Enklast å teie

TEATER

MISTRU: Avdelingssjukepleiaren Bjørg (Elisabeth Matheson) reagerer først med sinne på varsla frå Rigmor (Ingunn Beate Strige Øyen) og Liv (Line Heie Hallem) FOTO: ØYVIND MALUM, WOW MEDIALAB

«Mistanken»
Turnéteatret i Trøndelag
Av: Nina Wester
Regi: Nina Wester
Scenografi og kostyme: Daniel Åkerström Steen
Lyddesign: Kenneth Aksnes
Lysdesign: Geir Ola Brattaker
Med: Line Heie Hallem, Ingunn Beate Strige Øyen, Elisabeth Matheson og Tore B. Granås

Eit intenst og gripande teater om kostnadane ved å våge å varsle.

Regissøren og dramatikaren Nina Wester har dei seinaste åra revitalisert det politiske dokumentar-teateret. For dei siste tre produksjonane ho har skrive og regissert («Utvik Senior» i 2021, «Idiot!» i 2022 og «Å leve videre» i 2023), har ho på berre tre år fått fire Hedda-nominasjonar og av dei to prisar. Uredd har ho gått inn i vanskelege og traumatiske saker, gjort grundige undersøkingar og greidd å skape balanserte og velspela framsyningar. Slik er det også med årets produksjon, «Mistanken» på Turnéteatret i Trøndelag.

Denne gongen går Wester attende, til «Nesset-saka» på Orkanger der sjukeheimsstyraren Arnfinn Nesset i 1983 blei dømd for drap på 22 pasientar på Orkdal Sjuke- og Aldersheim. Nesset fekk lovas strengaste straff og slapp fri frå soning i 2004. Saka fekk ny aktualitet i sommar då NRK laga ein podkast og mellom anna intervjua den nå 87 år gamle Nesset som har trekt attende alle tilståingane sine og meiner han blei uskuldig dømd.

I «Mistanken» blir Nesset aldri nemnt med namn, og vi berre anar han som ein skugge i sjukeheimskorridoren. Wester har, med drapssaka som eit bakteppe, vald å konsentrere seg om varslarane. Det er eit særs godt val, og her har ho, på bakgrunn av intervju og grundige undersøkingar, skildra kva som ofte skjer for dei som er rettskafne nok til å varsle om mogelege lovbrot. Det er diverre ikkje utan kostnadar å varsle, og det enklaste er å la vere. Det gjekk meir enn tre år frå dei første varsla kom, til styraren blei arrestert. Og kva varslarane måtte tole av hersketeknikkar og påstandar om slarv i desse åra, er ikkje lite.

Daniel Åkerström Steens scenografi er særs illustrerande, og får effektivt og tydeleg fram eit 70-tals sjukeheimsinteriør der det er rom for både sjukeseng, pauserom, medisinrom og korridor. Her møter vi i ein prolog pleieassistenten Liv (Line Heie Hallem) som førti år etter spør seg kvifor vi skal rippe opp i dette nå. Kvifor skulle nokon tru henne i dag, når dei ikkje gjorde det før? Så er vi attende til 70-talet då den unge Liv har sin første arbeidsdag på sjukeheimen, og blir møtt av avdelingssjukepleiaren Bjørg (Elisabeth Matheson) og hjelpepleiaren Rigmor (Ingunn Beate Strige Øyen). Vi får innblikk i eit hektisk arbeidsmiljø, daglege rutinar, kaffipausar, småprat og litt humor. Liv er den unge, sårbare, kanskje naive, men sanningssøkjande. Rigmor den pragmatiske og meir røynde med galgenhumor og skarpe kommentarar, og Bjørg er den stramme og autoritetstru avdelingssjukepleiaren. Alle er oppdikta, men illustrerande og godt portretterte personar, overtydande framført av dei tre. Tore B. Granås er «alle dei andre», – tilsynslegen, ein pasient, styreformannen og forsvararen i rettssaka, og greier utan store klesskift å framstille dei alle tydeleg og klårt.

Så følgjer vi dei tre kollegaene frå Liv får dei første mistankane, før Rigmor etter kvart også ser det same. Men der varsel til Bjørg blir møtt med hersketeknikk, sinne og påstand om slarv. Før også Bjørg etter lang tid ser kva som skjer. Men varsling til tilsynslege eller styreleiar er fåfengt, og i mellomtida dør pasientane. I desperasjon bryt Liv etter meir enn tre år teieplikta og ringer avisa Nidaros. Og resten er historie. Men ikkje for varslarane. Vi ser korleis uskuldige helsearbeidarar blir brutalt grilla av forsvararen i retten og korleis slarv og bygdedyr kan skremme dei fleste. Samstundes som varslarane også plagast av skuldkjensle for ikkje å ha gjort nok. Til vi i ein epilog er attende i dag der Liv på klokt og ettertenksamt vis reflekterer over det heile. Var det verdt det?

I etableringa av situasjonen tenkjer eg at dette kanskje blei i overkant mykje dokumentar og lite teater, men når det tetnar til og vi kjem nær på og under huda på dei tre kvinnene og deira tankar om rett og tvil, er dette eit intenst og gripande drama av beste slag. Bakteppet er svart, og historia om varslarane er eit overtydande og innsiktsfullt prov på kvifor nesten halvparten av oss vel å teie i staden for å varsle. Men trass i alvoret har Wester også greidd å skape ei framsyning med mykje varme og lun kvardagshumor.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 14. oktober 2024.)

Leave a Reply