TEATER
«Kill Devil»
Kilden teater og konserthus, Intimsalen
Av: Petter Width Kristiansen
Regi: Petter Width Kristiansen
Scenografi: Kjersti Alm Eriksen
Illustrasjonar: Håvard Steensen
Bilde- og manusutvikling: Pelle Ask
Lyddesign: Simen Hefte
Lysdesign: Vitor Mendes
Med: Pelle Ask, Laura Christina Brøvig Vallenes, Petter Width Kristiansen og Kjersti Alm Eriksen.
Ei framsyning som vil så mykje, men som druknar i form og uferdig framføring.
Det er eit svært ambisiøst prosjekt som ligg bak «Kill Devil» som nå blir vist i Kilden teater og konserthus i Kristiansand. Regissøren og skodespelaren Petter Width Kristiansen har ønska å løfte fram og problematisere i kor stor grad Norge var ansvarleg og tok del i slavehandelen og koloniseringa av Dansk Vest-India (i dag Dei amerikanske Jomfruøyane) i tida 1670 til 1802. Til dette har han vald å nytte skuggeteater, ei gamal teaterform der bilde ved hjelp av baklys blir projiserte som skuggar på ein skjerm. I den vesle intimsalen til teateret er det bygd opp ei scene som eit titteskap, og der scenefronten er ein kopi av inngangsportalen til den norske paviljongen på verdsutstillinga i Paris i 1889. Bak scena er det laga ein omfattande og sinnrik rigg med snortrekk, stillas, figurar og ikkje minst eit utal flotte og illustrerande teikningar av Håvard Steensen.
Men så snart framsyninga tek til, ser vi at det diverre blir med dei store orda i programmet. Tematikken, og det som skulle vere innhaldet og vel verd å problematisere og iscenesette, druknar rett og slett i form i ei framsyning som er uferdig, alt for lang, og i beste fall ei skisse av kva dei ønska å få til. Teikningane til Håvard Steensen er framifrå, og ein del av skuggespelet fungerer også godt og illustrerande, men resten held ikkje mål.
Det tek til med ei teikning av eit norsk nasjonalromantisk bygdemiljø med stabbur og ei kvinne som bles i prillarhorn før vi blir leidde vidare til skipsfart, trelasthandel, sukkerhus, fiskeri og gruvedrift, til Vest-Afrika og så til dei tre koloniøyene St. Croix, St. Jan og St. Thomas. Meininga er sjølvsagt å knyte slavehandelen og kolonialismen til norsk næringsverksemd i einevaldstida. Og for alt eg veit, kan det vere mangt å diskutere i dette, men framsyningas argumentasjon og prov er diverre ikkje spesielt overtydande.
Langt verre er det med den tekniske gjennomføringa. Det blir stadig vekk lese frå ulike historiske dokument. Men med eit alt for høgt generelt lydbilde, og med opplesarar som snublar i orda og i tillegg har dårleg diksjon, er det vanskeleg å få med seg innhaldet. Lenge trudde eg at det var vald ei medvite naivistisk presentasjonsform, men eg forstod etter kvart at det rett og slett dreidde seg om sviktande framføring. Midtvegs i framsyninga tek scenearbeidarar til å demontere kulissene og scenefronten slik at vi kan sjå alt det sinnrike på bakscena. Dette er eit interessant grep, men tek alt for lang tid, og fungerer ikkje heilt i samsvar med kva eg trur dei vil oppnå. Etter denne demonteringa blir det rigga opp ein gamaldags overheadprosjektor der Petter Width Kristiansen viser transparentar med kart og teikningar, men presentasjonen er nesten pinleg rotete og famlande.
Eg plar rose regissørar som tek seg god tid for å ha tillit til publikum. Men det er ei grense for alt. Denne framsyninga har midtvegs eit tablå som kan illudere eit stormfullt hav. Og i finalen er det eit tilsvarande der vind og storm, og tidas tann, etter kvart riv i sund segla på seglskipa. Symbolikken er tydeleg, men det varar alt for lenge.
Med ambisjonane, undersøkingane som ligg bak, skuggeteaterforma og ikkje minst alt det intrikate på maskineriet på bakscena, kunne dette ha blitt ei interessant framsyning, og kanskje eit godt grunnlag for vidare diskusjon om temaet. I staden blei det diverre ei langdryg og særs uferdig oppsetjing som langt frå var premiereklår.
(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 26. oktober 2024.)