blir avslutta med at nei, nå er det vel på tide å ta ein song. Framsyninga har mange slike metagrep, men ikkje ei særleg kresen haldning til bruken. Når skodespelarane ber sceneteknikarar om hjelp til å ta av dei hovudet på kostymet, er det artig første, og kanskje andre gongen, men ikkje heile tida.
Ensemblet består av nokre av dei beste skodespelarane ved teateret, og sjølv om fleire av dei, både med song, spel og mimikk, greier å sjarmere det lokale publikummet som sjølvsagt jubla for kjende songar, greier dei ikkje å skjule mangelen i tekstgrunnlaget. Ein rein teaterkonsert hadde nok vore langt å føretrekkje.
(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 10. mai 2025.)