TEATER

«Gløs»
De Wangen Produksjoner og Trøndelag Teater
Av: Claire de Wangen og Cici Henriksen
Regi: Claire de Wangen og Cici Henriksen
Scenografi, lys- og lyddesign: Morten Henriksen
Med: Natalie Grøndahl Tangen, Maria Pontén, Jon Vegard Hovdal, Christian Eidem, Øyvind Brandtzæg, Marianne Meløy og Alexander Karlsen El Younoussi
Ei magisk vandring rundt i eitt av landets vakraste bygg, men der historiene som blir fortalde, diverre ikkje er gode nok.
Rett sør for Midtbyen i Trondheim, vis a vis Nidarosdomen, ligg Gløshaugen. Der opna Norges Tekniske Høiskole (nå NTNU) i 1910. Det var i ei tid då den unge nasjonen tok seg råd til å byggje institusjonsbygg for æva, for hovudbygget på gamle NTH er ein av dei vakraste bygningane i Trondheim. Mange er dei som har kome til Stiftsstaden for første gong, og trudd at det var Nidarosdomen dei såg. Og det er ikkje så rart, for arkitekt Bredo Greves konkurranseutkast heitte «Vis à vis Domkirken» og hadde tydeleg inspirasjon frå domen. Slik kneisar denne staselege bygningen som ein kunnskapens katedral og eit godt synleg landemerke over Trondheim.
I dette ikoniske bygget, der eg sjølv studerte for 50 år sia, blir det nå spela teater. På campusen som studentane i dag kallar «Gløs», har Trøndelag Teater invitert inn de Wangen produksjoner til å lage «stadspesifikt teater» i nettopp hovudbygningen. Gjennom fleire år har Claire de Wangen og Cici Henriksen spesialisert seg på denne særeigne sjangeren. Det spesielle med stadspesifikt teater, er at det tar for seg eit eksisterande bygg. Det kan vere alle typar bygningar, men sams er at det i veggane på desse bygga sit historier. Ved å ta publikum med på vandring gjennom kontor, korridorar og salar, bøttekott og klosett, møter vi aktørar som på ulike vis høyrer til her og som deler sine forteljingar. Og med eit aktivt og interessert publikum kan det oppstå spennande og uføresette situasjonar.
På «Gløs» startar vi i eit auditorium der vi, inndelte i fire grupper, skal vere med på eit seminar om fuglar. I teknologiens høgborg, og der førelesaren er ekspert på KI, går det sjølvsagt gale for han som skal styre teknikken (Alexander Karlsen El Younoussi). I staden blir gruppene våre sende rundt i det store bygget med kvar vår leiar. Slik blir det i røynda fire ulike forteljingar der publikum berre får ei, men små innblikk i dei andre ettersom gruppene stundom møtest. Aktørane er ein A-student (Natalie Grøndahl Tangen) som får barn og opplever at karakterane rasar, og som så får tilbod om å kjøpe ein master. Det er den evige student (Christian Eidem) som har halde på i ni år, bytta liner, men er mest oppteken av fest og moro. Det er leiaren for reinhald og vedlikehaldsavdelinga (Jon Vegard Hovdal), ein liten stat i staten. Og det er den svenske KI-forskaren (Maria Pontén) som slit med sine indre demonar. Midt oppi det heile er det ein edderkopp (Øyvind Brandtzæg) som spinner sitt økonomiske nett av innovasjon og forsking, og som er meir opptatt av tilpassing enn sanningssøking. Og institusjonen har sin eigen nærradio med ein kjenslevar og empatisk radiovert (Marianne Meløy).
For at slike framsyningar skal bli gode, må bygget sjølvsagt vere spesielt og historiene truverdige. Og så blir det best når publikum tek del og det blir interaktivt. På «Gløs» er scenografien fantastisk. Det er magisk å vandre rundt i dette bygget, i landets vakraste trapperom og i den mellomalderske «rådsalen». Sjølve vandringa er vel verd besøket åleine. Men forteljingane er diverre noko ujamne og tidvis for dårlege. Og gjennomgangsfiguren som meiner alt er til sals, er nok meir amerikansk enn ein frå norsk akademia. I ein slik situasjon er det diverre ikkje nok med gode skodespelarar.
På premierar er det ofte mange inviterte samfunnstoppar, og dei er ikkje kjend for akademisk respektløyse eller spontanitet. Så eg valde å sjå att framsyninga eit par dagar etter med eit meir vanleg publikum, og med ny gruppe. Det blei faktisk noko heilt anna, og langt betre. Om skodespelarane i større grad inviterer inn publikum, og publikum på si side blir med på leiken og let seg bruke, kan framleis magiske situasjonar oppstå. Det er i alle fall ikkje scenografien det står på.
(Ei litt forkorta utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen måndag den 24. mars 2025.)