FIGURTEATER
«Bukkene Bruse begynner på skolen»
Hålogaland Teater, Scene Øst
Av: Bjørn F. Rørvik
Regi: Bård Bjørknes
Scenografi og figurdesign: Christina Lovery
Komponistar: Espen Mauno og Stian Weenås Vevik
Med: Julia Bache-Wiig, Ellen Andreassen, Trude Øines og Kristine Henriksen
Ei varm lita figurteaterframsyning om kva som skjer når Bukkene Bruse er ferdig med sommarferie og badeland, og skal ta til på skulen.
Forfattaren Bjørn F. Rørvik og illustratøren Gry Moursunds fire bildebøker om Bukkene Bruse har for lengst blitt bestseljarar og allemannseige. Den første boka, «Bukkene Bruse på badeland (2009), blei dramatisert og sett opp av Teatret Vårt i 2014, og året etter i ei ny dramatisering av Oslo Nye Teater og Riksteatret og blei ein megasuksess. Nå har Hålogaland Teater fått Bjørn F. Rørvik sjølv til å dramatisere den tredje boka i serien, «Bukkene Bruse begynner på skolen» (2017) som figurteater, og framsyninga er for lengst utseld og skal setjast opp att til hausten.
Dei tre sjarmerande bukkane, synleg dokkeført av Julia Bache-Wiig, Trude Øines og Kristine Henriksen, får ein dag brev frå rektor om at dei må begynne på skulen, og etter ein busstur til Melkebarten skule, er dei heldige og får den snille Harianne som lærar. Det er godt, for den minste bukken er smånervøs og lir av litt skulevegring, og i eit vakkert metagrep, går han ut av rolla og spør dokkeføraren, Kristine Henriksen, om ikkje ho kan hjelpe han. Det kan ho ikkje, men det går likevel bra heilt til bukkane blir tatt for å tisse på nokre blomar og blir sende til rektor. Det er alle elevars skrekk, og særs attkjenneleg. Og så syner det seg at det er trollet som er rektor. Utan å røpe meir, forstår vel dei fleste likevel korleis det går før den litt hyggelegare Fru Elgaker overtek som skulestyrar.
Bård Bjørknes har laga ei lun, triveleg og humoristisk framsyning, og med Christina Loverys fargerike scenografi og dokker er mykje av Gry Moursunds univers frå bildebøkene godt tatt vare på. Nyskriven musikk av Espen Mauno og Stian Weenås Vevik har mykje av den same humoristiske koloritten. Vi kunne nok gjerne ha sett eit troll som hadde litt meir å spele på enn berre å lage fotostatkopiar av rumpa si, men resten av menasjeriet er kostelege. Dei tre dokkeførarane gir oss truverdige og søte små bukkar, og Ellen Andreassen er høgt og lågt, og samstundes imponerande tydeleg som dokkeførar for alle dei andre figurane.
«Bukkene Bruse begynner på skolen» er blitt ei visuell, opplevingsrik og triveleg lita framsyning til stor glede for alle frå tre år og oppover.
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 20. mai 2025.)