TEATER
«Manual for Living Beings»
Vinterlysfestivalen, Mo i Rana
Av: La Mula (Andreu Martínez Costa og Magda Puig Torres)
Dramaturgi: Jorge Gallardo, Magda Puig og Andreu Martínez
Scenografi og lysdesign: Victor Peralta
Konstruksjon og mekanikk: Jan Erik Skarby og Tim Lucassen
Komponist: Erol Ileri Llordella
Med: Andreu Martínez Costa og Magda Puig Torres
Det spanske kompaniet La Mula syner med «Manual for Living Beings» at figurteater korkje treng figurar eller dokker.
Ein av dei mest interessante premierane under årets Vinterlysfestival i Mo i Rana, var det spanske kompaniet La Mula og deira produksjon «Manual for Living Beings». Det var ein co-produksjon med GREC Barcelona Festival og Figurteateret i Nordland. Den hadde urpremiere i Mo, blei vist eit par dagar etter i Bodø før den nå skal visast i Spania. La Mula er eit relativt nytt kompani med berre ein tidlegare produksjon, «Thauma» som eg ikkje har sett, men som hausta både pris og særs gode kritikkar i Catalonia i fjor. Men sjølv om kompaniet er nytt, er dei to som står bak La Mula, Andreu Martínez Costa og Magda Puig Torres, røynde innan figurteateret. Andreu Martinez Costa var med i både «Aske» og «Moby Dick» av det norsk-franske kompaniet Plexus Polaire.
I prinsippet er «Manual for Living Beings» eit figurteater, og scena er ei scene på scena (her er mykje metateater) der teppet går opp, forklarande tekstplakatar blir presentert, og vi sit og ventar på at dokkene, eller figurane om du vil, skal dukke opp, og det heile skal starte. Før vi etter kvart forstår at framsyninga for lengst har tatt til, og at dette både er litt annleis og ikkje minst eksperimentelt, men også særs leikent både i form og ikkje minst i innhald.
Gjennom ein handfull ulike tablå tek La Mula oss, slik tittelen indikerer, gjennom ei form for humoristisk og leiken brukarrettleiing til tilværet. Med andre ord eit særs ambisiøst prosjekt, men på same tid så nedpå og fullstendig upretensiøst. Det er denne motseiinga, eller vekslinga mellom det alvorlege som ligg i botn, og det leikne og humoristiske i uttrykket, som gjer denne framsyninga så spennande. I tillegg til alle overraskingane og at det på mange vis også er litt manipulerande. For medan vi sit og ventar på det verkelege figurteateret og at noko skal skje, oppdagar vi litt om senn at i den grad nokon er dokker her, så er det publikum. Det er vi som er marionettane som blir, rett nok berre med auga, førte hit og dit av La Mula. Om dette er uforståeleg for deg som les denne meldinga, så er det medvite, for å skrive meir eksplisitt ville ha vore å drive røpealarm og øydelagd opplevinga og alle overraskingane.
I tillegg til det eg har skrive over, er også produksjonen teknisk imponerande. Undervegs forstår vi at det er ein komplisert scenerigg med eit utal snortrekk, men det er først under demaskeringa mot slutten at vi forstår korleis det heile heng saman, og at dei to aktørane, Andreu Martínez Costa og Magda Puig Torres, som vi ikkje ser undervegs, faktisk ikkje ser kva som skjer på scena, men styrer det gjennom eit innvikla nummersystem og diverse måleband. For verkeleg å nyte denne framsyninga, bør du difor ta deg tid til å sjå nærare på riggen før du forlèt salen.
«Manual for Living Beings» er sjølvsagt figurteater, men heilt annleis enn det vi er vande med. Her er det ikkje dokker eller figurar, men orda som skapar bilde og assosiasjonar, og vi får ei innføring i at også språket verkar inn på korleis vi oppfattar tilværet. Det er difor heilt korrekt å nytte nyordet «figordteater» om denne framsyninga som eg håpar La Mula vil kome attende til Norge med etter kvart.