Bak fabrikkens fasadar

TEATER

VIKTIGAST?: Resepsjonisten Lillian (Hege Hvidsten) er førsteinntrykket av verksemda, og dermed viktig. FOTO: MORTEN BENDIKSEN
 

«Særp Tropez (Pappen)»
«Pappen, Sarpsborg Papp, Sarpsborg
Av: Cici Henriksen og Claire de Wangen
Produsert av Særp Tropez Produksjoner og de Wangen Produksjoner.
Co-produsert av Østfold Internasjonale Teater
Regi: Cici Henriksen og Claire de Wangen
Kunstnarleg leiing: Cici Henriksen, Morten Bendiksen og Claire de Wangen
Lysdesign, scenografi og foto: Morten Bendiksen
Lyddesign: Håvard Gressum Antonsen
Med: Tove Lademoe Andersen, Sami Ansari, Nosizwe Baqwa, Erik Braatnes, Fela Castro, Aileen Ingvaldsen Hexeberg, Hege Hvidsten, Gunni Jordfall Johansen, Kenneth Mäenpää Lorentsen, Line Martinsen, Leon Aleksander Mellemsæther, Viktor Nordstrand, Gaute Askild Næsheim, Johanne Marie Pettersen, Madeleine Fredstad Røseth, Hedda Sandvig, Paal Schøyen, Thomas Stene-Johansen, Patrik Stenseth, Gerd Sørensen, Martin Øvrevik og eit femtitals statistar og vaktar.

Når ein blasert meldar som til vanleg hatar å bli dregen inn i handlinga i interaktivt teater, med eitt finn seg sjølv som aktiv deltakar, og likar det, er vel det meste sagt om i kor stor grad denne produksjonen lukkast.

I fjor starta scenekunstnaren Cici Henriksen eit samarbeid med Østfold Internasjonale Teater om å lage tre stadspesifikke og interaktive framsyningar i ulike bygningar i heimkommunen hennar, Sarpsborg. Det resulterte i «Særp Tropez (Fengselet)» i november i fjor, ei framsyning som var ei form for guida tur gjennom det nyleg nedlagde Sarpsborg fengsel. Eg fekk diverre ikkje høve til å sjå den produksjonen, men han fekk strålande kritikkar og blir framleis snakka om i Sarpsborg. Noko av det spesielle med Cici Henriksens arbeid, og særleg det banebrytande arbeidet ho har gjort med SPKRBOX, er at ho har greidd å få nye publikumsgrupper til å kome til teateret. Slik var det så avgjort også med fengselsproduksjonen i fjor. Så då det i vår blei klart at ho i årets produksjon skulle samarbeide med de Wangen Produksjoner, truleg det teaterkompaniet som har arbeidd mest med det stadspesifikke teateret i Norge, var eg rask til å tinge billett til Sarpsborg.

Denne del 2 av Særp Tropez-trilogien har undertittel «Pappen», og er lagt til nettopp «Pappen». Sarpsborg Papp blei skipa i 1914, og frå 1918 har verksemda halde til i lokala i Olav Haraldssons gate under ulike namn som Sarpsborg Pap & Papirindustri, Sarpsborg Papp, Peterson Emballasje og meir til, men blant folk i Sarpsborg har den berre heitt «Pappen». For fem år sia var det slutt, verksemda blei flytta til Halden, og der dei gamle industrilokala nå ligg, skal det etter kvart bli eit nytt bustad- og næringsområde. Men i mellomtida står dei meir enn 60.000 m² store (ja, du las rett!) fabrikklokala der. Dei er tomme, men rom og veggar er fulle av historier, og dette er det Cici Henriksen og Claire de Wangen har nøsta opp i med framsyninga «Særp Tropez (Pappen)», som hadde premiere torsdag.

Vi blir tatt i mot som gjestar på det som i denne framsyninga ikkje er heilt avvikla ennå, men under avvikling. Vi blir delte i grupper og får kvar vår guide. Sjølv hamnar eg i «gjengen frå Skjeberg», og til saman er det rundt 140 publikummarar i ulike grupper, fordelt etter kva for nærliggande område vi «kjem» frå. For vi er ikkje publikum, men i utgangspunktet gjestar som skal feire vår gode venn Reidar (Paal Schøyen) som har arbeidd på Pappen i femti år. Det blir overraskingsselskap, nokre kleine talar, og ein hyllestsong som er endå kleinare, før vi forstår at for 17 år sia skjedde det ei alvorleg ulukke på denne fabrikken, ei hending som framleis ligg uforløyst over heile arbeidsmiljøet. Så blir vi etter kvart tatt med på ein rundtur i fabrikken, ei vandring som tok to og ein halv time, og som var full av episodar, anekdotar og opplevingar. Ingen av oss fekk same vandringa eller historia, men med ein sinnrik logistikk trur eg vi likevel vi i hovudsak fekk same historia, eller delar av den.

LO HEILE VEGEN: Leiinga (Hedda Sandvig og Patrik Stenseth) som freista å lure dei tilsette FOTO: MORTEN BENDIKSEN
 

Vi som «kom» frå Skjeberg starta der det var naturleg for ein gjest, i resepsjonen. Der møtte vi Lillian (Hege Hvidsten) som meinte ho jobba på den viktigaste plassen i verksemda. For ho var jo den alle møtte først, og slik sett den som skapte førsteinntrykket. Men bakom den litt sjølvgode mina, fann vi ei høgst usikker dame med lengt og draumar, men ein kvardag som ikkje gav henne det ho ønska seg. Og så gjekk vi vidare, møtte ulike tilsette og minst like mange lagnadar, motseiingar, konfliktar, anekdotar og opp- og nedturar, kanskje mest det siste. Det vil seie alle sider ved eit arbeidsliv. Og midt oppi alt saman, to av leiarane av verksemda (Patrik Stenseth og Hedda Sandvig) som på slutten av det heile freista å utnytte alle dei løynde motseiingane til å sko seg sjølve.

Ein slik stor papirfabrikk, og spesielt ein som har vore i drift i meir enn hundre år, er eit lite samfunn i seg sjølv, ei form for levande organisme med sine eigne kodar, reglar, dynamikk og meir til. Desse bygningane har vore ein stor del av livet, også det sosiale livet, til fleire generasjonar. For det var ikkje uvanleg at ungane følgde i foreldras fotspor, starta med sommarjobb, fekk etter kvart fast jobb i mange år før dei blei aktive i ei pensjonistforeining, – om dei fekk leve så lenge. For slike verksemder bygde ofte opp sosiale institusjonar rundt bedrifta, som ulike lag, men også feriestadar. For Pappen var det «campingen», feriestaden der alle tilsette hadde ein andel. Til liks med til dømes systerverksemda Ranheim utafor Trondheim, som hadde ei eiga ferieøy inst i Trondheimsfjorden. Slik blei livet til dei tilsette, også fritida og det sosiale, knytt tett til verksemda. Det var sjølvsagt eit sosialt gode, men skapte også ei tilknyting som bant arbeidarane til verksemda. Alt dette er overraskande godt tatt vare på, og her må det ligge verkeleg gode undersøkingar til grunn. Samstundes er alle desse forholda skildra så subtilt, utan å vere eksplisitt, men gjennom undertekst og indikasjonar. Dei ulike historiene og lagnadane er tett samanvovne, som om dei tilsette verkeleg var i slekt og ein stor familie. Dette er godt fortald og formidla, men historiene i seg sjølv er ikkje alltid like gode, og dei kunne nok ha vore arbeidd litt meir med. Men der Cici Henriksen og Claire de Wangen kunne ha spissa dei ulike forteljingane meir, er dei til gjengjeld særs dyktige til å iscenesette dei.

SYSKENPARET: Godt samspel og fin kjemi med publikum frå Christel og Karl-Simon (Madeleine F. Røseth og Thomas Stene-Johansen). FOTO: MORTEN BENDIKSEN
 

Denne produksjonen er eit halsbrekkande tiltak. Vi er rundt 140 publikummarar, men mellom 70 og 100 skodespelarar, statistar og vaktar. Vi blir førte på ei 2,5 km lang vandring i nesten tre timar gjennom meir enn 60.000 m² fabrikklokale. Det er tablå på tablå, gruppene møtast og går vidare, og logistikk, lyd- og lyssetting skal fungere saumlaust og synkront. Og det gjer det. Inga venting, alt berre glei framover. Det var nok det mest imponerande ved denne produksjonen. Men også mykje av spelet og personinstruksjonen. Når vi går frå situasjon til situasjon, møter alle dei ulike aktørane, og dette i tillegg skal vere interaktivt, set det store krav til skodespelarane som sjølvsagt må improvisere på bakgrunn av våre reaksjonar. Eg vil tru alle i publikum hadde forskjellige og heilt unike opplevingar, og sjølv om det sikkert ar mykje eg ikkje fekk del i og sett, fekk eg likevel eit fullgodt blikk attom fasaden i verksemda, og forholda mellom dei tilsette. For meg var det særleg eit syskenpar (Madeleine F. Røseth og Thomas Stene-Johansen) som eg stadig kom attende til, og der samspelet mellom dei, og ikkje minst kjemien med publikum, var upåklageleg.

DOP ELLER GODLUKT: Sebastian (Leon Aleksander Mellemsæther) blei mistrudd av far sin, og denne meldaren let seg villig bruke. FOTO: MORTEN BENDIKSEN

Og så blir ikkje interaktivt teater godt utan at publikum tek skikkeleg del. Eg må vedgå at eg ikkje alltid likar å bli del av handlinga, men i «Pappen» fann eg meg med eitt som aktiv og engasjert hjelpar til Remi (Gaute Askild Næsheim). Når fabrikken skulle leggast ned, skulle han og kona Amina (Nosizwe Lise Baqwa ) flytte til USA, men Remi var uroa for sonen Sebastian (Leon Aleksander Mellemsæther) som skulle vere att i Sarpsborg, og som heldt på med eit luktprodukt faren trudde kunne vere dop. Plutselege oppdaga eg at eg var blitt del av forteljinga då eg tok til å fritte ut Sebastian om oppfinninga hans. Utan eigentleg å ha reflektert over det, gjekk eg rett inn i handlinga, ei rolle eg ikkje liker, og som eg vanlegvis held meg langt frå. At eg gjorde det, seier vel det meste om korleis Cici Henriksen og Claire de Wangen hadde løyst oppgåva si.

Leave a Reply