Mat til fantasien

TEATER

SVIKAREN: Edmund (Isak Holmen Sørensen) lèt seg forføre og lure av den kvite heksa (Ingrid Bergstrøm) og hoffet hennar, og blir slik ein forrædar for syskena sine. FOTO: VEGARD EGGEN

«Narnia – løven, heksa og klesskapet»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: C.S. Lewis
Dramatisert av: Glyn Robbins
Regi: Erlend Samnøen
Scenografi: Dagny Drage Kleiva
Kostyme: Åsa Gjerstad
Komponist og lyddesign: Gaute Storsve
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Marte M. Steinholt, Isak Holmen Sørensen, Natalie Grøndahl Tangen, Snorre Ryen Tøndel, Ingrid Bergstrøm, Ragne Grande, Jo Saberniak, Arturo Scotti, Tor Ivar Hagen, Sunniva Du Mond Nordal, Hans Petter Nilsen, Kine Bendixen og Thomas Jensen Takyi.

Trøndelag Teater har ikkje spart på noko i ein spektakulær presentasjon av draumelandet Narnia.

Dei sju bøkene C.S. Lewis skreiv om fantasilandet Narnia på første halvdel av 1950-talet, har fascinert og undra fleire generasjonar med barn. Ettersom dette er bøker der lesarane må skape seg sine eigne bilde, er det ikkje alltid like enkelt å dramatisere dei, for då mistar ein fort publikums individuelle fantasering. Når Trøndelag Teater likevel har vald å setje opp «Narnia – løven, heksa og klesskapet», den første av bøkene til Lewis (1950), så gjer dei det med ei storslått hovudsceneoppsetjing. Og dei gjer det med scenografi og kostymedesign som er så spektakulær at det gir rikeleg høve til vidare fantasering og innleving.

Lewis tar oss attende til andre verdskrigen i England og bombinga av London. Ungar blir evakuerte for å kome i tryggleik på landet, og dei fire syskena Lucy, Edmund, Susan og Peter blir sende til eit stort, gamalt hus der ein professor og hushalderska hans bur. Der blir dei installerte på eit soverom og med streng formaning om korleis dei skal oppføre seg. Men ungar er ungar, og dei fire vil sjølvsagt utforske huset. Når dei går inn i soverommets gedigne klesskap, fylt av gamle pelsfrakkar, syner det seg at bakveggen er borte, og så kjem dei ut i eit kaldt og kvitt vinterlandskap. Det er landet Narnia der den vonde, kvite heksa (Ingrid Bergstrøm) regjerer. Ho har avskaffa årstidene og det er vinter heile året. All opposisjon gjer ho om til steinstøtter.

FAUNEN: Lucy (Marte M. Steinholt) blir oppvarta av faunen Tumnus (Jo Saberniak), noko han må betale dyrt for. FOTO: VEGARD EGGEN

Dei to yngste syskena, Lucy (Marte M. Steinholt) og Edmund (Isak Holmen Sørensen), har rukke eit besøk til Narnia før dei får med seg dei to eldste (Natalie Grøndahl Tangen og Snorre Ryen Tøndel). Lucy møtte då den hyggeleg faunen Tumnus (Jo Saberniak) som etterpå må betale dyrt for kontakten sin med eit menneske. Medan Edmund trefte heksa og lèt seg både lure og forføre av henne slik at han blir ein forrædar når heile syskenflokken etter kvart set ut for å finne og redde faunen. Dei første dei møter er ein kosteleg beverfamilie (Tor Ivar Hagen og Sunniva Du Mond Nordal) som kan fortelje at løva Aslan (Ragne Grande), den verkelege kongen, er på veg attende, og at ho planlegg å møte syskena ved ein stor stein for å hjelpe dei. Men Edmund forlèt dei, tek seg til heksa, røper alt, og så er vi i gang. Det blir eit skikkeleg oppgjer, faktisk eit lite slag, og ettersom dette i botn er ei historie om kampen mellom det gode og det vonde, går det sjølvsagt godt til slutt. Men vegen dit er full av overraskingar og mellombels tilbakeslag. Og i tillegg ikkje så reint lite skummel.

Dagny Drage Kleiva har laga ein scenografi som er illustrerande og tydeleg, men som likevel gir mykje att til fantasien. Det er lenge sia eg har sett ei oppsetjing med så aktiv bruk av snorloft. Det er godt gamaldags kulisseteater der teaterets målarar har fått boltre seg i snøtunge grantre, spektakulært slott og mykje meir. Slik blir scenografien ei eventyrverd og ei oppleving i seg sjølv. Det same gjeld i høgste grad kostymedesignen til Åsa Gjerstad som ikkje har spart på noko. Kleda er fantasi- og fargerike, og maskeringa av dei mange ulike vesena i Narnia er små kunstverk. Særleg imponerande er heksas hærførar Maugrim (Arturo Scotti). Slik greier Kleiva og Gjerstad å utløyse fantasien hjå ungane i salen i staden for å presentere ferdigtogne bilde. Saman med Eivind Myrens lyssetjing blir det mana fram store og magiske tablå.

Skodespelarane leverer utan unnatak solide prestasjonar, og det er spesielt mykje å gle seg over i det fysiske spelet for å illudere alle dyra i Narnia. Dei fire småsyskena er akkurat passe undrande menneskebarn og blir formidla truverdig og godt. Særleg er Isak Holmen Sørensen overtydande som den svikefulle Edmund som sjølvsagt også greier å gjere det godt att mot slutten.

Historia til Lewis har sterke religiøse og bibelske undertonar. Edmunds svik er som Judas, og løva Aslan ofrar seg som ein Jesus og går i døden for dei andre. I tillegg er det endelege oppgjeret mellom det gode og vonde nærast som ein heilag krig. I Erlend Samnøens opplevingsrike regi er desse aspekta nedtona, og dei blodige og ganske brutale slaga er sterkt stiliserte. Det er gode val. Men i teksten ligg det også ei rekkje profetiar som kan forklåre roller og handling, og desse er ikkje alltid like enkle å forstå. I første akt gir Samnøen oss ei nydeleg og godt fortald opplevingsreise inn i ei draumeverd, medan andre akt i litt større grad blir ein transportetappe der alt skal skje. Men han greier å samle det heile i ein vakker, og for dei som ikkje har lese boka, overraskande finale.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 19. oktober 2024.)

Leave a Reply