Når (alt?) kjem for ein dag

TEATER

LUKKA ROM: Ein av desse (eller kanskje fleire) er mordaren, men kven?
FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

«Mord over en lav sko»
Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
Studentersamfundet i Trondhjem, Sitatet
Av: Knut Nærum
Komponist: Kim Arvid Leon Tran
Regi: Nora Bugge Pasca
Scenografi: Marte Linnea Ness
Kostymedesign: Mari Tveit
Musikarar: Kim Arvid Leon Tran, Nora Elise Hjerpsted, Jonas Aasekjær og Simen Holtan
Med: Hedvig Malling Heitmann, Ingrid Marie Lunder, Sigrid Johansen Herseth, Jørund Fjose, Marie Hammergren, Johannes William Holmberg Wike, Hedvig Asp, Agnete Berge Skår, Agnes Scheel Melin og Isabel Eriksson

Ein humoristisk og respektlaus leik med krimsjangeren, full av overraskinga og masse metateater.

Det er ikkje alle amatørteater som greier å presentere to premierer på berre ei veke, men viraken og blesten etter framsyninga «Weltschmerz» i førre veke hadde berre så vidt lagt seg før Studentersamfundets Interne Teater (SIT) hadde premiere på nok ein produksjon. Denne gongen var det Knut Nærums «Mord over en lav sko», ein humoristisk parafrase over krimsjangeren med særleg adresse til Agatha Christie, og kanskje også litt til Arthur Conan Doyle. Med andre ord klassisk lukka rom, og deduktivt eleganteri frå etterforskarens side. I tillegg var dette den første framsyninga til SIT på Studentersamfundets nye biscene, blacboxen «Sitatet» i kjellaren i nybygget. Og både scena og det vi fekk sjå bestod eldprøva og vel så det.

Settinga er våren 1936 i patrisiarhuset Såleborg til den særs rike skoprodusenten Herr Platt. Eigedomen og nabolaget blir plaga av «Skuggen» ein gentlemansforbrytar som likevel skremmer vitet av folk. På Såleborg bur Platt og dei to ungane hans, hans personlege sekretær, ei hushalderske og etter kvart ein sjåfør. Og så dukkar det også opp eit par svigerborn in spe. Pluss sjølvsagt ein etterforskar. Men her er det faktisk to av dei. Eller var det tre? Utan at eg skal røpe så mykje av handling og intrige, skjer det sjølvsagt eit mord eller to og eit lite ran. Og så er det opp til dei som er att å finne ut kven som gjorde dette og kvifor. Dei som har spela «Mistenkt» vil kanskje tru at det er butlaren som har gjort det med ein dolk i biljardrommet, men det er nok ikkje så enkelt. Som alle god krimforfattarar legg Nærum ut ei rekkje spor i det dei ulike aktørane seier og gjer, men dei fleste er (som alltid) blindspor.

Eg er ikkje spesielt glad i krim og heller ikkje av den gamle sorten, same om helten heiter Miss Marple, Hercule Poirot eller Sherlock Holmes. Men når Knut Nærum herjar med sjangeren slik som i denne historia blir det noko heilt anna. Det er ein humoristisk leik med sjangerkonvensjonar og iblanda ei mengd overraskingar og eit vell av metateater.

Når SIT set opp denne krimparodien (for det er vel det det er), så har dei tatt Nærum på ordet og vel så det og dratt historia fleire hakk vidare. For ikkje berre har dei tatt godt vare på Nærums tørrvittige humor slik dei fleste kjenner han frå tida i «Nytt på nytt», ordspel og metateater, men dei har tatt det mange skritt vidare og lagt in ei rekkje overraskingar som ikkje ligg i Nærums manus. Eg skal halde meg frå å røpe kva det dreier seg om, for då vil eg øydeleggje mykje av opplevinga. Og at vi, sjølv etter å ha fått det heile oppklåra, ikkje var heilt visse på kven som var døde, og kven som var mordarar, gjer ikkje noko. Det viser berre kor samansett og kompleks denne framsyninga er.

På den nye biscena «Sitatet» har scenografen Marte Linnea Ness greidd å skape eit overraskande autentisk borgarleg interiør som også gir godt rom for spelet. Og dei tidsriktige og fine kostyma til Mari Tveit byggjer opp under det visuelle inntrykket. Nora Bugge Pasca har ikkje hatt nokon lett jobb som regissør, med heile ti aktørar på scena og eit spel der replikkane skal sitje som skot og timing er heilt avgjerande. Men det har gått overraskande bra. Ho har gitt god plass til humoren og naudsynte pausar, og dei mange skifta med entrear og sortiar går også overtydande godt. I tillegg har ho lagt inn både cliffhangarar artige brot, og fine overraskingar til publikum, der særleg den musikalske var ei sviske utan at eg skal røpe meir. Nærums tekst er leiken og full av metateater, og dette er også tatt særs godt vare på. Ensemblet på heile ti personar er både røynde folk eg har sett i fleire tidlegare produksjonar og nye aktørar. Men i hovudsak er dei tydelege og kjem godt frå tolkingane. God humor av denne typen fordrar god diksjon, presisjon og timing, og eit meir profesjonelt ensemble ville nok ha gjort dette litt betre. Men med ti amatørar og berre stutt prøvetid, var dette absolutt brukbart. Eg humra og kosa meg, og fann ut at krim kanskje ikkje er så ille lell. I alle fall ikkje når han blir herja med på eit så velspela, velregissert og intelligent vis som dette. Eg trur dei fleste vil finne glede i denne framsyninga som blir spela fram til 11. mars.

Leave a Reply