Godt å bli fortalt til

TEATER

ENKELT OG GODT: Ei god historie og ein framifrå formidlar kan stundom vere nok til å skape god scenekunst. Det viste Per Egil Aske med sin Ibsenmonolog på Teatret Vårt. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

«Terje Vigen og Ibsens smådjevler»
Teatret Vårt, Storyville, Molde
Av: Henrik Ibsen
Regi: Kristian Lykkeslet Strømskag
Med: Per Egil Aske

Ei god historie og ein framifrå forteljar. Meir skal det ikkje til for å skape stor scenekunst.

Eg kjem stadig attende til at scenekunstens mor, opphavet til det heile, samlinga rundt leirbålet med den gode forteljinga framført av ein like god formidlar, – det er ikkje mykje som kan måle seg med det. Og det fekk eg syn for segn for i Molde då eg såg, eller opplevde er vel rettare, Per Egil Askes upretensiøse formidling av Henrik Ibsen, lyrikken og nokre av tekstane hans, og i tillegg Askes presentasjon av seg sjølv og eit langt liv som skodespelar.

Per Egil Aske er født i Stavanger i 1954, men hadde mesteparten av oppveksten i Midsund som nå er del av Molde. Etter skodespelarutdanninga var han først nokre år på Teatret Vårt i Molde før han kom til Trøndelag Teater i 1981. Frå 1986 har han vore tilsett på Nationaltheatret til han nyleg gjekk av med pensjon og flytta heim til Molde. Men 70-åringen har ikkje tenkt å leggje seg i pennalet riktig enno. I september i fjor framførte han Vidar og Erlend Sandems «Kongen av Veøy», ein kraftprestasjon av ein monolog som han hausta gode kritikkar for, og eg var ikkje noko unnatak. Og nå har han, saman med Teatret Vårts sjef, Kristian Lykkeslet Strømskag, tatt for seg nokre av Ibsens tekstar i nok ein monolog som dei har kalla «Terje Vigen og Ibsens smådjevler».

Henrik Ibsen er sjølvsagt mest kjend som dramatikar, for dei historiske dramaa, og særleg for notidsdramaa. Men han skreiv også både vanleg lyrikk og store lyriske verk. I ettertid var han visst ikkje sjølv så begeistra for lyrikken, og kalla dikta for sine smådjevlar. Men både «Peer Gynt» og «Brand» er i utgangspunktet skrivne som dramatiske dikt, og ingen av dei blei sett opp på ei scene før mange år etter publisering. Og helteeposet «Terje Vigen» er først og fremst eit dikt jamvel om det både er filmatisert og freista dramatisert.

På biscena Storyville i Molde er det ingen scenografi, berre ei nake scene, eit bord og eit glas vatn. Inn kjem Per Egil Aske og presenterer seg, og det sjølv om det godt vaksne publikummet truleg kjenner han særs godt. Og han framfører opningsscena i «Peer Gynt» der han formidlar både Peer og mor Åse. Med berre forsiktig og særs diskré fysisk spel får vi presentert ei historie dei fleste av oss kjenner nærast utanåt. Men når Aske let orda kome så tydeleg i sentrum, og tek seg gode pausar så orda skal få søkke inn, så blir Ibsens tekst som ny, og langt meir nyanserik. Det er diverre ofte slik at fysisk spel kjem i vegen for innhaldet, men denne kvelden blei alt tydeleg, for her var det orda som rådde grunnen.

Før Aske går vidare fortel han litt om seg sjølv og at han har spela teater i femti år. Og har openbert ikkje tenkt å gi seg. Han fortel vidare ein del om Ibsen og sine mange Ibsentolkingar der rolla som den unge Peer på Trøndelag Teater i november 1985 var den første hovudrolla. Det er heile førti år sia, men eg såg og melde faktisk den framsyninga, og av alle dei oppsetjingane eg har sett av Peer Gynt, er det denne eg hugsar best. Per Egil Aske var ein umåteleg spretten og levande Peer.

Etter dette vesle brotet, går Aske over frå opningsscena i «Peer Gynt» og heilt til mor Åses død. Framleis resiterer han båe rollene, og som med bukkerittet gir han oss på dette lågmælte viset ny innsikt i det som burde vere meir enn kjend stoff. Det er vakkert, vart og inderleg formidla og syner ei side av Peer som det er lite av i resten av dramaet.

Så blir det fleire Ibsenske anekdotar og litt vaksenopplæring. For kor kan diktaren ha henta inspirasjon til nokre av kystbyane, personane og miljøa han skildrar i drama som i til dømes «Rosmersholm» og «Fruen fra havet»? Deretter går Aske over til lyrikken. Henrik Ibsen gav ut berre ei diktsamling, «Digte» i 1871, og sjølv om presentasjonen til Aske av nokre av desse dikta var upåklageleg, må eg vedgå at eg forstår at Ibsen ikkje sjølv var like stolt av lyrikken sin som av dramatikken. Men i diktsamlinga hans var også «Terje Vigen» (1861), og det er eit dikt som framleis står seg. Framsyningas undertittel er «Hevn og forsoning», og det er akkurat det dette helteeposet frå nødsåra under Napoleonskrigane handlar om. Nok ein gong trudde eg det var kjend stoff, men enno ein gong gav Per Egil Askes intense framføring og forteljing ny innsikt og nye dimensjonar. Og med ein moral som i desse dagar er meir sentral enn på mange år.

Når du har ei god historie og ein framifrå forteljar, så er det ofte nok til å få ei minst like god teateroppleving som i store påkosta produksjonar. Det gav Per Egil Aske oss tydeleg prov på. Denne framsyninga er ei lågmælt og upretensiøs lita perle. Etter påske skal ho ut på turné i Møre og Romsdal, og det bør bli stinn brakke alle stader. Og det hadde ikkje vore meg i mot om denne enkle framsyninga fekk eit endå større publikum enn berre i heimfylket.

Leave a Reply